Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Nok ei bok i ein av favorittsjangerane mine, oppvekstskildring. Pelle er ein fattig gutunge som innvandrar til Bornholm frå Sverige saman med faren sin på slutten av 1800-talet. Det er ikkje så lett å klare seg på Bornholm heller, men faren klarar å få seg plass hjå den gjerrigaste landeigaren på øya. Her veks Pelle opp, og ein lærer å kjenne miljøet på øya på godt og på vondt. Der er mykje fattigdom, og som innvandrar stiller han nederst på rangsstigen. Likevel, trass trange kår får ein kjensla av at der også er eit og anna streif av lukkeleg barndom.

Forfattaren Nexø hadde sjølv delar av oppveksten på Borhnolm, og var nok ikkje stort meir velståande enn Pelle i boka. Det er uklart for meg om nokon av hendingane i boka er tufta på forfattaren sitt eige liv, men miljøet må heilt klart vere Nexø sine barndoms- og ungdomsminne. Det er så levande og varmt skildra, både folk og natur, at det er nesten som å vere der sjølv. Eg måtte ta meg fleire «køyreturar» på Google Streetview for å utforske øya vidare. Eg har lenge tenkt at Bornholm må vere ein kjekk plass å reise til, og lysta blei ikkje mindre etter denne boka.

Nexø skreiv 4 bøker om Pelle.. Det er dei to første, «Barndom» og «Læreår» som er med i denne utgjevinga frå Bokklubben. Nexø hadde ein klar sosialistisk ståstad i det litterære prosjektet sitt, der han skildrar dei vanskelege kåra til den undertrykte arbeidarklassa. Dette gjorde Nexø til ein betydeleg meir etterspurd forfattar i DDR og Sovjetunionen enn han var i Danmark. Men sjølv om sympatien med dei fattige er tydeleg i denne boka, så framstend den ikkje som noko kampskrift for sosialismen. Då er det verre med framhaldet i denne forteljinga, men det kjem eg attende til i neste bokomtale.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaritaolineAvaHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethIngvild SAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeStig TIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAud Merete Rambøl