Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dette var ein av dei største positive lese-overraskingane dette året. Rett og slett fordi fleire av dei tidlegare omtalane meir enn antydar at boka er kjedeleg, medan eg sjølv endte opp med å like den veldig godt. Ikkje godt nok til å trille ein 6’ar, men ein stødig 5’ar er godt i overkant av det eg venta då eg åpna boka.

Hovudpersonen og forteljarstemma er Jacob, ein rastlaus og i praksis foreldrelaus ungdom som kjem attende til Oslo etter å ha seilt ute. Han har opplevd mykje i fohold til jevnaldringane sine i Oslo, og ser på ein måte litt ned på dei andre. På den andre sida slit han med å passe inn, og spesielt etter at han blir kjend med, og forelska i, vestkantjenta Line. Her kjenner han på mindreverdigheitskompleks i forhold til omgangskrinsen hennar. Etter kvart som handlinga skrid fram så blir tonen i boka litt mørkare, og dei mindre sympatiske sidene ved Jacob blir tydelegare.

Boka vakte harme då den kom ut, delvis på grunn av sex-skildringar og delvis fordi vestkant-ungdom blei framstilte som uansvarlege party-løver. Ein kan trygt seie at terskelen er ein annan no enn i 1959. Boka er filmatisert (1961), med Toralv Maurstad som Jacob og Margarete Robsahm som Line. Heile filmen, med engelsk teksting, er å finne her. Eg har ikkje lest noko av Aksel Jensen før, men kan fort finne på å plukke opp fleire av bøkene hans dersom høvet skulle by seg.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Astrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekEllen E. MartolStig TMads Leonard HolvikSynnøve H HoelHarald KIreneleserTove Obrestad WøienFindusHanne Kvernmo RyeBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11mgeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaske