Sigd

dikt

av (forfatter) og Gard Skagestad (oppleser).

Gyldendal 2020 Lydfil

Gjennomsnittlig terningkast: 4.95 (20 terningkast.)

46 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Endre veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Han skal vere som faren og fedrane før han. Som ung mann treffer han Abelone, giftar seg med henne og tek over garden. Framtida ser ljos ut - til Endre blir sjuk og sengeliggjande, og garden lyt seljast. Kven er han utan retten og plikta han er fødd til? Kva skal han no leve for? Det er då bøkene kjem, frå andre sida av havet, og tek Endre med ut i verda.

Sigd er ei forteljing i dikts form om eit enkelt - men samstundes storslått - liv, om dei universa bøkene kan opne, og korleis ein mann som er bunden til senga, kan ta del i oppdagingar i land langt borte. Det er ei forteljing om ei tid som ikkje finst meir, men som likevel er til å kjenne att. Og det er kjærleikshistoria om Endre og Abelone - som til slutt må lage seg sitt heilt eige språk for igjen å kunne snakke saman.

Bokdetaljer

Forlag Gyldendal

Utgivelsesår 2020

Format Lydfil

ISBN13 9788210058134

EAN 9788210058134

Språk Nynorsk

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

3 13 4 0 0 0

Bokomtaler

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

tenk at du lever
seier eg, ser på han som
alle stader har vore, som
alt har sett og alt har gjort

sjølv har eg ikkje gjort anna
enn å vere her, og å vere her
er det eg skal, til all tid.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

gras og blomar er
ein heilagdom

gras og blomar
er som gull

så aldri vasse i graset
eller rive opp blomar
fånyttes

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I BOTNEN AV BÅTEN

alltid har eg tenkt
at døyr far, døyr frendar
døyr eg det same, men aldri at
det skulle skje no, like etter stilla
på åkeren, ikkje noko kan eg seie, og
ikkje noko kan eg gjere, må berre sitje
her, ikkje sjå på kista eller mor mi som
sit under frynsesjalet sitt fremst i båten
ikkje sjå på systrene eller spelemannen
eller roarane eller abelone med barnet
i magen, berre på årene i det kalde og
klare vatnet, og vite at månen min
måne, far min sin måne, han lyt
eg gje vidare til son min og
son hans og son hans att
måne i ny og måne
i ne, i ring og
i kring

Godt sagt! (2) Varsle Svar

[...]

og sjølvaste
blåklokkehimmelen
skal eg hekte ned til deg
kviskrar eg, leggje han
som det finaste sjal
kring skuldrene
dine

Godt sagt! (1) Varsle Svar

MÅNEN

ligg og skal sove, men
i lyset frå grua ser eg røyken
som stig opp i ljoren og ut, og langt
oppe i det mørke er det noko så kvitt og
blankt, kva er det eg ser i himmelsynet, seier
eg, å, det er månen, seier far, tek meg på armen
og slår kvitelen kring meg, ber meg ut stovedøra og
ytste døra og så ut i den kitlande, kaldklare natta, ved
den store bjørka snur me, far peikar opp i det blåsvarte
og seier sjå månen, endre, han har alltid vore der og skal
alltid vere der, er det ikkje fint, jau, seier eg, og i dagane
som kjem, skal eg ofte spørje etter månen, og far min og
eg skal gå ut på trappa, stundom kan me skimte noko
bak skodde og regn, stundom kan me sjå han som
ein sigd oppe på himmelen, men mykje av tida
er han ikkje å sjå, og far seier at han gøymer
seg nok, gjer som han vil, er heldig slik
og sidan skal dette vere det første
eg hugsar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

46 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket

Lister som inneholder dette verket

Bøker jeg har lest i 2021


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Atlanten" av Ruth Lillegraven
  • "Kjære Gud, kommer du snart? - det er så rotete her" av Marianne Magelssen
  • "In Our Mad and Furious City"
  • "Estalåni - dikt" av Eli Fossdal Vaage
  • "I dødeboka - dikt" av Sarah Selmer
  • "Det vidunderlige" av Bror Hagemann
  • "Anna Wunderlichs sang - dikt" av Karin Haugane
  • "Nye sonetter fra innsjøen" av Karin Haugane
  • "Familiebånd" av Clarice Lispector
  • "Ho sykla bort - og andre noveller" av Solfrid Sivertsen
  • "Liljevilje - dikt" av Helge Torvund
  • "Mørke dyr - roman" av Janne-Camilla Lyster
Alle bokanbefalinger for dette verket