Sol i Skuggeskog

av (forfatter).

2012 Heftet

2 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Sverres eksemplar av Sol i Skuggeskog

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Biblioteket - Dikt

Lesedato

2020

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Bokdetaljer

Utgivelsesår 2012

Format Heftet

Språk Nynorsk

Sider 56

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Skuggesol

Det går ein skugge gjennom livet mitt.
Den er eg glad i.
Det er min eigen skugge.

Den som ikkje har ein skugge i sitt liv
har heller inga sol.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Avskjed

Dei slitne og krøkte fingrar
har falda seg siste gong
og stilt gjennom huset tonar
din avskjedssong

Varleg og mjukt den sveiper
kvart minne inn
Kjempar mot sorg og tårar
- og vinn.

Trengjar seg ut gjennom veggen,
stryk over steinar og strå.
Stanar ei stund ved heggen
som om det var dit den skull` nå

Men vidare, vidare når den,
stilt gjennom skog, over fjell.
Smeikjer kvart steg du gjekk der
og leitar seg heim mot kveld

Gjennom ein mosegrodd skigard,
over ein vinterstill bekk,
inntil den solsvidde veggen
der bogring og grime hekk

Helsar på alt du kjende.
Takkar og seier farvel
Og alt står vemodig stille
og takkar deg att for stell

Alt står stille og lyer
etter dei siste steg,
stirer mot fjørlette skyer
og hjelper deg trygt på veg

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg lengtar

Eg lengtar mot fjellet i haustklår glans.
Eg dregst imot elvar i våryr dans.
Eg lengtar mot skogen når vårnatta vaknar.
Når sommersol søkk er det havet eg saknar.
Eg lengtar mot fjellet når storstormen bøljar.
Eg trivst uti skogen når striregnet høljar.

Eg saknar dykk alle kvar gong eg er sliten,
for saman med dykk får eg lov vera liten.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket