Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Lite trögläst på en del ställen, men dock väldigt bra. Läste den svenska översättningen "Vart tog den söta lilla flickan vägen?".

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Spennande, veldig spennande! Minner litt om Milleniumsbøkene, og passa absolutt som strandlektyre!
(Kjem til å skrive meir utførlig om boka seinare.....)

Sterke kvinner...

Sidan så få har denne i boksamlinga si, så var forventningane svært moderate. Tenkte kanskje den kunne passe som lett tidsfordriv under ein parasoll i sola.
Var derfor heilt ubudd på at dette er velskriven spenning!

Yi Young er ei kinesisk jente som ufrivillig vert sendt til Sverige som tenåring. Ho blir lova eit godt liv der med utdanning og alt anna ho treng. Det er berre det at ho får så mykje meir – eller rettare sagt: Ho misser så uendelig mykje!
Ressurs-sterk som ho er, blir ho dokumentarfilmskapar, og ho bestemmer seg for at det svenske folket skal få vite sanninga om henne og alt ho har opplevd. I beste sendetid kjem første episode – og på ein svært spesiell måte legg ho ut sekvensar som indirekte fortel om kjønnslemlesting, menneskesmugling, kyniske kommersiale selskap og styresmakter som trekkjer på skuldrane og ikkje ser....

Reportasjen får så store konsekvensar at ho må gå under jorda. Ho må stoppast for ein kvar pris. Ho tek kontakt med teatermannen Viggo Sjøstrøm som motvillig vert hennar hjelpar. Han får møte eit samfunn som er svært så rått og brutalt – meir enn han nokon gong kunne ha tenkt seg det.

Dette er både god og spenningsfylt lesnad. Meir enn 660 sider vart gjort unna på to solfylte dagar – det seier sitt! Hadde planlagt å legge att boka på hotellet, men den vart med i kofferten heim – det er ikkje ofte eg les krimbøker meir enn ein gong, men ser ikkje bort frå at denne toler ein gong til.

Yi Young er både modig, sterk og redd, men lysta til hemn er sterkare enn frykta. Hennar forbilde er den svarte kvinna Rosa Parks som nekta å reise seg for dei kvite på bussen. Når det er sagt, så minner kinesiske Yi Young aldri så lite om Lisbeth Salander!
Terningkast: 5
(Utfyllande omtale lagt til 21.07.13)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

gretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KEllen E. MartolPiippokattaReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethOleMorten MüllerTanteMamieLilleviAvaTine SundalHilde Aa