Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Veldig spesiell, tror jeg må lese den igjen.
Nå har jeg lest den igjen (2023)! Denne gangen var jeg mer konsentrert om beskrivelser og skildringer, ikke noe rart at dette er bland det beste i litteratur. Fortellingen er fortsatt spesiell, en sjelden historie.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jauvisst fantest det humor før i tida også. Gogol er utspekulert morosam i denne boka der han fortel om spekulanten Tsjitsjikov, som reiser rundt på landsbygda i Russland for å kjøpe avlidne liveigne, eller «døde sjeler» som også er tittelen på boka. For det første er sjølve plottet så absurd at det kallar på latteren. For det andre så set Tsjitsjikov seg i såpass mange kinkige situasjonar undervegs at ein må berre le. For det tredje så leverer Gogol knakande gode karikaturar av alt frå einfoldige bønder og gjerrige godseigarar til snørrviktige embetsmenn og virkeligheitsfjerne adelsfolk.

Men boka er ikkje berre ei lattervekkande farse, det ligg også ein del samfunnskritikk i forteljinga. I tillegg er der eineståande flotte skildringar av natur og miljø på den russiske landsbygda. Starten av andre bind er kanskje noko av det flottaste eg har lest i så måte. Ein må også halde fram det imponerande omfangsrike og varierte persongalleriet som Tsjitsjikov støyter på undervegs på reisene sine.

Dessverre så blei Gogol aldri ferdig med dette verket. Planen var eit storverk på 3 bind, men forfattaren døydde medan han arbeidde med bind 2. Denne boka inneheld derfor det fullstendige bind 1, og ein til dels fragmentarisk start på bind 2. Det er synd ein ikkje få vite korleis historia ville utvikle seg vidare. Heldigvis skreiv Gogol fleire tekster, først og fremst ein rekke noveller, ein får heller trøyste seg med dei.

Godt sagt! (14) Varsle Svar

Sist sett

Lena Risvik PaulsenJan-Olav SelforsTone SundlandHarald KJulie StensethEli HagelundKirsten LundGrete AastorpAnniken RøilIreneleserInger-LiseReadninggirl30Monica CarlsenJarmo LarsenStine SevilhaugTorill RevheimTor-Arne JensenAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaFrode TangenPernille GrimelandBerit RLars MæhlumLailaNina SolåsLene AndresenIngunn SDolly DuckHanne Kvernmo RyeKaramasov11RufsetufsaTine SundalSynnøve H HoelaRmaNdA BaisTine VictoriaTone Maria JonassenWilliam BillisonGodeminesiljehusmorVannflaske