Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Siste del av forteljinga om Pelle, som no har kome seg til København og jobbar som skomakar. Han lever i trange kår, men har stor stå-på vilje og vil gjerne gjere noko for samfunnet rundt seg i tillegg til å ta seg av sin eigen familie. Arbeidarrørsla er i framvekst, og Pelle blir snart ein leiarskikkelse. Han har store visjonar for korleis samfunnet skal vere og jobbar utrøytteleg for å nå fram til målet, men han møter sjølvsagt motgang. Sjølvsagt, både fordi pengemakta har interesse av å halde arbeidarklassen nede, og fordi det litterært sett ville vere vanskeleg å lage ei god historie utan at helten kjem i vanskar.

Men etter den gode opplevinga eg hadde med bind 1 av dette verket så opplever eg denne delen som eit mageplask. Delar av handlinga virkar fryktelig skjematisk, og det er vanskeleg å få grep på kva slags aktivitetar Pelle egentlig gir seg inn på. Jau, han er med og organiserer arbeidarrørsla, men ein får frykteleg lite innblikk i korleis denne organiseringa gjeng føre seg. I det heile gjev boka inntrykk av å vere eit propagandaskrift for klassekamp og visjonen om eit rettvist samfunn, og det er sjølvsagt både forbilledleg og flott, men når det gjeng utover dei øvrige litterære kvalitetane i forteljinga så kan eg ikkje anna enn å trille eit middels terningkast på boka.

Frå før har eg lest Ditte menneskebarn av Nexø. Eg opplevde noko av det same der, at forteljinga starta velidg bra og dala i kvalitet utover i verket. Skal tru om dette er noko som gjeng att i fleire av bøkene hans? Eg ser ikkje vekk frå at eg kjem til å finne ut av det ved å lese fleire Nexø-bøker, men det har ingen hast.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Ellen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethOleMorten MüllerTanteMamieLilleviAvaTine SundalHilde Aa