Omtale fra forlaget
Første bok i storverk frå Jon Fosse.
Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.
Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling
på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for vennen som er innlagd, han tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snølagde vegar.
Det er adventstid. Kvart år reiser Åsleik med sjarken for å feire jul med søstera si. Asle blir alltid invitert med, men takkar alltid nei. Denne jula vil Asle for første gong bli med på julefeiring hos søstera.
Livet til dei to Aslane blir fortalt både gjennom tilbakeblikk og gjennom ei notidshistorie. I dette første bandet av Septologien handlar tilbakeblikka om barndommen. Det handlar om Asle og søstera, fjorden og alle farar, men også om ein nabogut som blei borte på sjøen.
«Septologien» er ei suggererande og storslått forteljing om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men også om kva det vil seie å vere i livet, om varmen frå ein hund, gleda ved bilkøyring i snø og kor godt det kan smake med egg og flesk.
Utgivelsesår 2019
Format Lydfil
ISBN13 9788234001635
EAN 9788234001635
Språk Nynorsk
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Nynorsk litteraturpris 2020 Nynorsk litteraturpris 2019
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Veien er målet, heter det. Her får vi møte en enslig kunstner og alle hans tanker, tilbakeblikk og de (få) personene han forholder seg til. Boka er rik og handler om mye den, og den lar deg hvile ved de små tingene i livet. Skrivestilen er ny og uvant, men etter 3-4 sider kommer man fort inn i rytmen, stilen og fortellingen. At boka mangler punktum gjør bare at det er vanskelig å avslutte en leseøkt og man ender opp med å bare "lese én side til".
Til tross for lite handling, så lar man seg suge inn i boka, her er det skrivestilen som imponerer. Når det er sagt så ble jeg en smule mettet når det gikk mot slutten og boka får derfor ikke toppkarakter hos meg.
Sjølve handlinga kunne fått plass på 3-4 sider, så her er det den repeterande og suggererande stilen til Jon Fosse som dreg meg gjennom boka på ein slik måte at då eg var ferdig ville eg skaffe meg neste band (del III-IV) for å lese vidare.
Ein svært spesiell leseropplevelse. At det ikkje finst eit punktum i heile boka går i grunn greit, det er ein fin rytme i hans måte å skrive på.
Men eg måtte lese meg opp på nettet ang handlingen; fleire personar med samme namn var forvirrande. Del I, sjølv om skrivemåten i seg sjølv gjorde sidene til ein fin leseopplevelse kunne ein samstundes undrast over om han heldt ap med lesaren slik han gjentek og gjentek, at han berre skreiv surr. Men neppe er det slik. Han skriv litt slik som mange eldre vestlendingar på bygda snakka, ein del intetseiande og noko visdom. Han berører såvisst tunge tema innimellom.
Del II har betre framdrift og er meir lett lest. Men svært spesiell skriveform, det er det.
Denne boken egner seg som lydbok med opplesning på nynorsk. Handlingen kommer i bakgrunnen. Fokuset er på det meditative og introspektive, repeterende. Vakkert!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketJeg har som mål å lese flere Nobelprisvinnerene i litteratur. På denne lista vil jeg legge inn de jeg har lest og fylle på etterhvert.