Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Tja, kvar skal ein starte? Samanlikne med malarkunst, kanskje? Har de sett bileta av Hieronymus Bosch, som levde om lag på same tid som Rabelais? Det mest kjende er Lystenes hage. Eit anna er Dommedag (motivet til omslaget til Kjartan Fløgstad sin Kniven på strupen er for øvrig henta herifrå). Til den som måtte sveve i den villfarelsen at kunsten var meir anstendig og aktverdig på denne tida: Sjå nøye på detaljane i desse bileta. Har du framleis ikkje endra meining, les Rabelais.

Desse to bøkene kom ut i høvesvis ca. 1532 og 1534. Den første, Pantagruel, handlar om ei kjempe som har dette namnet, alle storverka han gjer, og det er ikkje småtteri. Her er det overdrivingar hinsides all fornuft, mykje av boka har karakter av ei samling med skjemtesoger. Der er også rikelege porsjonar underbukse-humor. Gargantua handlar om faren til Pantagruel, han var ikkje mykje mindre til kar enn det sonen var. Denne boka har ei litt meir samanhengande historie, men er like burlesk og sprudlande som den første.

For den som er opptatt av realistiske skildringar, eller for den som måtte vere overmåte prippen, så vil truleg desse bøkene vere ein skivebom. Men eg vil tru den jevne lesar vil kunne ha glede av denne boka, sjølv så likte eg den ganske godt. Utgåve mi, frå Bokklubben sin Verdensbiblioteket-serie, er også rikeleg utstyrt med notar, som ordforklaringar eller som kommentarar til stadar, personar og hendingar som er omtala. Det var nyttig og interessant.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Stig THarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekSynnøve H HoelIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAva