Fante-Nils og forteljingane Treskilling, Hjelpelaus

av (forfatter) og Anette Eriksson Linander (illustratør).

Selja forlag 2006 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (2 terningkast.)

3 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Fante-Nils er ei forteljing om venskap, hovmod, anger og dårleg samvit. I forteljingane Treskilling og Hjelpelaus skildrar forfattaren kjærleik, mistru, havesykje, omsut, hjelpeløyse og samhald. Felles for forteljingane er at dei handlar om dei store kjenslene og tankane som eit barnesinn kan romme. Forteljingane vart første gong trykte i Sogor i 1887. I denne utgåva er dei innkorta og omskriven for born av Jens Brekke.

Omtale fra forlaget

"Då kasta eg meg ned, gret og tuta og tuta og gret. Dei trudde eg var galen, dei som stod rundt. Dei såg ikkje korleis det var barnet i meg som låg sundbrote og hiksta utanfor si eiga stengde dør." Desse linene er henta frå "Fante-Nils", ei forteljing om venskap, om hovmod, anger og dårleg samvit. I forteljingane "Treskilling" og "Hjelpelaus" skildrar Sivle kjærleik og mistru, havesykje og omsut, hjelpeløyse og samhald på ein måte som får kvar streng i sjela til å dirre. Felles for alle forteljingane er at dei handlar om dei store kjenslene og tankane eit barnesinn kan romme, og stemningane går rett i margen på oss. Tekstane til Sivle er ein litterær kulturarv born som veks opp i dag også bør få del i. Dei tre forteljingane vart første gong trykte i "Sogor" i 1887, og kjem her i ny utgåve for born, litt innkorta og omskrivne av Jens Brekke. Illustrasjonane til Anette Eriksson Linander er nylaga til boka. Per Sivle (1857-1904) var fødd i Aurland, voks opp på Vossestrand. Knapt nokon annan norsk forfattar har nådd lenger inn i den norske sjela enn han har gjort med "Den fyrste song". Han skreiv dikt, noveller og ein roman, og var avismann i Drammen og Oslo. Store delar av livet kjempa han mot fattigdom, svolt og ei skral helse. Jens Brekke (f.1951), frå Vik i Sogn. Lærar og kulturarbeidar. Leiar for Sivle-laget. Anette Eriksson Linander (f.1954), svensk illustratør og kunsthandverkar. Har budd på Vestlandet i fleire bolkar, og hatt utstillingar i Stockholm og Vik i Sogn.

Bokdetaljer

Forlag Selja forlag

Utgivelsesår 2006

Format Innbundet

ISBN13 9788291722665

EAN 9788291722665

Språk Nynorsk

Sider 64

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

1 0 1 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket