Ro

om Sognefjorden og ein lang rotur heim

av (forfatter).

Samlaget 2022 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.40 (10 terningkast.)

23 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Åsmund Ådnøys eksemplar av Ro - om Sognefjorden og ein lang rotur heim

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Sakprosa

Lesedato

2022

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Min omtale

Se min omtale

Omtale fra forlaget

RO I VÅR LENGSTE FJORD

Sognefjorden er ein lang, bratt dal fylt av havvatn og forma av isbrear gjennom millionar av år. Sigri Sandberg er ei rastlaus tobarnsmor som bur fleire stader. Uroa veks med ei hanglande verd og sjukdom og død i nær krets. Ho lengtar etter ro.

Sandberg bestemmer seg for å ro Sognefjorden, dei over tjue milene i verdas lengste farbare fjord, i ein gammal trebåt. Ho startar ytst i havet der ho budde som lita, og ror innover mot garden der ho delvis bur no.

Undervegs fortel ho om korleis fjorden vart til, om kvardagen då fjorden var riksvegen, om vind og straumar og livet over og under vatn. Ho ror med mannen, venninner og mora - på ulike strekk. Det blir bølger og dramatikk, men også blikstilt vatn, song og nakenbading. Men finn ho ro?

Ro er ei vakker forteljing om vår lengste fjord - og eit forsøk på å finne heim.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2022

Format Innbundet

ISBN13 9788234007835

EAN 9788234007835

Genre Personlige beretninger

Omtalt sted Sogn og Fjordane

Omtalt person Sigri Sandberg

Språk Nynorsk

Sider 275

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 5 4 1 0 0

Bokomtaler

I Sigri Sandbergs bok Ro møtest sjølvhjelpslitteratur, kulturhistorie og reiseskildring midtfjords.
Sognefjorden er verdas lengste farbare fjord. (Det finst ein på Grønland som er lengre, men den kan ein ikkje segla i.) Forfattar og journalist Sigri Sandberg vaks opp ytst i fjorden.

No er ho midt i 40-åra, og kjenner på ei stigande rotløyse. Kvar høyrer ho eigentleg til, ho som deler tilværet mellom Svalbard, Oslo og Sogn? Svaret på grublinga blir å ro Sognefjorden frå vest til aust i ein båt av typen oselvar, med slekt og kjenningar som mannskap. Det vert ei reise innover, både geografisk og i overført tyding.

Lars Mytting var ikkje den første, men etter Hel ved vart folkelesnad, har det komme ei rekkje bøker som zoomar inn på einskilddelar av norsk kulturarv og historie. Dei siste åra har det kome bøker om snømåking, heimebrent og komler. Ro handlar mellom anna om båtar og tradisjonar langs Sognefjorden.

Boka har òg ein fot i samferdslelitteraturen, som er ein vital undersjanger i norsk sakprosa. Ro fortel Noregs-historia gjennom fjorden si historie, slik andre har fortalt ho gjennom bilen eller togets historie.

Og medan båten sig innover Sognefjorden, kjem teksten innom vikingar, ferjer, forureining, lunefulle vindforhold og historier om dei som rodde og segla før, medan Sigri Sandberg balar med tankane om kven ho er og kva som er viktig i livet.

I motsetnad til oselvaren, er teksten litt overlasta. Det vert litt om mykje. Det betyr ikkje all verda. Strikkebøker skal gje deg lyst til å strikke. Kokebøker skal gje deg lyst til å koke. Turbøker skal få deg ut på tur. Fekk eg lyst til å komme meg ut i naturen snarast råd av denne boka? Ja.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Og naturen verkar på og i oss. Det er gjort undersøkingar om kva urørt natur og naturlege lydar gjer med sentralnervesystemet, og det er skrive dikt og songar, men verken orda eller kunsten eller forskinga kan erstatte eller fullt ut forklare den ordlause kjensla i kroppen no, denne roa, flyten. Roa i rørsle. Kadonk, kadonk, plask. Denne gjentakinga. Kadonk, kadonk, plask.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Er det sånn at alle lengtar? Ikkje kvar dag, kanskje, men innimellom. Kan hende går lengten til ein by eller ei bygd eller eit land langt borte der du ikkje er til vanleg nordover, sørover, mot aust eller rett vest?

Kan hende har du vakse opp der, eller ein av foreldra kjem derifrå, og du har feriert der som barn og blitt glad i nett desse fjella, gatene, skogane, øyane, strendene. Kan hende kjem du deg ikkje dit lenger, og grunnane kan vere mange til det, men du har mange minne som er knytte til akkurat desse svaberga og knausane, og då blir dei kan hende vakrast, heilt objektivt sett vakrast på jord, til og med så vakre at det kan gå på sanninga laus.

Og så blir du eldre, og kroppen får meir plass til nostalgi, og då kan ho bli sterkare, denne lengtinga, dragninga? Eller kan hende ikkje i det heile. Kan hende vil du aldri tilbake, ikkje eingong på ferie.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Vi har framleis fjorden for oss sjølve. Og for ein fred det er. I rørslene. I stilla. Kan hende var det dette som var meininga med det heile. Lyden og synet av årene som duppar i fjorden. Dei store, grove hendene til mannen. Pusten vår som går i takt med taka.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kan hende ser vi meir no når vi reiser så sakte. Sjølvsagt gjer vi det, men har vi plass nok til å reflektere over alt som er og har vore, i kjølvatnet vårt, i etterdønningane, får vi meir innsikt? Eg veit ikkje, eg vil gjerne tenke meir, på kven eg vil vere, men no alt går i eitt med bølgeskvulp, kadonk, kadonk og skiftande vindretningar, straumar og stadige samtalar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

No er det god plass til å tenke på det, kven vi vil vere. Eg tenker at eg må bli rausare. Bli endå flinkare til å sprenge dei rammene og båsane som vi heile tida snikrar i hovudet, og som styrer språket og handlingane våre, og som vi hardhendt plasserer kvarandre i, utan å spørje om lov. Båsar med merkelappar som hudfarge og kjønn og meiningar og prestasjonar og kropp og religion og kva for føkkings land eller by eller bygd du kjem eller ikkje kjem frå. Kan hende er det sånn at dei fleste gjer så godt dei kan, ut frå sitt utgangspunkt, og dette er lett å tenke i dag.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Bøker eg har lest/hørt i 2023.
2023 var dessverre eit år med dårlig leselyst,
men då er det godt at det finnes lydbøker.


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Uten å nå toppen - om fjellvandring, livsfilosofi og å gå i egne tanker" av Paolo Cognetti
  • "Åleevangeliet - fortellingen om verdens mest gåtefulle fisk" av Patrik Svensson
  • "Mørke - stjerner, redsel og fem netter på Finse" av Sigri Sandberg
  • "På vandring med et esel i Cevennene" av Robert Louis Stevenson
  • "Advent" av Gunnar Gunnarsson
  • "Soga om vêret" av Bergsveinn Birgisson
  • "Makta" av Heidi Furre
  • "Det tomme toget - roman" av Øivind Hånes
  • "Derfor må du vite at jeg er same" av Ella Marie Hætta Isaksen
  • "Stella Maris" av Cormac McCarthy
  • "På tronen" av Anne Gunn Halvorsen
  • "Søndagene i august" av Patrick Modiano
Alle bokanbefalinger for dette verket