Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Etter å ha lest anmeldingar av denne bokserien hadde eg skyhøge forventingar, og då den endeleg vart ledig på biblioteket, var eg så lykkeleg som lykkeleg kan bli.

Dei første par sidene av den første boka var interessante. Så begynte eg å lure. Då den første boka var over, tenkte eg, ok, dette skal i følge fleire kjelder vere den beste av dei ti bøkene - gjekk eg glipp av noke? Er den manglande entusiasmen min eigen skuld, leser eg kanskje 'feil'? Nei, det må vere noko meir som kjem. Det blir sikkert betre etter kvart. Så eg tok til på bok to.

Det er no side 148, ein tredjedel uti andre boka, og tanken på å lese ut resten av shaiten (over 1200 sider) er så avskrekkande at kaldsvetta kjem krypande.

Dobbeltsjekk på amazon. Det var der dei blomstrande anmeldingane låg, dei som først lokka meg uti denne fella. Eg skipper forbi alle fem- og firestjerners, går rett til bunns, og der, rundt ein og to stjerner, finn eg omsider eit språk eg kan forstå. Dvs anmeldingar skreve av folk som ser ut til å ha lest den same boka som meg, tapre pionerar som har kjempa seg gjennom til siste slutt utan å kome utav det med stort meir enn kva eg sit med no.

Ei stor vekt lyftast frå mine skuldre, og eg legg herved boka frå meg. (Og skriv ei anmelding til skrekk og advarsel for andre bokelskere.)

Boka får to stjerner fordi konseptet i det minste var interessant, sjølv om gjennomføringa er på nivå med skribling på ein pult på ungdomsskulen. Det er ganske trist eigentleg. Det KUNNE blitt ei helsike av ei historie.

(For meir inngåande anmelding enn denne ranten, les ein- og to-stjerners anmeldingane på amazon.)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tine SundalSigrid Blytt TøsdalJohn LarsenTor Arne DahlRune U. FurbergAlice NordliAnn ChristinLeseberta_23BertysiljehusmorStig TBjørn SturødMonica CarlsenInger-LiseGrete AmundsenKjell F TislevollTorill RevheimLisbeth Marie UvaagMarianne MHilde VrangsagenWilliam BillisonSraDevoralibrosBeathe ArnesenReidun SvensliMarit AamdalTor-Arne JensenNora FjelliBjørg RistvedtSolBookiacVibekeSigrid NygaardTone Maria JonassenLailamgeDolly DuckKetilDemeterEvaJulie Stenseth