Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 1 til 20 av 23 bokomtaler

Det siste kalendaråret har eg dagleg jobba med digitalisering av Grønlands historiske minnesmerker 1-3 på heimskringla.no, dvs. ei bortimot komplett samling av tekstar og dokument med kommentarar og fotnotar relatert til det norrøne Grønland, samt at eg elles har lese mykje om emnet i tillegg - så då var det kanskje ikkje så rart at eg kasta meg over Tore Kvæven si bok "Når landet mørknar", ein roman som handlar om det norrøne Grønland seint på 1200-talet, då landet var på veg inn ei krisetid. Kvalrossen som gjorde grønlendingane rike er mest ikkje å sjå meir, og handelsskipa frå Noreg og Island uteblir. Folk spør seg om dette er dei siste tider.

I sentrum for forteljinga står den unge Arnar Vilhjalmson. Han drøymer om å sigla mot landa i vest, der det finst både jarn og tømmer. Og han drøymer om den unge kvinna Eir. Og for å realisera draumane må han trossa både sine eigne gudar, hovdingar og lover i landet.

Dei historiske skildringane er så detaljerte og byggjer på så mykje kunnskap at det er beint fram imponerande. Aldri er vel historia til dei norrøne grønlendarane blitt fortald meir inngåande, sjeldan ser ein så mykje presis kunnskap formidla i ein historisk roman. For det andre er det spent opp eit breitt lerret med svært mange personar og dels parallelle handlingar, for det tredje yrar det av skjønnlitterære perler og betraktningar, og overraskande tekniske grep. Forfattaren gir seg god tid gjennom dei 450 sidene. Kort sagt - terningkast 6 og eit must for alle med interesse for norrøn kultur!

Godt sagt! (10) Varsle Svar

For tida les eg Erling Sandmo si bok "Tid for historie" som kom ut for 3-4 år sidan. Ei tankevekkjande bok som gir meg stadig nye perspektiv på korleis me forholder oss til fortida, kvifor me tolkar historia som me gjer, og korleis historieskrivinga har arta seg i forskjellige tidsperiodar - ja, kvifor snakkar me eigentleg om "periodar", og kvar har me det frå at historia "beveger seg framover", og kvifor set me i dag eit så skarpt skilje mellom fortid og notid og framtid, som om det heile går i ein horisontal line frå eit startpunkt til eit endepunkt , medan ein tidlegare har tenkt meir på det som eit "evig hjul"? Men mest av alt, kanskje, det umoglege i å trengja inn i ei tid som har vore fordi me sit så fastlåst i vår eiga tid, våre eigne kunnskapar og haldningar. Mange nyttige persektiv for oss som jobbar med historie til dagleg, på forskjellige nivå, med andre ord. Tilrådast.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Jan Erik Vold si bok Kánon/Kannon/Kanón. En krønike om litterær kvalitet er snacks på nattbordet! Kven og kva er vår norske poetiske kánon - og kven og kva er evt. ganske så "kannon", for ikkje å seia kanón? Korte og ikkje minst lesbare og kloke artiklar over eit breitt spekter - listetoppar som Rolf Jacobsen, Olav H. Hauge, vidare Gunvor Hofmo, Arild Nyquist, Cecilie Løveid, Bjørn Aamodt osv. osv. Men også ho som i dag er gløymd og gjort litt narr av, Karen Sofie Hanssen ("hun satt mye på Teaterkafeen", som det vart skrive om henne i ein annan samanheng), og også Harald Heide-Steen jr. som tekstleverandør. JEV har tidlegare gjeve ut fleire større verk om poetar og poesi som iallfall er med på mi hitliste, men eg trur denne boka kjem til å stå sentralt i lang tid framover. Om du vil læra noko om norsk poesihistorie og bli klok på bok er dette definitivt staden å ta fatt.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Heit sidan serien "Horngudens tale" og seinare dei tre Anubis-bøkene har eg vore ein svoren fan av B. Andreas Bull-Hansen. Etter mi meining er han absolutt i klasse med internasjonale namn innan genren fantasy og sci-fi. Boka av året, "Isak", skuffar heller ikkje - tvert om. Det skal noko til å skriva bøker på 400-500 sider og få lesaren til å hengja med - og det er noko Bull-Hansen fint klarar. Som i Anubis-serien er handlinga lagt til Oslo-området etter ein nær katastrofe, i dette tilfellet er mesteparten av Noregs befolkning døde av ein pest i løpet av ei natt eller to, og Isak vaknar opp som det siste mennesket på jorda. Men etter 30 års einsemd skal det visa seg at det er han ikkje. Nokre få menneske dukkar opp - og inne i Oslo og andre stader lever det også menneske. Sivilisasjonen har brote saman, det er ein kamp på liv og død for å overleva.

