Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Det var en mørk og stormfull aften. Eller i det minste regnfull. Og i Stockholm, eller vent, i Solna, eller? I allefall er det ei politipatrulje frå Solna som blir gjort merksame på ein buss som stend på skrå ut av vegbana, så vidt over på Stockholm-sida av kommunegrensa. Politibetjentane sjekkar kvar som er gale, og det viser seg at alle om bord i bussen er skotne, dei fleste har omkome. Mellom dei ein politietterforskar. Her må Stockholms-politiet med Martin Beck i spissen steppe inn.

Mange kjenner kanskje Beck frå TV-serien av same namn? Eg for min del var ikkje klar over at same helten var hovudperson i ein serie på 10 romanar signert Maj Sjöwall og Per Wahlöö og som kom ut på slutten av 60- og byrjinga av 70-talet. Denne boka er den fjerde i serien, originaltittelen er «Den skrattande polisen».

Det er eit langt sprang frå dagens spennings-krim a la Nesbø og Kepler med heseblesande tempo og bloddryppande detaljar, til den litt meir dempa stilen i denne boka frå 1968. Stilen er nok meint å vere realistisk, eg veit for lite om politiarbeid til å kunne slå fast om det er vellukka, men det er ei tålmodigheitsprøve for Beck & co å etterforske denne saka. Vegen til suksess er ikkje actionprega vågestykke, men nitid innsamling av opplysingar, grundige analyser og, okei då, litt teft og litt flaks skadar heller ikkje. I ekte 1968-stil så inneheld boka også nokre spark til borgarskap og elite.

Jaudå, Beck i bokform var også eit interessant bekjentskap. Kjem eg over fleire av bøkene om Beck på loppemarknad eller liknande så kan det fort hende dei havnar i korga.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Alice NordliHarald KMads Leonard HolviksiljehusmorHanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHeidiElin FjellheimEirin EftevandChat_noirGodemineRufsetufsaMorten MüllerHanne Kvernmo RyeHallgrim BarlaupHilde Merete GjessingPiippokattaBente NogvaDaffy EnglundMargrethe  HaugenIngunn SVannflaskeLisbeth Marie UvaagMaikenStian B. HopeMarianne AugustaRandiACathrine BoreMorten JensenLeseaaseStine SevilhaugInge KnoffGro-Anita RoenKirsten Lundtommy meyerSynnøve H Hoel