Det står til liv

kortprosa og foto

av (forfatter) og Siri Økland (foto).

Samlaget 2017 E-bok

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (6 terningkast.)

21 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

BORTANFOR: Å forstå at du skal døy er som å få barn, berre med motsett forteikn. Mens du ventar, har du tankar om barnet som skal koma, korleis alt skal bli. Men du kunne ikkje førestilla deg romma som skulle opnast i deg, rom med kjærleik som berre var meint for dette. Salar du ikkje ville kjent om det ikkje var for barna du fekk elska. Slik finst det også andre løynde rom. At me ein gong skal døy, det veit me alle. Men før di tid blir målt opp, strekker ikkje tankekrafta til. Først når du veit di tid blir kort, blir romma opna som var meint for denne sorga, denne einsemda. Desse kotta er også dine, her skal du trø inn. Også her finst lys. Gjennom poetiske korttekstar og eigne foto, skildrar Siri Økland livet slik det ser ut når ein veit at ein skal døy. Ho skaper eit rom for innsikt og ettertanke, både for den som lever tett på sjukdom og den som er open for livet - og ikkje minst den som er begge delar.

Siri Økland (f. 1967) er journalist og bur i Bergen. Ho er utdanna litteraturvitar, er gift og har tre barn. Det står til liv er hennar første bok. Gjennom poetiske korttekstar og eigne foto, skildrar Siri Økland livet slik det ser ut når ein veit at ein skal døy. Ho skaper eit rom for innsikt og ettertanke, både for den som lever tett på sjukdom og den som er open for livet - og ikkje minst den som er begge delar.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2017

Format E-bok

ISBN13 9788252195040

EAN 9788252195040

Språk Nynorsk

Sider 101

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

3 1 1 1 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

BLODPRØVEN: Etter tretten år med kreft og kontrollar har du lært deg å samarbeida. Tar ikkje plass, stel ikkje tid. Ansikt til ansikt tappar dei blodet ditt, pust mot pust, men likevel så fjernt. Du har vent deg til det. Dei fyller sine glas, ryddar rutinert og snur seg bort mot skjermen. Sender deg eit ha det over skuldra når du går. Men i dag, for aller første gong, møtte du ein som stoppa tida for ei stund. Ein som trekte ermet ditt ned, like varsamt som ein far kler på eit barn. Som såg deg inn i auga og sa lykke til. Gav deg luft i lungene og letta dine steg. Du visste ikkje kva du sakna før du fekk det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

NATTHIMMEL: Natta skremmer deg ikkje, søvnen tar deg lett. Får du ikkje sova, ligg du på rygg under takvindauget. Tar deg tid. Over senga di seglar måkene mjukt, blottar bryst av sølv i lyset frå byen. Dei gir ikkje lyd om natta, men helsar likevel frå ei større verd. Vinterstid ser du stjernehimmelen dersom vêret spelar på lag. Karlsvogna på snei, frosen fast ei freda stund i glasramma over hovudet ditt. Til alle tider har menneska sett på dei same stjernene. Gitt rom og planetar namn. Peikt ut stjernemønster til eit barn og følt same ro som deg. Når ingenting anna hos deg er konstant, ankrar du dette tidlause tungt i mellomgolvet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

TRASS: Trettisju år gamal blei du kreftpasient. Ei stund skumma du dødsannonsane dagleg, såg om nokon var fødde i ditt eige unge år. Stoppa alltid opp ved dei som i diktform tok avskjed. Lét deg røra av andres velvalde farvel. Din eigen annonse har du no, tretten år etter, sjølv no, med endeleg beskjed, enno ikke utforma. Det er då noko.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

ETTER DIAGNOSEN: Ei veke får du får operasjonen, før sjukehuset skal eiga deg med kjøt og hud og hår. Kva bruker du tida til? Eitt veit du, her blir det trong for skriving. Kan ikkje tenka utan, ikkje hugsa eller forstå. Til den beste butikken går du, kjøper den finaste boka, det skal vera godt å skriva om dei vanskelegaste ting. Sidan er bok etter bok skriven ut.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

NÆRE PÅ: Det siste som fer er sjela, det er du viss på. Hugsar godt komplikasjonen, så uventa og brå. På sjukehuset sprang dei med deg gjennom gangane, organa dine styrte mot kollaps. Rundt deg jobba stadig fleire kunnige, sleit med å berga kroppen din den natta. Snakka til deg innimellom, men du hadde ingenting å svara med, hadde din eigen jobb å gjera. Oppreist stod du i ditt indre, all kraft sala i éi retning, éin einaste dirrande vilje. Om alt anna skulle bresta, veit du no, det siste som fer er sjela.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Bøker jeg har lest i 2018


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Eim - dikt" av Margrethe Aas
  • "Rystet speil - dikt" av Søren Ulrik Thomsen
  • "Aude så rørsle kan synast - dikt" av Juliane Rui
  • "Flaggtale - dikt" av Dan Andersen
  • "Ekte hverdag - 12 steg til et litt bedre liv" av Sølvi Foss
  • "Gull i grusen - dikt" av Rebecca Kjelland
  • "Du bestemmer deg for at dette er et minne" av Marianne Teie
  • "Huset på prærien - roman" av Tora Seljebø
  • "Fra a til nå - roman" av Ellisiv Lindkvist
  • "Mellom krig" av Kaisa Aglen
  • "Kvar ein fugl - dikt" av Hilde Myklebust
  • "Mor, jeg vil hjem - roman" av Wenche-Britt Hagabakken
Alle bokanbefalinger for dette verket