Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 1 til 1 av 1 bokomtaler

For eit par dagar sidan vart eg ferdig med Memory of light, den siste boka i Robert Jordans (og Brandon Sandersons) fantastiske fantasyserie "the Wheel of Time". Dette var den første store bokromansen min, og eg har vore bergteken sidan eg plukka med meg den første boka "Flukten frå Emondsmark" for 12 - 13 år sidan, berre fordi framsideillustrasjonen var stilig. Opp gjennom åra har dette truleg vore dei bøkene eg har lese oppatt flest gongar, og dei har vore drøfta og analysert, utallige timar i godt selskap.

No er eventyret over. Og ein sitter igjen med ein vemodig følelse av tomleik. Var dette alt? Ein kan vel likevel ikkje klage på lengda på serien, for med 14 bøker på til saman 12000 sider dette ein av dei største fantasyseriane som er skrive. At bokserien i det heile vart fullført etter Jordans død i 2007 er noko dei fleste av Wheel of Time tilhengarane setter stor pris på.

At Brandon Sanderson tok over roret etter Jordan har både gode og mindre gode sider ved seg. Av dei mindre gode sidene kan det nemnast at det ikkje er alle karakterane han klarer å fremstille autentisk. Tidvis får ein inntrykk av at karakterane oppfører seg som dei gjorde i starten av serien, uten tanke på den utvikklinga dei har gått igjennom. Dette vert illustrert gjennom fordommar og haldningar som ikkje er truverdige.

Eit anna problem er farten på boka. Jordan skreiv omstendeleg, og det er mange som hevdar at han på eit visst punkt i serien (rundt bok 7 eller 8) gjekk seg vill i sin eigen verden - at plottet nesten ikkje gjekk fremover. Andre meinte at det kanskje vart vel mykje skildringar av dei politiske intrigene og stridane og ikkje minst kniplingar. Likevel føler eg at dette er viktige trekk ved Jordan si skriving, og ein av grunnane til at nettopp denne serien framleis står så sterkt hos meg. Jordan var ein utrulig dyktig verdensbyggar, og få om nokon har klart å gjere det same. Sanderson har dratt proppen ut av badekaret. Han har som mål å fullføre bøkene, og dette går ein del på bekostning av fortellinga. Det er også ein del raude tråder som vert vekke eller ikkje nøsta opp i alt hastverket.

Sanderson er også ein tilhengar av deus ex machina, noko som ikkje heilt står i tråd med WoT universets strukturelle og avgrensa magisystem. Når alt ser som svartast ut, så går det likevel bra, sjølv om vi lesarar kanskje føler at dette vert for lettvint, vi veit nemleg kva som er mogeleg ;)

Sanderson står sterkt når det kjem til sekundære hovudpersonar som Jordan ikkje har nytta mykje tid på. Eg er også i stuss om Robert Jordan kunne klart å ta livet av ein einaste av sine elskede hovudpersonar. Ja også har vi jo fått ei avrunding på heile eventyret =)

Vel, kva kan ein seie om Memory of light. Dei to føregåande bøkene har tydeleg bygd opp mot Tarmon Gai'don - den siste striden mellom det vonde og det gode - og her kjem den. Alt frå starten av boka brakar det laus. Trollokar og Mørkefrender angriper hardt. Dei gode er sjølvsagt underlegne, alt anna ville vel vore urealistisk og ikkje i tråd med rettningslinjene for episk fantasy. Likevel har dei gode ein del ess i ermet. Det som er fasinerande er at dei vonde også har sine ess, noko som tidlegare ikkje har vore heilt tilfelle (ein har ofte snakka om "stupid evil"), noko som gjer spenninga meir intens enn tidlegare.

Krig og herjing går føre seg stort sett gjennom heile boka, og vi vert drivne til å lese vidare, for håpet om ein lukkeleg slutt er heile tida til stades sjølv om det stadig ser mørkare ut. Spørsmålet om kva som er ein lukkeleg slutt er også eit viktig aspekt som dukkar opp i boka, og vi får fleire ulike visjonar om kva som kan skje. Vil verda verte ein betra stad om dei gode sigrar? og er det berre vald og elende som er i vente om dei vonde sigrar?

Sjølv om dette er ei mykje dystrare bok enn dei føregåande, finner vi også ein del av den samme lune humoren som alltid har vore til stades i serien. Særleg gjelder dette kjønnsrollemønsteret. Den generelle interaksjonen mellom menn og kvinner er like naiv som alltid og ein kan ikkje anna enn å more seg over den. At det i det heile vert født barn i WoT universet er eit under, eg misstenkjer at dei kjem med storken. Interaksjonen mellom ein del av karakterane er også svært lattervekkande.
Ein finner også ein del rørande augeblikk i boka, og eg må ærleg innrømme at eg fleire stader satt med ein klump i halsen.

Kva kan eg seie om slutten utan å røpe for mykje. Vel, etter mitt syn er den ikkje tilstrekkeleg. Dei siste 100 sidene av boka gjekk for fort unna, og det vart nytta nokre enkle løysingar. Fleire underplot vart ikkje konkludert, og ein vart sittande igjen med ein del spørsmål og ein del irritasjon. Memory of light burde hatt ein epilog på eit par hundre sider.

Men dette er vel eit problem som går igjen i dei fleste bokserier i genren episk fantasy. Både J.R.R. Tolkiens Ringenes Herre og Brandon Sandersons eigen serie, Mistborn, har noko uferdig over seg. Slutten vert ikkje tilfredsstillande for lesaren. Likevel må vi vel tenkje oss at det ikkje er korleis fortellinga ender som i bunn og grunn er det viktig for serien, men vegen frem mot slutten. Om ein ser Wheel of Time i eit slikt lys kan eg ikkje anna enn å seie at det har vore ei fantastisk lesing, og ei reise eg gjerne tek ein annan gong.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

Berit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethOleMorten MüllerTanteMamieLilleviAvaTine Sundal