Viser 1 til 2 av 2 omtaler

"Framom døden" av William Faulkner
Del av serie frå forlaget Skald, som relanserer klassikarar, i ny nynorsk omsetjing. (Har fått svært god kritikk for Jon Fosse si omsetjing av "Prossessen" av Kafka.)
Bakgrunnsramme: Fattig landsbygd i sør-statane i USA på seint 1800- eller tidleg 1900-talet. Om ein famile der mora ligg for døden,om tida etter dødsfallet og om reisa til ein naboby for å gravlegge henne.
Forløp: stort sett kronologisk, men med nokre få tilbakeblikk. Kvar kapittel skiftar synsvinkel mellom dei 15 personane som er del av historien, overskrifta på kapitlet etter kven som fortel.
Karakterar: 15 ulike forteljerstemmer, dei som fortel mest/oftast er mannen og ungane til avdøde. Me møter og mellom anna naboar, og ein lege. Noko av særpreget med boka er korleis forfattaren går inn i hovudet på dei ulike personane. Han viser stor psykologisk innsikt.
Språk: litt gammeldags nynorsk, tungt, tidvis svært filosofisk eller nesten surrealistisk. Skifter samtidig stil og preg mellom dei ulike kapitla ifht kven som fortel.
Tone: dyster, håplaus, tragisk, mørk. Svært mykje elende i historia.
Tempo: ikkje så langsomt som ein skulle tru basert på språk og innhald. Dei stadig vekslande forteljervinklane dreg tempoet opp. Det er også mange dramatiske hendingar, og ein lurer på om dei vil får denne kista med avdøde fram til byen.
Ei svært spesiell bok som gjorde inntrykk!
(Denne omtalen er basert på konseptet "Lesarsørvis, og dei appellfaktorane ein bruker der for å omtale bøker.)

Godt sagt! (3) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

LailamgeDolly DuckKetilDemeterEvaJulie StensethTove Obrestad WøienedgeofawordKirsten LundAnn ChristinmarithcBerit RHilde H HelsethTone HTor Arne DahlHarald KRune U. FurbergalpakkaHanne Kvernmo RyeTatiana WesserlingTine SundalPer LundTonjeTore HalsaTorill RevheimGunillaLena Risvik PaulsenJan-Olav SelforsTone SundlandEli HagelundGrete AastorpAnniken RøilIreneleserInger-LiseReadninggirl30Monica CarlsenJarmo LarsenStine SevilhaugTor-Arne Jensen