På kontinentet har eit stammesamfunn av muslimar danna seg. På nett dette punktet bryt Bull-Hansen med det politisk korrekte - men kvifor ikkje? Det er slett ikkje utenkjeleg at noko slikt kan skje, og også ein forfattar og hans lesarar må tillata seg den tanken om kva som kan skje i eit nedbrote Europa dersom fundamentalistiske samfunn av typen IS vinn fram.

Hovudpersonen har ikkje fått namnet sitt utan grunn - eg oppfattar det slik at dette er Isak frå Hamsuns univers, mannen som ryddar seg ein gard og eit liv i audemarka. Det er nett det Isak i denne boka gjer. Frå kaos ryddar han og venen John ein gard sør for Oslo og tek opp kampen mot kalifen i Berlin sine utsendingar då dei ein dag dukkar opp for å avkrevja Isak for skatt.

Som sagt, Bull-Hansen kan dette. Fleire burde få med seg denne boka og den øvrige forfattarskapen hans. Dette er genrelitteratur av stort format.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Tidlegare i år las eg Gert Maak sin murstein "Europa" (som også har gått som tv-serie) i to strekk - rystande lesing. Det siste hundreåret har gått inn som ein einaste samanhengande krigs- og nødstilstand for Europa, frå den russiske revolusjon via første verdskrigen, borgarkriger i Spania og Hellas, vinterkrigen i Finland, nazi-Tyskland - og til slutt borgarkrig i det tidlegare Jugoslavia. Ingen del av verda har forårsaka så mykje elende for seg sjølv og andre som Europa - men heller ikkje så mykje venleik. Og gløym heller ikkje den verdsomspennande krafta som går ut frå paven i Roma.

Men summen av Europa er nedslåande. Eller sagt med andre ord - eit galehus. Gert Maak si bok var ein vekkjar. Patrik Ouředník si bok er kortversjonen av denne galskapen, gjørma av gammalt hatsk arvegods og skrekk-kabinett. Og ved å blanda fakta og observasjonar i ein repeterande rytme som ei slags plate med ein masse hakk i (er ikkje før forbi det eine hakket så kjem det neste og hogger seg fast) gjer Patrik Ouředník dette til ein endå meir skremmande historie.

Kva skal ein kalla dette for - sakprosa, esayistikk? Eg ser på boka som prosalyrikk, i ein stil som Patrik Ouředník har vore åleine om så langt.

Og no brenn asylmottak i Tyskland og Sverige. Det er framleis hakk i plata.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg har høyrt på The Beatles kvar dag sidan 1963, pluss minus for feriar og sjukdom. Og det kjem eg truleg til å halda på med til eg døyr. Og når ein lyttar så mykje til ei bestemt gruppe, har ein sjølvsagt lese ein del om dei også. Eg feira 60 årsdagen min i Liverpool, med eit besøk på Beatles-museet og deretter ein Beatles-taxi for fleire timar, rundt omkring på dei forskjellige stadene i byen der Beatles-fans valfarter. Taxisjåføren fortalde at han hadde lese over 60 bøker om The Beatles. Det er langt meir enn eg har. Men nokre har eg lese. No sist Tony Bramwells "Magical Mysery Tour". Bramwell har ikkje skrive boka sjølv, men fortald til ein journalist - og ettersom Bramwell er ein av dei personane som stod tettast på bandet gjennom heile karrieren burde han vita kva han snakkar om. (Ein ven av meg, som er frilansjournalist, møtte nyleg Bramwell på ein pub i England - og tenk at eg kjenner ein som har møtt ein som verkeleg jobba med Fab Four! :)) Uansett - Tony Bramwell si bok kan få ei varm anbefaling.

Eg er derimot litt usikker på kva eg skal meina om Yan Friis si bok "Beatles og jeg". Utstyrsmessig står boka til terningkast seks, og som norsk Beatles-diskografi går den for både terningkast sju og åtte! Men Yan Friis har lite nytt å fortelja som me ikkje alt veit. I lengda vert det også slitsamt med skildring av bortimot kvar låt i den spesielle musikk-journalistikken ein finn i popmagasiner og rockeblekker. Hans eigne opplevingar frå denne tida er heller ikkje særleg interessante. Men for all del - eit kjempebra tiltak frå både forfattar og forlag. Ikkje minst pga. diskografien med bilete av kvar bidige plate, nøyaktig slik det var. Supert!

