Viser 1 til 4 av 4 omtaler

To romanar med mykje tørrvittig humor i eitt. På overflata to enkle forteljingar, men som det vert sagt eit stykke ut i boka (s. 205) kan sjølv små ord om ingenting gjeva meining. Tittelen «Ei vinterreise» viser nok til Schubert sin sorgfulle songsyklus «Winterreise» utan at det vert serskilt nemnd.

I tittelforteljinga som er ein road-movie i romanform, deltek vi på ein lang biltur over fleire døger saman med eks-predikanten Lindemann og den gamle skulekameraten hans, Tomas i Dalen. Turen gjennom eit lett mytisk Vestland er òg ein odyssé der farar og freistingar lurar undervegs til den gamle skulevennina Johanna, boka si Penelope. Medan Odysevs ser fram til å kome heim, verkar det som Lindemann snarare er på flukt frå sitt gamle liv, men utan klar idé om kva han no skal gjere.

Parallelt med hovudforteljinga får vi òg tekster som presenterer seg som dagboksnotata til forfattaren sjølv. Pussig nok går det fram at notata er frå året før (1998) romanen om Lindemann vart byrja. Forteljaran får vite at han har kreft, men behandlinga tek si tid. Undervegs får han likevel tid til å møta folk, vitja mange stader i inn- og utland, og ikkje minst lesa og skriva. Det er mange referansar til andre forfattarar. Sjølv satt eg serleg pris på at han nemner no avlidne Rolf Sagen sitt meisterverk «Kvengedal».

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Klassisk Hovland. Altså strålande!
Artig med noko "nytt" blant dei vanlege elementa hans : ein slags parallellhistorie som foregår heilt uavhengig av kvarandre og med vidt forskjellige fortellarstil, den eine ei slags dagbok og den andre som ein meir typisk Hovland - fortellar.

Artige, originale karakterer. Skarp og smart humor. Herlege dialoger. Og alt saman fortalt med flytende lett språk

Gler meg til neste Ragnar-bok. (Jau , vi er på fornamn no. Har eg bestemt.)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nydeleg språk, artige situasjonar (Lindemann). Veldig god tone sjøl i kapitla med sjukdom. Flott skildring av oslosommaren utan at det er eksplisitt. Slutten vart litt mystisk for meg, men eg likte det.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det er ofte tilfeldighetene som bestemmer hvilke bøker jeg leser. Slik var det med denne også, mitt første møte med forfatteren. Her kan du lese om min leseopplevelse

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

TheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeKirsten LundHarald KVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SsomniferumBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesStig TBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie Uvaag