Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Spenstig skrivestil, og forskrekkeleg historie. La meg først skryte av skrivestilen, den var bra. Innleiinga er kaotisk, det er uråd for lesaren å få tak på anna enn fragment av kva det dreier seg om. Så blir forteljinga sakte men sikkert litt meir samanhengande, før det sklir litt ut igjen mot slutten av boka. Der er ofte usamanhengande setningar, innimellom berre fragment, og perspektivet vandrar heile tida. Og dialogen blir gjerne avbroten av tankane til nokon av dei pratande (og kven av dei pratande det er må ein følge godt med for å finne ut av). Alt i alt ei utfordrande tekst, men det var givande å lese den.

Så til sjølve historia, som er lagt til New Zealand. Forfattaren Keri Hulme er delvis av Maori-ætt, og skriv boka frå ein Maori-ståstad. Den mest framtredande av hovudpersonane, Kerewin Holmes, er i stor grad ein versjon av seg sjølv som forfattaren har skapt i anledning forteljinga. Kerewin har tydelegvis rikeleg med pengar, som ho formodentlig har tent på kunst ho har skapt tidlegare. No har ho trekt seg attende til eit einebuarliv i eit tårn ved kysten, men blir oppsøkt av ein stum og uregjerleg gutunge med ei mystisk fortid. Gutungen, Simon, er einaste overlevande etter eit båtforlis, der korkje båten eller dei omkomne blei identifiserte. Simon bur hjå Joe, maorien som fann han på stranda, og som seinare mista kone og barn og sørger sterkt over dette.

Desse tre skakkøyrde sjelene finn saman i ein slags gryande familiekonstellasjon, dog utan nokon romantikk mellom dei vaksne. Men kvar er barnevernet, spør eg meg sjølv ganske tidleg i boka. Er det eg som er for snerpete, eller er det ugreit å gi røyk og sprit til ein liten gutunge? Og dette er berre småtterier, det kjem etter kvart for dagen omsorgssvikt av mykje meir graverande karakter. Heile gjengen blir etter kvart veldig, veldig sjølvdestruktive, det er nesten slik at lesaren mister trua på at dette kan snu seg til det betre.

Det er altså ei ganske fæl bok. Men den er på ein forunderleg måte også ganske fin. Og uansett ulikt alt anna eg har lest. Eg las den saman med gretemor sin lesesirkel, diskusjonstråden er her. Det var greit å ha kontakt med presumptivt normale folk medan ein var inne i denne boka.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Jeg har lest boken to ganger og skrevet om det her:

http://tittafroskenpersonlig.blogspot.no/2009/09/margfolket-en-utfordrende-godbit_04.html

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Ellen E. MartolIngvild SStig TPiippokattaritaolineAvaHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer Lund