Men det er framleis Bård Ose si bok "Beatles hele livet" som blir liggjande på (det overfylte) nattbordet mitt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har lenge tenkt at eg burde lesa noko av D.H. Lawrence, t.d. "Sons and lovers" som eg kjøpte for nokre år sidan i pocketutgåve, men det er ofte slik at ein tanke berre blir med det - med tanken. Så dukka brått Geoff Dyers bok "En ren besettelse - Basketak med D.H. Lawrence" opp her ein dagen. Her er det som skal til, tenkte eg. Og jo - etter å ha lese meg gjennom halve boka er eg endå meir tent på "Sons and lovers". Og det trass i at boka handlar mest om Geoff Dyer på tur, og Geoff Dyer som har store planar om å skriva den ultimate boka om Lawrence, men aldri kjem ordentleg i gong - fordi han er på tur.
Ei utruleg morosam bok, eigentleg - vittig og full av sjølvironi. Og altså litt om D.H. Lawrence også.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Bibelutgåva 2011 er kanskje tidenes dyraste omsetjing her til lands - og etter mi meining også den langt beste, iallfall språkleg sett. Med namn som Karl Ove Knausgård og Jon Fosse som hjelpemenn på språksida borgar det for ein litterær kvalitet som godt mogleg ikkje har funne vegen inn i ei bibelutgåve før.

Bibel 2011 er det einaste bokverket som er å få i ei lang rekkje versjonar, frå dongeri-utgåva til kostbare skinnband og søkbar iPad-app. Til 2011-utgåva vart det også gjeve ut ei litterær 3-bands utgåve, dvs. utan den tradisjonelle kapittel- og versinndelinga.

Svært mykje kan seiast om 2011-utgåva, og det blir sagt i boka Bibelen 3.0 av Anders Aschim, professor ved Høgskulen i Volda. Eit must for alle som har gitt seg i kast med 2011-Bibelen. For å sitera frå forordet: "Full av detaljar, nærsynte lesingar av bibelvers, drøftingar av enkeltord, grammatikalske og kulturelle observasjonar, samanlikningar av gamle manuskript, jamføringar med andre omsetjingar av eldre og nyare dato, kuriosa og teologiske kontroversar."

Boka er lettlesen, ja nærast underhaldande. Full av overraskingar og aha-opplevingar, og formidlar ikkje minst ein ny innsikt i Bibelen som det sentrale bokverket for vår vestlege kultur - faktisk meir oppegåande enn nokon gong. For meg har boka gitt ei nykveika leseglede i Bibelens storslagne og mangfaldige univers.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Litt snobbete som eg truleg er, styrer eg som regel langt unna alle bestsellarar og andre litterære motefenomen, i overtyding om at det massane likar truleg er av liten interesse for meg. Så også med fenomenet Karl Ove Knausgård. Eg opna inga bok av han før alle andre hadde slutta å gjera det. Men så las eg første avsnitt av Min kamp 1 - og vart hekta.
No er eg halvveges i Min kamp 5, der eg også er på heimebane i og med at kulissane er Bergen og handlar om eit miljø eg har eit visst kjennskap til.

Det er berre å ta av seg hatten for dette prosjektet. Knausgård har ei eiga evne til å dra lesaren inn i boka, det er som ein sit der og seier "meir, meir" - eg klarar ikkje å leggja desse bøkene frå meg. Eg har heldigvis Min kamp 6 igjen, deretter dei to første bøkene og "Sjelens Amerika", som eg les litt i no.

Men kva kunstar er det Knausgård nyttar seg av? Først og fremst dette at han er personleg, og at skrivinga hans handlar om noko verkeleg - dette er ikkje noko som er oppdikta og kunstig (jo, sikkert noko oppdikta her og der). Stilen er enkel og rett fram, på den same måten som eg i si tid beundra hos ein del amerikanske forfattarar, t.d. Henry Miller. Og det er ein nerve der, ein desperat dirrande nerve som treffer dei fleste. Fritt for litterært jåleri og oppstylta ord. Ja, eg er seld.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

For tida les eg profeten Jesaja, som eit ledd i mitt prosjekt å lesa heile Bibelen frå ende til annan, i kronologisk orden. Storverket Bibelen held stand, også i ein digital tidsalder, med ei rekkje (særs gode) nettstader, digitale utgåver (m.a. den norske 2011-utgåva, som eg les no) og eigne databaseprogram til grundigare studiar m.m. Kort sagt, Bibelen er framleis høgst oppegåande, og det er vel ikkje noko anna bokverk som kan måla seg med desse bøkene når det gjeld verknadshistorie - det aller meste av vår vestlege kultur er basert på desse samlingane, eit mylder av historiske skrifter, forteljingar, visdomsbøker og religiøse funderingar skrive over eit langt tidsrom.

2011-utgåva finst både som vanleg Bibel og i ei litterær utgåve, dvs. utan inndeling i vers. Språket er godt ivareteke av litterære hjelpemenn som Jon Fosse og Karl Ove Knausgård (sistnemnde har med eit essay om nett dette i si siste bok, "Sjelens Amerika" - "Hjelpemann på Bibelen").

Men alså Jesaja, skrive i tre omganger av minst tre eller fleire forfattarar for to og eit halvt tusen år sidan. Kva har noko slikt å seia oss i dag? Profetane kritiserte si samtid, dei låg på tvers av det etablerte og la ikkje fingrane mellom når dei gjekk laus på makteliten i samfunnet - dei må ha blitt oppfatta som ganske ville. Og forbausande mykje av kritikken deira ville vore aktuell også i dag, anten det gjeld økonomisk utbytting, miljø eller utanrikspolitikk. Det krevjer ein viss innsats å lesa og setja seg inn i desse eldgamle skriftene, og ein må også forstå å lesa dei i ein viss kronologisk samanheng, men det er definitivt verdt det. Etter ei tid med Bibelen vert det meste anna triviell "tidtrøyte" i samanlikning.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Den svarte vikingen" er eit forsøk på å rekonstruera livet til den islandske landåmsmannen Geirmund Heljarskinn (dvs. Geirmund den mørkhuda). Geirmund vart fødd som kongsson, truleg på Avaldsnes i Rogaland, med ei mor som kom frå Sibir, og hadde såleis sterke asiatiske trekk. Han skulle koma til å bli den mektigaste landåmsmannen på Island, med fleire hundre slavar under seg - menn og kvinner som var tekne til fange i Irland og Skottland. Geirmund var ein rik mann - og brutal. Men det finst ingen saga om han, og det verkar som ettertida har prøvd å gløyma han. Forfattaren Bergsveinn Birgisson vil gjerne vita kvifor.

Bokas forfattar og forteljarstemme Bergsveinn Birgisson skriv som ein gud. Det er lenge sidan eg har lese ei bok frå norrøn tid som kan måla seg med denne, då må eg nok tilbake til Helge Ingstad og t.d. "Landet under leidarstjernen", for dette er ei bok som ikkje berre handlar om historie, men som fortel ei historie - mange historiar. Det er også eit smart litterært triks at lesaren følgjer Bergsveinn Birgisson på hans ferder som forskar, som i ein roman. Sjølv for oss som meiner at me har ei viss fartstid når det gjeld norrøn kultur er det mykje nytt å henta frå denne boka. Nytt - og kontroversielt.

Bergsveinn Birgisson er doktor i norrøn filologi, busett i Bergen. "Den svarte vikingen" vart nominert til Brageprisen for beste sakprosa 2013. Birgisson imponerte stort med den dampande erotiske romanen "Svar på brev frå Helga" for eit par år sidan - dette er ein mann som kan kunsten å få lesaren til å hengja med.- dette er ein mann som kan kunsten å få lesaren til å hengja med.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Charles Bukowski høyrer til ein eigen sjanger i amerikansk litteratur med kolleger som John Fante, Raymond Carver, Jack Kerouac og Henry Miller. Desse som skriv om sine eigne bedritne liv i ein hardkokt stil som elles høyrer heime i 50-tals krimbøker. "Nedenom og hjem" er intet unntak - tittelen seier det meste. Som John Fante har også Bukowski sitt alter ego: Henry Chinaski. Gjennom H. Chinaski får me del i Bukowski si eiga livshistorie, pluss minus. Om fattigungen frå Los Angeles som ender opp som drukkenbolt og kultforfattar. Skrive i ein kortfatta, nærast triviell stil som på eit vis forsterkar dei tragediane han formidlar, side opp og side ned.

Eg har stor sans for denne sjangeren. Men eg trur den kostar - både litterært og ikkje minst gjennom dei historiene som blir formidla. Bukowski fortel dei historiene me andre helst vil gløyma - og iallfall aldri fortelja offentleg. Han kler seg naken på eit vis som er hakket meir nakent enn Knausgård. Og stilen er reinska for alt prat. Her er det rett på sak.

Forfattarar som John Fante og Charles Bukowski går framleis rett heim hos særleg unge menn. Det håper eg dei held fram med. Både forfattarane og dei unge mennene.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Leser & likar # Etter bok 2 i Den mørke materien var eg klar for ein pause og noko lettare, og dumpa over klassikaren "Emil og detektivene" frå 1928, som no for første gong er kome i uavkorta norsk utgåve. Og for ein sjarmerande lita bok!

Erich Kästner (1899 - 1974) hadde eit langt forfattarskap bak seg då han døydde, men det er denne vesle barneboka som er blitt ståande som den mest kjende. " Emil og detektivene" vekte oppsikt i samtida med den realistiske samtidsskildringa frå bymiljø. Tidlegare var spenningslitteratur for born gjerne lagt til eksotiske eller eventyrlege miljø, noko forfattaren harselerer litt med i forordet til originalutgåva. Boka vart raskt ein enorm suksess, omsett til 60 språk. Filmversjonane lot heller ikkje venta lenge på seg, den første filmen vart laga i 1931. "Emil og detektivene" innleidde ein heilt ny sjanger - detektivbøker for born. Det skulle koma mange sidan! Men dette var den aller første boka som handla om skumle skurkar og born som detektivar i eit realistisk storbymiljø.

Handlinga er enkel nok: Emil tek toget for å besøka bestemora i Berlin, men blir fråstole pengane sine undervegs. I Berlin møter han ein gutegjeng som hjelper han. Og - får dei tak på tjuven, og får Emil pengane tilbake??? Eit STORT spenningsmoment.

"Emil og detektivene" kan godt lesast av vaksne. Språket, framstillinga, miljøet, illustrasjonane - smask. Ei vidunderleg bok, ei perle.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"DEN MØRKE MATERIEN" - EIT FANTASY-STORVERK

I all viraken kring Harry Potter, Narnia og Ringenes herre-filmane vart eit fantasy-storverk liksom litt borte i vrimmelen - eg tenkjer på Philip Pullman sin trilogi "Den mørke materien", som eg trur i lengda vil bli ståande som ein av dei store klassikarene i sjangeren.

"Den mørke materien" (1995-2000) er på alle vis eit fantastisk verk - og djupt originalt. Det består av dei tre bøkene "Det gylne kompasset" (som går føre seg i eit univers som liknar på vårt, på same vis som ein fantasifull teikneserie gjer det), "Den skarpeste kniven" (som går føre seg i vårt eige univers, dog befolka med englar), og endeleg "Ein kikkert av rav" (som vekslar mellom dei to universa). Alle bøkene er omsett til norsk av Torstein Bugge Høverstad, som også står bak dei norske versjonane av Ringenes herre og Harry Potter - og på same vis som med desse bøkene har han også teke grep for å fornorska namn og ord og uttrykk i "Den mørke materien" - og det på eit absolutt like heldig vis som med dei før nemnde verk. "Den mørke materien" kunne ikkje fått ein betre omsetjar! Bøkene er i tillegg gjennomført flott utstyrt, med vignettar for kvart kapittel teikna av forfattaren sjølv.

"Den mørke materien" er som sagt eit djupt originalt verk. Temaet er intet mindre enn arvesynden, i bøkene omtala som Støv. I den første boka, "Det gylne kompasset", møter me Lyra, ei freidig og fantasifull jentunge som bur på eit av kollegiene på universitetet i Oxford, i ein slags sein 1800-tals, underleg verd, i eit paralellunivers til vårt eige. Her er merkelege ting som anbarisk lys, filosofiske instrument, altheometere, sære kyrkjelege komitear, zeppelinarar med daglege avgangar til London, og ei skremmande, men lokkande kvinne ved navn mrs. Coulter - og ein like fryktinngytande onkel, lord Asriel - og gøynarar som blir fråteke ungane sine, som blir utsette for grusomme eksperiment i Lappland. Herfrå går den dramatiske handlinga vidare til Svalbard. Det handlar om flygande heksar, snakkande isbjørnar, tartarar og Nordlys - og ikkje minst om daimonar, som er kvart menneske si sjel. Borna som blir tekne får daimonane sine skorne vekk i ein freistnad på å bli kvitt arvesynden - Støvet.

Trilogien er delvis inspirert av Samuel Taylor Coleridges "The Rime of the Ancient Mariner", og kan sjåast på som ei nyskriving av John Miltons "Det tapte paradis". Framstillinga av Magisteriet gjer at verket ofte blir oppfatta som ein kritikk av ein autoritær kyrkje.

"Den mørke materien" er lansert som ei fantasybok for større born. Nett det stiller eg eit spørsmålsteikn ved. Temaet og også språk og framstilling vil nok vera tungt fordøyeleg for ein gjennomsnittleg 12-åring - eg vil kanskje heller tru at det er eit verk som er berekna på fantasy-fans i alle aldrar, og kanskje mest for vaksne. Stundom går handlinga litt tregt framover, det blir stundevis noko omstendeleg - men det kan berre vera meg som blir litt for utålmodig (eg opplever også "Ringenes herre" som omstendeleg).

Etter den første boka i trilogien er eg blitt hekta. Bok nummer to, "Den skarpeste kniven", er bestilt! På ein skala frå 1- 10 køyrer eg glatt på ein 10'ar. "Den mørke materien" høyrer absolutt til i toppsjiktet innan fantasy-litteratur.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eit funn for ein leksikon-freak/nerd som meg: "All verdens kunnskap - Leksikon gjennom to tusen år" (Press, 2012). Som dei fleste andre vaks eg opp med eit leksikon i bokhylla heime, eg trur det fanst eit leksikon i ei eller anna form i kvar ein heim på 60-talet - eg likte å sitja og bla i det, las litt her og der, men først og fremst var det den overveldande kjensla av ein (i mine auge) nærast botnlaus kunnskap som fascinerte meg. Men det var først då eg i slutten av tenåra las ei bok om dei franske encyclopedistene at eg for alvor fekk opp augene for leksikonet som ein ordna kunnskapsbase - og at det fanst fleire måtar å ordna kunnskap på, ikkje berre i alfabetisk orden, slik me normalt er vane med.

I det rikt illustrerte verket får me leksikonets historie, med vekt på norske og nordiske leksikon - Salmonsens Konversationsleksikon (1893), Opslagsboken (1922), Norsk Allkunnebok (1948-1966), Arbeidernes Leksikon (1932), Cappelens Leksikon (1939), Familieboka (som kom i ei rekkje utg., siste gongen 1973-1975) og fram til Store Norske Leksikon på 2000-talet. Dei norske leksikona har vore mange - og ei god salsvare.

Sjølvsagt er også store utanlandske leksikon presentert, som det klassiske Encyclopedia Britannica - og historia bak dei. Ikkje minst det store spørsmålet for dei tidlege encyclopedistene: korleis kategorisera og ordna kunnskap? Etter emne? Ja, sjølvsagt! Og ei anna sak - eit viktig poeng var å innlemma kunnskap som frå før ikkje hadde nokon plass i lærdommens rike. Encyclopedistene såg det slik at kunnskapen skulle munna ut i tre hovudgreiner: erindring, imaginasjon og fornuft - samt illustrasjonar. Den alfabetiske orden vart sett på som undergravande, den fører til at kunnskapens rekkjefølge vert vilkårleg og at kunnskapsområda vert blanda saman. Likevel vart det denne måten å ordna kunnskap på som til slutt gjekk av med sigeren. Det er først i våre dagar med systemet med lenker i digitale leksikon / nettleksikon at ein kan nytta seg av referansar på ein måte som grensar opp til den opphavlege tankegangen på 1700-talet.

For meg er boka "All verdens kunnskap" langt på veg ei nostalgisk reise. Eg høyrer til bortimot den siste generasjonen som vaks opp med gedigne oppslagsverk på papir, samstundes som eg er første generasjons brukar av digitale leksikon som t.d. Encarta - ei fantastisk oppleving på slutten av 1990-talet! Men det var noko eige med desse gigantiske bokverka - skal eg bruka berre eitt ord, så må det vera tyngde - tyngde reint fysisk sett, og den tyngda av kunnskap som møter deg, berre ved synet. Lukta av lær, av støv. Kjensla av andakt når du opnar bandet og leitar deg fram til oppslagsordet og sveipar over så mykje annan kunnskap på vegen. Ei kjensle og ei oppleving som er gått tapt i dag.

PS. Og ja - om du lurer, Hakkespettboka er også med!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Med ei Moleskine notatbok på innerlomma har Arild Rein sett seg føre å skriva ein tekst for kvar dag i eit heilt år. Og eit lesverdig år har det blitt. "Han skrev på kafeer, i parker, på sofaen hos venner, i fly, tog, bil. Disse 365 øyeblikksbildene fra ett menneskes liv er så tett forbundet med verden omkring at de blir til bilder av våre alles liv og vår alles tid. songar frå mitt territorium er fylt av desperasjon over menneskenes vilkår men også av en intens bejaelse av livet," for å sitera frå forlaget si nettside.

Arild Rein er etter mitt skjønn ein stor forfattar i eit lite format. Hans såkalla "Stavangertrilogien" (Hundedagane, Grisekoret og Kaninbyen) er i all sin groteske og beiske velde eit meisterverk, for ikkje å seia eit meistarleg verk. Det må ha gjort vondt å skriva desse bøkene, det gjer iallfall vondt å lesa dei. Her er det kynismen i den forvokste oljehovudstaden, framleis ein provinsby i eit provinsland, som rår grunnen. Ekle bøker, sabla godt skrivne.

Med Rein sine Moleskine-notat vert det litt annleis, men ikkje heilt - røysta frå trilogien er der framleis, berre på ein annan måte. Og det er sagt i positiv forstand. I desse tekstane, eller notata om ein vil, må ein stundom gjetta - eller ana - seg fram til ei meining. Men ettersom dei 365 tekstane spring fram (og året går) byrjar ein å fornemma ein samanheng, det er mest som ei slags fastlagt handling trer fram, som ein byrjar å sjå personen bak, ja trur ein snart vil møta han, sjølv om handlinga er like lite der som i årets dagar. Det er berre i romanar at ein finn handling. Men seriøst - eg veit ikkje om det er tenkt slik, skrive medvite slik, men gjennom eitt notat kvar dag i eitt år blir det jo også ein kronologi av det, og ein tek til å sjå og ana meir om den som skriv, om omgjevnadene, miljøet. Og ein annan ting med Arild Rein, han er så befriande "uintellektuell", så fri for posering - frå Moleskine-boka hans kjem det rein vare. Han har kalla samlinga "songar frå mitt territorium" (med liten s) - sjela sitt territorium? den personlege integritets territorium? byen sitt territorium? Me treng ikkje vita det, hintet er nok.

