Urd

dikt

av (forfatter).

Tiden 2014 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.05 (40 terningkast.)

108 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Elin Fjellheims eksemplar av Urd - dikt

Lesetilstand

Skal lese denne

Hylle

Dikt, sitater, humor og visdom

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra forlaget

Ruth Lillegraven ble tildelt BRAGEPRISEN 2013 for Urd.

Urd handlar om Seselja og Cecilie, to kvinner i kvar sin ende av det tjuande hundreåret. Boka fortel også historia om det vesle huset på garden i vest som knyter dei to skjebnane saman, om tida som renn gjennom landskapet og menneska, om barn som blir fødde og døden som vitjar. I 2005 markerte Ruth Lillegraven seg som ei ny og frisk stemme i norsk litteratur med diktsamlinga Store stygge dikt. «Debutantdikt til terningkast seks», skreiv kritikarane. Hausten 2013 er ho tilbake med ei ny samling. Dette er dikt som få gjer etter henne, der store tema og opprivande hendingar blir behandla med overskot og eleganse, humor og djup innsikt.

Bokdetaljer

Forlag Tiden

Utgivelsesår 2014

Format Heftet

ISBN13 9788210054235

EAN 9788210054235

Serie Tiden pocket

Språk Nynorsk

Sider 117

Utgave 2

Tildelt litteraturpris Brageprisen Skjønnlitteratur 2013 Bokbloggerprisen. Åpen klasse 2013

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

9 25 5 1 0 0

Bokomtaler

Cecilie flyttar med familien sin til heimegarden, til eit hus som hennar namnesøster, Seselja, har budd i tidlegare. Igjen skriv Ruth Lillegraven ei forteljing i diktsform, eller snarare to, sidan det både er historia om Seseljas liv, og ei historie om Cecilies eige liv. Det uvande for ein lesar som ikkje er van med diktlesing, er dei korte linjene og diktforma. Elles er denne historia såpass fin og vakkert skriven at eg trur mange lesarar vil like henne.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

En perle!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

sidan, når ingen
kan sjå, skal eg gå
ned til naustet og
kle av meg

vasse uti
det blåsvarte
kjenne silke sval
leggje seg kring
kroppen, kle
meg i kjølig
kveldshud

Godt sagt! (5) Varsle Svar

og medan
regnet fyller
bygda og båten
og vatnet og
fjella og oss

held vi stengt
tel vi opp: så mykje
hadde vi, så mykje
har vi, så mykje
får vi

her er kje
synder eller sorg
her er kje gråt og
tåre, her er vi så
reine og fine, så
fulle i herlegdom
og æra

eg vrengjer
den målingflekka
huda over hovudet
hiv henne i det
høge graset

og himmelen
er ei myr
eit
tjern
utan
botn

ei
kvinne
som syr
gulletrådar
i huda
mi

Godt sagt! (4) Varsle Svar

(...) og så kjenner eg igjen dette søkket, denne vissa
alt dette skal bli borte, alt dette skal ta slutt

Godt sagt! (4) Varsle Svar

ut kom de til slutt
med hud og hår og negler
og de likna slett ikkje meg, eg
skjøna ikkje kven de var eller kvar
de kom frå, det fekk meg berre til å elske
dykk endå meir, men ein dag, då eg sat der på
golvet, blant smokkar og bleier og tepper og leiker
og dyr i gult og grønt og raudt som spela gamle songar
om igjen, tok de begge tak i meg og reiste dykk opp, til
hovuda dykkar var på høgd med skuldra mi, de stod der
på kvar si side av meg, med høge stemmer og misnøgde
andlet byrja de å rope til meg, eg kjende pusten mot
halsen min, og brått visste eg kvar de kom
frå, brått visste eg kven de var

Godt sagt! (4) Varsle Svar

sengeleie på
ubestemt tid

møter beskjeden
med ei liste over
reglar: bruke eigne
klede, ikkje liggje under
dyna på dagtid, ikkje sove på
dagtid, biola til kvart brødmåltid
halde orden i skåp og på nattbord
lage liste med planar for kvar dag
lese kvar dag, skrive kvar dag, seie
ja til alle besøk, aldri dra i snora
(om ikkje heilt nødvendig) og
ikkje tenkje på når eg kjem
til å sjå seseljas hus igjen

innan veka
er omme, er
alle reglar
brotne

Godt sagt! (3) Varsle Svar

seselja, ja
ho var her
så var ho
ikkje her

det er
sånn det er
det er sånn det
blir, seier
besten

Godt sagt! (3) Varsle Svar

seselja finst ikkje meir
seselja er berre støv under
stein, eit namn bak tapetet
to årstal i ætteboka

seselja var
her, mildt og lint
som vinden i graset
før regnet, som susinga
i lauvet som slepper
taket

seselja sydde seg
gjennom to verdskrigar
svartsaumen hennar finst på
kistebotnar over heile bygda
men seselja planta ingen skog
bygde ingen veg, reiste inga
løe, fødde ingen barn

likevel
høyrer vi
føtene hennar
over golvet

Godt sagt! (3) Varsle Svar

for dei
gamle er
som tigrar
og isbjørnar

umistelege

likevel
snart
borte

Godt sagt! (3) Varsle Svar

1965

tenk at du
aldri gifta deg
seier vetle-sjur, sit
ved vindauget, lang
og fin, kopp i hand
bein i kross, han
som kallar meg
sessa-besta

må ha vore
mange som
ville ha deg
seier han
gode guten
gode sjuren

trur du
er galen
seier eg

ingen vil då
ha ei kone med
pukkelrygg, å den
sjuka, sparte meg
men kravde
sitt

har heller
aldri ynskt
meg nokon
mann, berre
bal med dykk
seier eg

men var ein
slags friar
uti garden
ein gong

han simon
frå plassen

han sat der
du sit no
sat nett
slik du
sit no

same koppen
same stolen

sat ein heil
sundag her
og snakka

ei ven røyst
hadde han, ja
ein ven mann
var han

men ikkje
bra nok åt ho
mor lilla hau hau
ikkje bra nok åt
moder mold

eigde ikkje
nåla i veggen
veit du

så kom der
ikkje fleire

det er
sånn det er
det er sånn
det blir

Godt sagt! (2) Varsle Svar

men så
kjem mor mi

mørke moder
mold, med
børa si

stakken luktar
sveitte og sorg

gå, jente , seier
ho, ser ikkje
på meg

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Kjernesamlingen er 100 utvalgte bøker innen skjønnlitteratur for voksne. Litterær kvalitet har stått sentralt i utvelgelsen, i tillegg ønsker vi å vise Bergen Offentlige Biblioteks identitet og egenart, og fremheve bredden av litteratur som finne på biblioteket. Derfor vil allerede kanoniserte verker stå side om side med tegneserier og krim. 100 bøker er svært få, så dette er ingen komplett kanon, men et utvalg av det beste biblioteket har å by på. Samlingen er valgt av oss som jobber på biblioteket, gjennom en demokratisk prosess med diktatoriske undertoner. For å få bredde i samlingen, har vi etterstrebet å ha representanter fra underkategoriene verdens kanon, norsk kanon, bergen og omegn, og i tillegg sjangrene poesi, skuespill, krim og spenning, fabelprosa og tegneserier.


Godt sagt! (11) Varsle Svar

"Kjernesamlingen er 100 utvalgte bøker innen skjønnlitteratur for voksne. Litterær kvalitet har stått sentralt i utvelgelsen, i tillegg ønsker vi å vise Bergen Offentlige Biblioteks identitet og egenart, og fremheve bredden av litteratur som finnes på biblioteket. Derfor vil allerede kanoniserte verker stå side om side med det beste innen tegneserier og krim. 100 bøker er svært få, så dette er ingen komplett kanon, men et utvalg av det beste biblioteket har å by på. Samlingen er valgt ut av oss som jobber her på biblioteket, gjennom en demokratisk prosess med diktatoriske islett. For å få bredde i samlingen, har vi etterstrebet å ha representanter fra underkategoriene verdens kanon, norsk kanon, bergen og omegn, og i tillegg sjangrene poesi, skuespill, krim og spenning, fabelprosa og tegneserier."

https://bergenbibliotek.no/inspirasjon/litteratur/til-kjernen/kjerneboker


Godt sagt! (4) Varsle Svar

Vinnere


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bøker jeg har lest i 2021


Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Om kvelden blir namna ropa heim - lyrikk" av Tora Seljebø
  • "Naturhistorie - roman" av Marte Huke
  • "Sigd - dikt" av Ruth Lillegraven
  • "Um sakne springe blome - lyrikk" av Catherine Blaavinge Bjørnevog
  • "Manilahallen - eit dikt, eit liv" av Ruth Lillegraven
  • "Vårar seinare - dikt" av Anna Kleiva
  • "Marianegropen - essay" av Ida Lødemel Tvedt
  • "Skogen den grøne - dikt for barn" av Ruth Lillegraven
  • "Hekla myter - dikt" av Eli Fossdal Vaage
  • "Korte meisterverk" av Gaute Sortland
  • "Lettiparken - fortellinger" av Judith Hermann
  • "Dette er andre dagar" av Ruth Lillegraven
Alle bokanbefalinger for dette verket