Tekst som har fått en stjerne av linneablomst:

Viser 1 til 2 av 2:

Det finst så mange stader ein kan utvikle lidenskap for. Sjølv om hovudaksane i livet mitt i så måte er Vardalsåsen, Jotunheimen, Roma og Granada, samlar eg ivrig på skotske øyar. Dei på vestkysten, altså, dei som Kirsti Jareg har skrive bok om: Øyene i vest. Hebridene, Orknøyene og Shetland. Eg hørte henne i radioen i 2007 rett etter at eg hadde komme heim etter ein ferietur på dei ytre Hebridane; ho vart intervjua om reisene sine der og bokprosjektet som ho var i gang med. Så kom forfattaren i hamn – i fjor haust. Å lese boka vart å reise dit på ny og lære om fortid og samtid der vest:

Boka er på godt over fire hundre sider. Dette slår ut på to måtar: Fyrst og fremst får lesaren ei grundig innføring i både stort og smått. For ein som har reist mykje i området, gjer det godt å kjenne seg att, oppleve lukter og lydar på ny og bli mint om vakre landskap, ville stormar, skummande ølglas og hyggelege menneske. For det er ikkje måte på kva Jareg finn ut og kan fortelje om. Ho gjer øyane levande ved å trekkje fram folk, stader og episodar i historia, både den norrøne og den nye. Ho er med det meste av tida og gir stoffet eit personleg preg utan å bli privat (ho er halvt skotsk, men styrer for det aller meste utanom slekt og familie). Samtidig er det ikkje til å komme forbi at detaljane fungerer best nettopp når lesaren kjenner seg att og opplever å få utvida eit kjent perspektiv. Når Jareg skriv om stader der eg dessverre ennå ikkje har vore, når ikkje opplevingane mine av stoffet like store høgder. Dette blir i alle fall min eigen reaksjon.

Bortsett frå i eitt tilfelle: Kirsti Jareg har til og med vore ute på St. Kilda, sju mil frå Lewis og North Uist, så langt ut mot det amerikanske fastlandet som det går an å komme frå Skottland, og skildrar natur og historie slik at sikkert fleire enn denne lesaren får enda større lyst til å dra dit.

Godt skriv ho òg. Ho er eigentleg psykolog, men har, skjønner eg, brei erfaring også frå andre fagfelt. Ho skapar nesten sin eigen sjanger – ingen reisegaid, inga reiseskildring, inga historiebok, inga essaysamling, men Øyene i vest blir ein frodig syntese av alt dette. Språket verkar gjennomarbeidd; det er berre ein overdriven bruk av setningsfragment som av og til blir litt slitsam. Stiltonen er variert, og det er tydeleg at forfattaren veit kva ho gjer når ho skal formulere seg. Boka ville dessutan ha tent på ein klarare struktur innanfor kvar hovuddel, for av og til flyt underkapitla saman utan klare overgangar når nytt stoff kjem inn.

På den eine sida: Litt i meste laget, kanskje, men på den andre: Ein treng ikkje å sluke alt på éin gong; ein kan nyte det som ein alt har eit forhold til, ein kan ha boka med seg på reiser og ein kan bruke henne som etterarbeid når reisa reint fysisk er over. Ein fascinerande del av Europa er det ho viser oss, så nær oss og samtidig så særeige.

Den som vil høre Kirsti Jareg fortelje om øyane, kan gå inn på ei nettside som forlaget har.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Dette må du huske! Ta på deg skjerf!!Bruker du ikke skjerf, da kan du bli forkjølet. Blir du forkjølet, blir du hes. Blir du hes, må du hviske. Den som hvisker lyver. Lyver du, kan du bli kriminell. Blir du kriminell, kan du komme i fengsel. Kommer du i fengsel kan du treffe narkomane. Blir du narkoman, kan du dø! Så husk, for %#!+& det forbanna skjerfet!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Dolly DuckHarald KMarit MogstadPer Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit R