Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Boka startar med ei scene frå Kansas City, der den fattig familia Griffiths tek oppstilling på eit gatehjørne for å drive oppbyggjande verksemd med preike, bøn og song. Eldste sonen i familia, Clyde, er ikkje så opptatt av åndeleg rikdom, han drøymer heller om materiell velstand, og vil gjere kva som helst for å kome seg opp og fram i livet.

Ein fyl Clyde gjennom ulike stadier i ungdomstida hans, som ekspeditør på ein iskrembar i Kansas City og etter kvart som pikkolo på eit finare hotell i same by, samt etter kvart i Chicago. Heile tida strevar han mot rikdom, han kjenner rett og slett at han er fødd til eit liv i luksus. Ambisjonane gjeng langt utover dei moglegheitene han faktisk har. Han får smaken på fest, moro og damer, og saman med venane sine tek han snarvegar til fornøyelane. Dette kostar dei etter kvart dyrt.

Innimellom lurte eg litt på om Dreiser moraliserer når han skildrar uføra som Clyde kjem opp i på grunn av lettlivnaden sin. Men eg trur kanskje ikkje dette er tilfelle. Det strenge, religiøse livet til foreldra blir heller ikkje framstilt som noko ideal. Nei, eg trur heller meininga er å få fram fallhøgda ein byggjer opp når ein aldri blir nøgd og stendig attrår alt det ein ikkje har, samstundes med at omgjevnadane ikkje unner ein det.

Dette med å bli halden nede er til ein viss grad eit tema i boka. Dreiser var sosialist, og var nok opptatt av rettvise kår i samfunnet. Men boka er langt frå å vere noko politisk manifest, det er berre unntaksvis at ein anar at forfattaren talar arbeidarklassa sin sak. Det er nok heller veikskapen i menneska forfattaren ynskjer å syne fram for lesaren. Og det gjer han godt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

IreneleserInger-LiseReadninggirl30Monica CarlsenJarmo LarsenStine SevilhaugTorill RevheimTor-Arne JensenAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaHarald KKirsten LundFrode TangenPernille GrimelandBerit RLars MæhlumLailaNina SolåsLene AndresenIngunn SDolly DuckHanne Kvernmo RyeEli HagelundKaramasov11RufsetufsaTine SundalSynnøve H HoelaRmaNdA BaisTine VictoriaTone Maria JonassenWilliam BillisonGodeminesiljehusmorJulie StensethVannflaskeSiri HelsethTom-Erik FallaAntheiaKikkan HaugenBenedikte