Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Forbrukssamfunnet er i ferd med å gå i metning. Byane er fulle. Den økonomiske voksteren har stogga. Ein mann ser teikna i tida før dei fleste andre, og tek med seg kona og sonen ut av byen og til den einaste staden i nærleiken der det er rikeleg med ressursar for å livberge seg: byen sin søppelfylling.

Den fiktive byen i boka heiter Sweetwater, ut frå dei sparsame hinta om geografi forestiller eg meg at det er ein storby på austkysten av USA. Etter som bysamfunnet gradvis kollapsar veks det fram eit mindre samfunn på søppelfyllinga, eit samfunn som nok har mykje til felles med jeger- og samlesamfunna til dei fjerne forfedrene våre. Hovudpersonen Allan har berre eit mål for auge; å overleve. Derfor gjeng han ikkje av vegen for noko for å auke sjansane sine. Det handlar om kven som får vere med, og kven som ikkje får vere med, i flokken hans.

Det er internasjonalt format over denne boka, er det lov å seie det? Hadde eg lest denne boka på slutten av 70-talet eller byrjinga på 80-talet, og hugs at denne perioda var ei endelaus rekke av audmjukingar med Tor Røste Fossen som landslagssjef i fotball og hyppige sisteplassar i Melodi Grand Prix, og at det mentalt sett var det lysår igjen til Gro Harlem Bruntland sitt forløysande «Det er typisk norsk å være god» i 1992, så ville eg ha tenkt «kan ein norsk forfattar verkeleg skrive så bra?». No nøyer eg meg med å slå fast: Faldbakken skreiv verkeleg bra på starten av 70-talet. Eg har ikkje lest nyare bøker av han, så eg veit ikkje korvidt han heldt fram med det.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Per Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit RgretemorAnn Christin