Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Ein er i havnebyen Oran i Algerie på 1940-talet ein gang, og einkelte av innbyggarane merkar seg at det er fleire rotter enn vanleg i omgjevnadane. Snart byrjar folk å bli sjuke, og sidan tittelen på boka er det den er så slår eg ikkje på noko spoiler-varsel når eg røper at det bryt ut ein pest-epidemi. EIn fylgjer eit knippe menneske gjennom dei ulike fasene i epidemien.

Dette er den andre boka av Camus eg les (den første var Den fremmede), og i begge så opplever et det som om språket held meg på avstand frå handlinga. Dette gjeld nok i størst grad Pesten. Eg veit ikkje om det skuldast oversetjinga, eller om eg ville hatt same kjensla dersom eg kunne ha lest originalteksta, men uansett så er det noko ved den litt formelle og stivbeinte språkføringa som gjer at eg ikkje greier å trenge inn i boka. Så sjølv om denne boka truleg er ei interessant analyse av korleis ulike personar kan finne på å handle under ein krisesituasjon, så blei det berre eit middels terningkast frå mi side.

Vi las denne boka i kjell k sin lesesirkel, det virka som om fleire av dei andre deltakarane også sleit litt med boka.

Eg har enno to uleste bøker av Camus i bokhylla, og eg skal sjølvsagt lese dei. Men skulle det ikkje løsne for meg i dei bøkene heller, så gjeng det nok ei stund før eg eventuelt prøver meg på denne forfattaren igjen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Dolly DuckHarald KMarit MogstadPer Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit R