Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 1 til 12 av 12 bokomtaler

Fantastisk bok om å lese, og å lese om igjen. Vivian Gornick skriver om korleis bøkene endrer seg når vi endrer oss gjennom levd liv. Eg har nokre bøker eg leser med ujamne mellomrom, og dei endrer seg. Det er vel litt av det samme som skjer når ein ser ei bok gjennom fleire auge i ein lesesirkel. Boka er kort og lita med ti kapittel - kan trygt tilrås.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Lena Andersson skriv glitrande om mennesker, flest kvinner. Dei lever sine eigne liv, men livene har møtepunkt med dei andre sine i desse fortellingene. Kvinnene har meir eller mindre sjølvinnsikt, og alle har gjenkjennbare sider. Personane er komplekse og ofte litt usympatiske, men det er jo sånn det er.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne har stått i hylla lenge, har gått forbi mange gonger og valgt noko anna. Den kan trygt tilrås - veldig interessant om korleis språket former korleis vi tenker og ser verda. Ikkje at tanker er utenkbare på noko språk, men det krever meir om det er utanfor det vante.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Perfekt for eit par ultraslitne ettermiddagar på sofaen!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Godt skrevet eventyr for vaksne. Hadde boka i sekken på fottur over Hardangervidda, godt selskap. Passe lettlest til at eg holdt tråden frå kveld til kveld. Og passe spanande til at eg ville lese meir!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Avbrøyt boka for eit drygt år sidan, men fann den som lydbok og høyrte heile idag. Det er forfatteren sjølv som les. Syns det var interessant, og til ettertanke. Kan trygt tilrådast som selskap mens ein går tur eller ordner i hagen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lettlest bok, med godt språk og gode setninger. Er kanskje ikkje av dei eg vil tenke lengst på, men perfekt til slitne kveldar og stunder på bussen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Harry Hole som lydbok, lest av Thorbjørn Harr, er det einaste som fungerer når ein skal køyre langt eller male huset. Har fleire gonger blitt sittande i bilen når eg er framme for å høyre berre LITT til. Favoritt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nydeleg bok!
Eg las den på tur til København, men ville rett som det var snakke fransk til folk kring meg, så langt inne i Paris var eg. Veldig bra om å vere einsam og i eit framand land, og om dei nære banda ein knyt til folk kring seg,
Verkeleg verd å lese - om ikkje anna så for ein billeg, rask og fin tur til det ekte Paris.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Boka fortel korleis Storbritannina, på denne tida verkeleg det britiske imperiet, kvitta seg med slaver og slavehandel.
Temaet er spanande og relevant. Forfatteren trekk linjer til vår eiga tid for å synleggjere kor utruleg (i ordet si rette forstand) det var at ein skulle avskaffe slaveriet då pionerane starta.
Han trekk fram kvinneforeningene sine bidrag, og har klart å grave fram historier om korleis slavar, opprørsleiarar og tilogmed kvinnelege slavar hadde det. Ein får absolutt lyst til å lære meir, og eg har lagt ei av kjeldene til bokønskelista mi.
Trass i dette var eg i tvil då eg skulle "kaste" terning. Språket er nemlig veldig tungt. Lange innskutte bisetninger gjer at eg måtte lese setningene både ein og to gonger før eg skjønte kva han meinte. Vanlegvis kan eg forsvinne inn i ei bok om tematikken er spanande nok, og lengte attende når eg må ta avbrot. Denne måtte eg aktivt ta opp og jobbe meg gjennom.
Likevel, eg fann det jo for godt å lese den ferdig. Eg vil tilrå den til den som har god konsentrasjon - ikkje busslektyre for dei fleste av oss.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei fin bok med nokre overraskingar undervegs og fine skildringar av ulike former for kjarleik og skilnaden på å kjenne nokon og berre tru ein kjenner dei. Ekstra pluss for korte kapitler, dette er ei perfekt bok for transportetappar på buss, tog eller fly!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette var nærast sløsing med gode historier.
Kvinnene i boka er spanande, fascinerande og interessante. Eg skulle gjerne visst meir om dei.
Diverre er språket alt for munnleg for min smak, det er for mykje detaljar om korleis forfatteren leiter etter informasjon, kva ho et, kva veg ho svinger og kva klokkeslett ho tek flyet. Når det på toppen kjem slurvefeil som at det yngste bornet vert det eldste vart det ei under middels leseoppleving.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tone SundlandElla_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLaila