Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Soga om Karl Oskar, Kristina og dei andre innvandrarane frå Sverige held fram. Det nyrydda gardsbruket ved innsjøen Ki-Chi-Saga gjev etter kvart såpass med avling at familien har utsikter til, om ikkje velstand, så i alle fall til eit liv utan svolt og naud. Men det kjem ikkje av seg sjølv, det er hardt arbeid frå morgon til kveld.

Men mennesket lever ikkje av brød åleine, i alle fall dersom ein skal tru på Bibelen. Og det gjer nybyggarane, og kanskje særleg Kristina. Ho plagast både av heimlengt og av saknet etter å få gå til gudsteneste for å få tilgjeving for syndene sine. Når det dukkar opp ein svensk nybyggarprest så blir det i det minste ei løysing på det åndelege saknet.

I tillegg til presten, så dukkar det også opp fleire nybyggarar som tek seg land langs innsjøen. Det er triveleg med naboar i villmarka, men spesielt eit av naboskapa treng å gå seg til litt før alle finn seg til rette med einannan.

Alt i alt var dette ei bok på det jevne i denne åtteboks-serien. Triveleg lesnad, men utan den store eventyrkjensla eg fekk av eit par av dei tidlegare bøkene i serien (sjølv om også dene boka inneheld ei ganske dramatisk hending). Eg vil uansett varmt anbefale denne bokserien for alle som har litt interesse for historier om skanidinavisk utvandring til Amerika.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Tone SundlandElla_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLaila