Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Femordsomtale: Fin historie fortalt på rim

For den som ynskjer å lese litt fleire ord:

Garborg fortel her historia om ungjenta Gislaug, alias Veslemøy, alias Haugtussa, ei fattig gjetarjente på Jæren. Som gjetarjenter flest så er ho ute saman med buskapen store delar av sommarhalvåret, og det var vel heller ikkje uvanleg at gjeterjenter fekk vitjing av kjekke gutar som dei forelska seg i. Det var heller ikkje uvanleg at kjærleiken tek slutt, og at minst den eine av partene blir djupt vonbroten over det. Det ein må tru var litt meir uvanleg var at Gislaug er synsk, og ser både avlidne, haugfolk, troll og stort sett alt ein kan tenke seg av overnaturlege skapningar. Ikkje berre ser ho dei, men ho er tidvis saman med dei.

Forteljinga er på rim, i form av 71 dikt, som ber fram historia kronologisk. Mange av dikta er nydelege naturskildringar, andre tek for seg Gislaug sine indre kampar, og atter andre er nærmast burleske framstillingar av dei overjordiske sitt liv. Språket opplevast som noko gamalmodig, ikkje uventa sidan teksta er nær 120 år gamal, og inneheld mange ord og vendingar som kan opplevast som krevjande. Men dette kompenserast i fullt monn av ein framifrå flyt i verselinjene, der først og fremst bokstavrima er med på å løfte dikta.

Mitt eksemplar av boka er illsutrert med maleri av Håkon Bleken. Det å beundre desse maleria og korleis Bleken gjennom dei tolkar teksta gjorde lesinga til ei høgtidsstund.

Eg las denne som ein del av kjell k sin lesesirkel i mai/juni 2014, og vil takke dei andre deltakarane for mange gode kommentarar undervegs.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Iris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolKirsten LundPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit RgretemorAnn ChristinVibekeAnneWangReidun VærnesTove