Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Herlig humor i bokens første sider, så fortsetter det å være ganske morsomt til henimot slutten, som for meg ble et antiklimaks.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tante med stor T

Ein må berre gi seg over - Tante Augusta er ei fargerik, eksentrisk og i aller høgste grad ei ukonvesjonell dame! At nevøen Henrry er ein stille og fredelig pensjonert bankmann som lever tilbaktrekt saman med georginene sine- skaper ein god kontrast i historia.

Graham Greene fortel med skarp og vittig penn historia som startar med begravelsen til mor til Henry - der han møter si tante Augusta for første gong på over 50 år. Og sidan den godaste Henry stort sett lever eit stille og rolig liv, så må han erkjenne at: "Min mors begravelse gjorde meg derfor behagelig oppstemt". Alt frå starten av boka vert det poengtert at Augusta er alt anna enn ei vanleg dame: Jeg ble forbløffet over det ildrøde håret, som var satt opp i en monumental frisyre, og de to store fortennene som fikk henne til å se ut som en levende neandertaler.
Tante Augusta

Livet til Henry forandrar seg - etterkvart totalt - etter dette. Å ha ei tante som Augusta medfører nokre meir eller mindre ufrivillige møte med diverse personar; i tillegg til at georginene meir og meir vert overletne til seg sjølv når dei to hovudpersonane legg ut på den eine reisa etter den andre: Paris, Istanbul mm. Og det viser seg at ganske mykje ikkje er slik det ser ut til å vere..........

Historia om tante Augusta er ei historie fortalt med snert og humor. GG skildrar den 75-årige livsnytaren på ein meisterlig måte - ein kan ikkje la vere å sympatisere med med henne trass i alle hennar finurlige krumspring...Og illustrasjonane som Audun Hetland har ansvaret for i mi utgåve av boka er eit stort pluss. Så min konklusjon er: Ei munter historie som er godt fortalt, med mange overraskande poeng, men ein litt forutsigbar slutt gir : Kar fem

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Sist sett

AvaCarine OlsrødKirsten LundStig TReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekSynnøve H Hoel