Forutan sjølve tekstane har Arild Rein også skrive eit etterord. Han fortel at han skreiv etter Baudelaire sitt motto: "Å arbeida i blinde, utan mål, som ein galen. Så fekk ein sjå..." Han skreiv ned alt som falt han inn, og vart tidleg klar over dei djupe og indre motsetnadene i teksten. Og med omsyn til sjølvframstillinga (omslaget på boka viser ein stor A og R): dette er ikkje hans sanne "eg", tekstane er eit mugshot - "klårt som eit stjernebilete, men må tydast som ein rebus".

--

Nokre ord om sjølve boka. Sjeldan i samtidspoesien har eg sett eit så sterkt argument for papirboka som denne utgåva. Ho er tiltalande, mest fortruleg vakker, det er ei slik bok ein får lyst til å eiga, opna, lesa. Og med ei innbinding like solid som innhaldet.

Konklusjon: Arild Rein er min mann.

PS. Eit retorisk spørsmål til slutt: er det meininga at me skal bruka 365 dagar på lesinga?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tomas Espedal har møtt så mange menneske og reist så mange stader at han neppe hugsar meg. Men eg har faktisk møtt han fleire gongar, første gongen på Tysnes i Sunnhordland, neste gongen også på Tysnes då eg hadde fått Stavanger-poet og Beatles-entusiast Arnt Birkedal til å koma dit for ei opplesing, seinare på ein kafe i Bergen, sist på Ulvik Poesifestival, der Tomas sat og las ei avis og eg forstyrra han med preik om meg og mitt og han lytta. Og så har eg høyrt han snakka og lesa opp - og summa summarum er Tomas Espedal ein fantastisk flott kar. Til stades, empatisk. Med ein maskulinitet eg har beundra frå første stund.

Eg var begeistra for boka hans "Gå" - men det var også der dei første innvendingane mine byrja å melda seg. Noko ved den boka tok til å irritera meg. Kanskje fordi han la opp til ein kunstnarmyte, som forfattaren som eit objekt langt meir interessant enn andre tenkjande menneske, innhylla i ein slags mystikk, med Espedal i rolla som posør, etter kvart ufriviljug komisk. Den andre invendinga mi (og den største) var språket, språkføringa, som eg oppfatta som tilgjort, affektert. Det var noko her som eg ikkje kunne sjå som anna enn eit spel, noko uekte. Men la gå, "Gå" er uansett ei god bok.

Om det ikkje hadde vore for den siste boka hans, "Bergeners". Herregud, kva kunne ikkje denne boka ha blitt til??? For oss heil- og halv-bergensarar som har gått og venta på boka som det heilt store denne hausten, på førehand samanlikna med "Dubliners" - og så dette??? Meir posør-Espedal, framleis den affekterte stilen, framleis oppteken av å skapa myten om seg sjølv, framleis sin eigen klisjé. Og - når ein tenkjer på kva anna som finst på trykk mellom to permar her i verda - så sørgeleg uinteressant.

Men trass alt - "Bergeners" er ei bra bok og absolutt lesverdig, men terningkast 6 blir det ikkje frå meg, knapt halvparten. Bergen hadde fortent meir enn dette.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Rockelegenda Patti Smith har skrive ei fin bok, «Sanka ull - Woolgathering».

Boka vart skrive for 20 år sidan, for eit lite forlag som publiserer handskrivne bøker, med namn som William Burroughs og Bob Dylan på forfattarlista. No er den vesle boka kome ut på norsk, i to-språkleg utgåve. Eg har gledd meg til å lesa ho, men det er eit eller anna som ikkje funkar. Slik er det stundom. Kanskje tidspunktet er feil, kanskje den norske omsetjinga vart for mykje av ein coverversjon og eg heller skulle konsentrert meg om den engelske originalteksten. Kva det enn er, eg legg berre boka til sides ei stund og tek ho fram att seinare. I mellomtida tipsar eg altså om at ho finst...

PS. Kva boka handlar om? Om det essensielle, om kva det vil seia å vera til og å veksa. Ei samling fragment, tankar kring kvardagslege hendingar. Undring og erkjenning. Og bøn. Motivet på omslaget (Jean-François Millets 1800-tallsmaleri «Shepherdess with Her Flock») viser ei jente i knall raud lue med ryggen til saueflokken ho gjetar, fordjupa i eit bønekjede. For - ja, det handlar om bøn. Og om å sanka ull på sin veg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har nett lese ferdig romanen "Fahrenheit 451" av Ray Bradbury.

