Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 1 til 16 av 16 bokomtaler

Når eg omsider fekk rota meg til å lesa noko av Mankell så vart det dessverre ein stor skuff. Denne boka var så full av platte, lite truverdige episodar, og oppdikta pappfigur- karakterar at eg vert heilt matt. Eg veit ikkje kvar eg skal starte for å beskrive alt det kunstige eg opplevde med denne boka, så eg let det heller vera. Men eg har fleire Mankellbøker i hylla, så eg får gje han ein sjanse til. Under tvil.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har ikkje lese noko av Knausgård tidlegare. Eg skulle no på reise og denne boka vart plukka med fordi den var laga i mjukinnbinding. Alle dei tjukke bøkene frå Knausgård står urørte heime. Men no er eg trollbunden av Knausgård. Måten han formulerar seg, og hans framtilling av verda si sit meg i stor respekt ovanfor han. Eg finn han ikkje utleverande, for han tek heile tida utgangspunkt i seg sjølv, viser situasjonar med eigenopplevingar som fokus. Dette er ei bok som vert skreven til den vesle dotra hans, og når den vert skreven slik at det er mynta på ei lita jente alt som står der, så gjer det det heile så rørande og kjærleiksfyllt. Det kvardagslege vert her skildra, og det er det eg finn så flott, for det nære livet vert hedra, men ikkje forgylla eller forfalska. Eg gler meg til å lesa meir av Knausgård.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Dette er ei bok om dei pårørande si omsorgsbelastning når dei er mor eller far til eit barn med autisme. Forfattaren som eg antar er mora skildrer på ein direkte og personleg måte korleis ho opplever sitt barn som bit og slår og som stoppar i si utvikling. Vonbrotet og fortvilinga kjem sterkt fram. Me les om avlastning som ikkje vert gjeve, og om treg sakshandsaming. Slike heilt konkrete tilleggsbelastningar vert det skrive om, og eg applauderer det; for det finst altfor få slike bøker der dei pårørende forteller om livet og om kvardagen dei opplever der heime med barnet. Me andre treng å lesa, reflektera rundt orda og bodskapen. Barnet i boka vert beskreve som eit barn omgitt av mykje kjærleik, det er fint å lesa. Men det er einsemda i slitet og strevet til foreldra eg sit att med når eg legg boka frå meg. Forfattaren virkar modig, flott og varm.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Dette er mi fyrste bok skrive av Hoem, og ikkje visste eg at han førde eit slekt vidunderlig vakkert språk, og skreiv så meisterleg og poetisk på nynorsk. Ei virkelig nydelig bok der han skriv om mor si og far sin, og viser med måten han skriv på forståelse for livets krav og sut, og livets gleder og gåver. På måten han skriv om foreldra, virkar det som han har mykje kjærleik og respekt for dei. Eg får sjølv respekt for Hoem, og tenkjer at han er ein forfattar som har mykje ved seg; Klokskap, kunnskap, undring, varme -og utfrå inntrykket mitt frå denne boka; eit gudegjeve forfattartalent.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Dette er mi fyrste bok av Gunnar Stålesen. Har sett mange filmatiseringer, og har mange bøker i hylla på vent, men dødens drabanter vart første lesning. Boka var bra skrive, og tematikk rundt barnevern, oppvekstvilkår og tilknyttningsforstyrrelsar var ei uventa side av krimlitteraturen som tiltala meg noko. Men då boka gjekk mot slutten ana eg korleis dette ville enda. Eg vart ikkje overraska over kven skurken var, og eg ynskjer jo å verta overraska når eg les god krim. Difor berre terningkast fire frå meg. Men Stålesen skal eg lesa meir av!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Boken om den kinesiske malerinnen Yuiliang er noe av det beste eg har lest på mange år. Både hvordan boken skildrer det tragiske i at hun som ung jente blir solgt som prostituert, men også beskrivelsen av hennes kunstneriske utvikling synes eg var gripende. Maleriene og maleteknikkene ble skildret så vakkert at eg fikk lyst til å male selv! Nå har eg gitt boken videre nettopp til en maler, fordi denne sterke historien unner eg andre i å ta del i. For boken hadde mange lag, og den ga meg en følelse av å ha vert på en lang reise sammen med maleren fra Shanghai. En dame eg kommer til å minnes lenge.

Godt sagt! (3) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ei flott bok som eg tykkjer har mykje av kvaliteten frå "Idar dans" i seg. Men ein del vert oppattaking, og ein del av kapitla tykkjer eg faktisk kunne ha vore strøkne heilt bort. Eg grein mykje då eg las boka "Idas dans", og eg fortsette med grining i denne boka. For skriva kan forfattaren, og ho er god på å skildra. Ho skildrer viktige stunder og dyrekjøpte erfaringer. Boka startar tregt, eg måtte nesten lesa 70 sider før eg fant boka leseverdig. Men etter 130 sider sette eg terningkast 5. Medan tårene gjorde maskaraen rennande. Tårene skuldast det sørgelige i våre tap ved død, men tårene handler også om Corwin si skildring av livet sine gleder. Om varmande familieband og betydning av venskap i tøffe tider. Rørande og flott bok!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette er mi fyrste bok skrive av Levi Henriksen, og eg kjem nok til å lesa fleire! For dei fyrste sidene ga meg ei sprudlande glede av å ha funne fram til forfattaren. Eg gledde meg over nydelege setninger og fine skildringer. Mitt hjarta banka då varmt for Henriksen. Eit sjeldant flott språk, ein kunstnars penn i handa. Men så, omtrent frå midten av boka skjedde det noko. Boka kjendes for meg meir og meir utmalande, eg irriterte meg over litt urealistiske samtalefrekvensar, over hendinger eg ikkje greide å tru på. Eg las boka ferdig, men kjende meg skuffa, for dette var dumt, denne boka hadde så mykje gull i seg!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

En bok som ikke tiltaler meg når det gjelder bokomslagets illustrasjon. Boken er svart og mørk og eg ville gått forbi denne boken på biblioteker, fordi eg ville tro det var en skrekkhistorie inni. Kanskje dette er forfatterens hensikt. Ihvertfall er innholdet tildels skremmende fordi den ikke er fiktiv, men faktisk basert på forfatterens voldsomme oppvekst og krevende livserfaringer. Sjelden har eg lest noe lignende, eg er glad for den kunnskapen om barndom, oppvekst og autisme som forfatteren gir meg. Eg ville selv ha kuttet ned på en del av boken, for partier i boken mener eg at trekker ned kvaliteten noe. Men det blir også litt urett av meg å si dette, for dette er erfaringsformidling, og da er det vel forfatterens privilegium å velge det som er viktig for henne å formidle, først og fremst. Dette er en bok som kan bidra til vår forståelse i forhold til adferd og adferden sitt underliggende grunnlag. Den ķan øke vår forståelse når det gjelder barn, barn som har det vanskelig, barn som blir krenket og i forhold til hvordan barnet kanskje selv tenker rundt tingene og kanskje selv sitter med mange av svarene.
En bok det faller unaturlig å gi terningkast.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg har nå lest boken for andre gang. Jeg måtte lese den en gang til for liksom å sjekke at den var så god som eg husket. Det var den. Man følger hovedpersonen gjennom flere år der hun går i psykoanalyse hos en psykolog. Måten dette er skildret, gir et innblikk i hvordan en traume i barndommen kan snakkes om og bearbeides gjennom tett samarbeid mellom psykolog og klient. Dette er en bok der man blir glad i hovedpersonene, en bok som er trist men som også viser håp og varme og beskriver hvordan mennesker kan være til hjelp for hverandre. En god leseopplevelse!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Knallbra! Fortellende om å være mennesker, sammen. Fantastisk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei heilt fantastisk bok om å væra far til eit barn med utviklingshemning. Kjærleiken til dotra, respekten og varmen, men også tyngden og slitet vert skildra så varsamt, ærleg og vakkert at alle menneska i verda burde ha lese boka.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Spesiell bok. Men fin kanskje også derfor. Litt uvanlig formidling om vond erfaring. Eller egenopplevd erfaring. En bok som mange kunne hatt nytte av i disse dager med så mye kirurgi og sykdom.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fantastisk!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sterk og vond bok. Boken ga meg grunnlag for økt forståelse for dissosiativ identitetsforstyrrelser og hvordan grunnlag legges for dette/ hvor krevende det er å forholde seg til for den det gjelder. En bok om traumer og traumers inngripning, og en bok eg leste før eg tok fatt på faglitteraturen om emnet. Anbefales!
Godt og modig skrevet, men krevende og sørgelig lesning om vonde erfaringer.

Sitat

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Per Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit RgretemorAnn Christin