Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Akk, denne kjærleiken. Han er ikkje heilt til å lite på alle tider. Og dette synleggjer Jacobsen i denne forteljinga frå 1700-talet.

Barbara er, i allefall i det ytre, ei av dei meir attråverdige damene i Tórshavn på Færøyane. Ho har alt vært gift to gangar, begge gangane med ein prest, og begge gangane blei ho enke. Mange lastar Barbara for dødsfalla til ektemennene sine. No kjem det ein ny prest, den unge Herr Poul, til Færøyane. Det er vel ingen grunn til at han ikkje skal forelske seg i Barbara?

Boka femner mykje vidare enn dette. Her er eit rikt persongalleri som er levande skildra, ein får eit truverdig innblikk i levemåten på 1700-talet, og ein får også ein viss kjennskap til natur og geografi på Færøyane. Ikkje minst blir det tydeleg kor prisgitt menneska er naturkreftene i dette vesle øysamfunnet. Ein får også eit døme på korleis eit lite samfunn kan bli sikra større genetisk variasjon i ein fart.

Attende til tittelrolla; det er ikkje lett å bli klok på Barbara. På den eine sida framstend ho som ei sterk og sjølvstendig dame som hevar seg over folkesnakk, bryr seg katten om konvensjonar og i tilleg både er arbeidssam, vennleg og hjelpsam. På den andre sida virkar ho å vere eit viljelaust offer for sine egne skiftande kjensler. Her har forfattaren skapt ein kompleks og interessant romanfigur. Eller kanskje er det ikkje han som har skapt henne fullt ut, i følge wikipedia hevdast det at Barbara er modellert etter Jacobsen sitt søskenbarn som han var ulukkeleg forelska i. Men uansett om det var sånn eller slik, det var interessant lesnad.

Vi las denne boka i Lesesirkelen av 2014, det virka som om dei fleste av dei som var med på felleslesinga tykte det var ei god bok. Meg sjølv inkludert.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Tor Arne DahlHilde VrangsagenWilliam BillisonSraDevoralibrosBeathe ArnesenReidun SvensliMarit AamdalTor-Arne JensenNora FjelliBjørg RistvedtSolBookiacVibekeSigrid NygaardTone Maria JonassenLailamgeDolly DuckKetilDemeterEvaJulie StensethTove Obrestad WøienedgeofawordKirsten LundAnn ChristinmarithcBerit RHilde H HelsethTone HHarald KRune U. FurbergalpakkaHanne Kvernmo RyeTatiana WesserlingTine SundalPer LundTonjeTore HalsaTorill Revheim