"Fahrenheit 451" handlar om bøker. I eit framtidssamfunn der husbrannar er ein saga blott, ettersom alle hus vert bygd brannsikre, får brannmennene ei ny oppgåve: å brenna alle bøker dei kjem over. Papir brenn ved 451 grader Fahrenheit. Ikkje at det gjer så mykje. Folk flest har for lengst slutta å lesa bøker uansett. Dei er lukkelege i dei hypermoderne heimane sine, med sine interaktive heildekkjande vegg-tv'ar som køyrer morosame show med hermetisk latter, med sine raske bilar og stadig skiftande samlivspartnerar. Kva skal dei med bøker? Dermed set dei anonyme, andletslause styresmaktene i gang med ei storstilt utreinsking av alle bøker dei klarar å oppspora.

Brannmannen Montag er ein av dei ivrigaste. Men ein dag stikk han unna ei bok, tek den med heim og set seg til å lesa. Og så endå ei, og ei til...

"Fahrenheit 451" kom ut i 1953 - men kunne gjerne kome ut i dag. Bradbury sa sjølv at boka vart inspirert av Arthur Koestlers bok om Moskva-prosessane ("Mørke midt på dagen") - men som tida har utvikla seg har boka også fått ei uhyggeleg aktualitet for vårt vestlege samfunn i dag, der så mykje blir trivialisert og relativisert og har problem med å forhalda seg til lengre og kompliserte tekstar.

Ray Bradbury er kjent for dei fleste som ei av dei aller fremste sci-fi forfattarane på 1950-talet, og fleire av bøkene hans må vel reknast som klassikarar innan genren, med "Fahrenheit 451" som eit absolutt høgdepunkt. Ettersom han skreiv for ein kommersiell marknad utvikla han ein skrivestil som mang ein forfattar av triviallitteratur kan misunna han. I "Fahrenheit 451" blir du garantert fanga inn frå første avsnitt, og du blir halde fast til siste line.

Eit stort poeng i boka er at det ikkje er styresmaktene som har forbode folk å lesa bøker, men at folk flest ikkje gidder å lesa meir eller bry hovuda med intellektuelle syslar av noko slag. Kvifor skal dei det, når dei kan leva lukkeleg med sine tv-show og overflatiske omgangsformer? Blir nokon lukkeleg av å lesa ei bok?

Les "Fahrenheit 451" og finn det ut. Boka kunne vore skrive i dag!

Godt sagt! (15) Varsle Svar

På tur til Island for eit par veker sidan lasta eg ned ein islandsk krim på Kindlen: "The Flatey Enigma" av Viktor Arnar Ingolfsson, som har levert fleire solide krimbøker av beste islandske merke.

At eg valde nett denne boka var ikkje heilt tilfeldig. Flateyjarbok er ei av dei islandske sagabøkene eg har brukt ein del tid på, ikkje minst pga. ei av bøkene i samlinga - "Grønlendingesaga", som gjev mange verdfulle opplysningar om norrøn utforsking av Nord-Amerika i tidleg mellomalder.

"The Flatey Enigma" handlar vel så mykje om Flateyjarbok som krimgåta boka fortel om: ein dansk professor, ekspert på Flateyjarbok, vert funnen død på ei avsidesliggjande, ubefolka øy på vestsida av Island. Dermed vert det sett i gong ein prosess som rullar opp ei rekkje hendingar som dei involverte helst såg både gøymd og gløymd. Samstundes vert etterforskarane - og lesaren - presentert for den såkalla "Flatey-gåta", basert på gåtefulle spørsmål henta frå Flateyjarbok. Og det er nett dette som løftar denne krimromanen og gjer den annleis enn så mange andre krimbøker: kvart kapittel vert avslutta med ei gåte og ei forteljing henta frå Flateyjarbok. Og når boka er ferdiglesen veit lesaren ikkje berre kvifor og korleis den danske professoren døydde, men har også fått med seg mykje kunnskap om Flateyjarbok undervegs, eit gedigent og særs mangfaldig historieverk frå mellomalderen, med både norske kongesagaer, kvad og eventyr og islandske ættesagaer - handskrive i berre eitt einaste eksemplar. Etter fleire hundreår i København kan du i dag sjå boka utstilt i Reykjavik.

Eg er ingen stor forbrukar av krimbøker, så eg vil kanskje (kanskje urettferdig) plassera denne boka sånn litt over halvveges på treet, men opplegget med Flateyjarbok og innblikket som lesaren får i eit islandsk lokalsamfunn anno 1960 - ja, det blir glatt terningkast 5.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tone SundlandElla_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLaila