Omtale fra forlaget
Celestine er ein gåtefull, lyrisk og fortetta roman, der vi møter ei ung lærarinne som flyttar til bygda for å undervise på ein kostskule, samstundes som ho kjempar ein indre kamp med den kaotiske barndommen sin. Med seg har ho kjærasten Kim, men relasjonen mellom dei går det heller dårleg med. Kostskulen var tidlegare eit slott, og lærarinna blir oppslukt av historia om spøkelset Celestine, som skal ha blitt mura inne i veggene. Snart byrjar lærarinna sjølv å vandre rundt i gangane om natta, iført ein kvit kjole, heimsøkt også av spøkelsa frå si eiga fortid som skilsmissebarn.
Boka er omsett av Inger Bråtveit.
Olga Ravn (f. 1986) er utdanna ved Forfatterskolen i Danmark. Ho er kritikar, omsetjar, forlagsredaktør og har undervist på fleire nordiske forfattarskular. Ravn debuterte i 2012 med Jeg æder mig selv som lyng (til norsk ved Inger Bråtveit i 2016). I 2014 gav ho ut chap-boka Mean girl. Året etter kom Celestine, den første romanen hennar, som ho mottok Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den hvide rose.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2017
Format E-bok
ISBN13 9788252189278
EAN 9788252189278
Språk Nynorsk
Sider 143
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Jeg synes boken brukte for mange metaforer, derfor ble det vanskelig å sette seg inn i historien.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket19 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket