Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Når vi snakker, skriver eller leser om mat, er det ikke bare en fattig erstatning for måltidet (..)
Ordene har en verdi i seg selv, de er også i stand til å påvirke vår kropp og vår oppfatning av maten - skjerpe apetitten, skape avsky eller bringe tilbake minner om mat og situasjoner som for lengst var glemt.
Frå Forord av Andreas Viestad

"Brødtekst" er ein antologi frå Gyldendal, redigert av Mattis Øybø, utgitt i år 2000.
Innhaldet er variert, både når det gjeld tid og rom...frå tidleg 1800-tal til meir moderne tid - og har med både norske, nynorske og utanlandske forfattarar. Der er kjende noveller, tekstar og dikt - og dei som iallfall for meg er meir ukjende.
Eg opplevde å få eit godt "gjensyn" med Lunsjen av W. Somerset Maugham, Babettes gjestebud av Karen Blixen og Jan Erik Vold sin Tale for loffen. Eg fekk ei god oppleving i Jens Bjørneboe sitt dikt Om steder på jorden og mat jeg liker - og eg vart nesten overraska over det gamalmodige språket i Grauten paa Grut av A. O. Vinje. (Hadde gått i gløymeboka)
I tillegg er der fleire lesverdige tekstar av kjende forfattarar.

Antologiar er slett ikkje så verst innimellom - ein kan både oppdage og gjenlese overraskande gode tekstar - både språkleg og innhaldsmessig, og det seier eg ikkje neitakk til.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtBertyHarald KSolDolly DuckKirsten LundTonesen81Pi_MesongretemorEivind  VaksvikLars MæhlumBur1LailaAvaLilleviArveTanteMamieLeseberta_23Akima MontgomeryTrude JensenTor-Arne JensenBerit RBjørg L.Hanne Kvernmo RyeJulie StensethRufsetufsaCarine OlsrødMarianneNInger-LiseNorahTine SundalVariosaSverreKristin71Tone SundlandWenche VargasMorten JensenMarit HåverstadChristoffer SmedaasCamilla