Haugtussa

av (forfatter).

Vigmostad Bjørke 2008 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.98 (55 terningkast.)

261 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp bøker hos haugenbok.no Kjøp boka hos Bookis!

Selg boken hos

Selg boka hos Bookis!

Libraritas vs eksemplar av Haugtussa

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

klarert klassiker

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Favoritt!

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Haugtussa er eit diktverk om grunnkreftene i menneskelivet. Om striden mellom ånd og trolldoms vald, og samstundes ein lovsang om naturen. Gjennom Veslemøy har Garborg skildra kampen mot mørkemaktene. Veslemøy er synsk. Ho kan sjå gjennom menneska og inn i huldreheimen. Men ho er og lys levande og får røyne svik i kjærleik.

Omtale fra forlaget

Ein klassikar! Ein klassikar er både ein kunstnar og eit verk som har evne til å leve ut over si eiga tid. Tidene skifter, publikum også - men eit klassisk kunstverk held fram med å tale til kvar ny generasjon. Samtidig må kvar ny generasjon gi verket si meining - i lys av erfaringar og livsforståing i tida. Forlaget Vigmostad & Bjørke vil med Norske klassikarar leggje forholda til rette for at nye lesarar kan oppleve dei verdiane som klassikarane representerer. For å lette tileigninga har vi modernisert språket litt i utgåvene. Kommentarar og etterord vil dessutan bidra til å setje innhaldet inn i eit breiare perspektiv. God lesing! Arno Vigmostad forleggjar Arne Garborg rekna Haugtussa som ei av sine viktigaste bøker. Han skreiv med overskot og med eit ømt blikk bakover til barndommens Jæren. Det store diktverket er på same tid ein danningsroman på vers og eit romantisk og naturnært bilete av ei ung jente. Boka handlar om prosessen der Veslemøy skal forstå kjærleiken sitt vesen - ikkje berre forelsking, men også omsorg, varme og vennskap - ja, sjølve livsmysteriet. Haugtussa vekkjer songen i alle som les ho. Ein imponert Grieg skreiv begeistra til ein ven: «Det er en helt genial bok, hvor musikken allerede er komponert. Man behøver kun at skrive den ned.» I forordet gir Gudleiv Bø ein innsiktsfull introduksjon til Haugtussa som gir lesaren ein veg inn i diktverket. «Fortsatt [...] et av de mest originale diktverkene vi har [...] et utrolig fint portrett av ei jente - rytmisk, varmt og hemmelighetsfullt.» Tore Renberg, Dagsavisen «Toppunktet i nyromantikken» Edvard Hoem, Dagsavisen.

Bokdetaljer

Forlag Vigmostad Bjørke

Utgivelsesår 2008

Format Innbundet

ISBN13 9788241904332

EAN 9788241904332

Serie Norske klassikarar

Genre Klassisk litteratur

Språk Nynorsk

Sider 182

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

18 27 4 4 1 1

Bokomtaler

Femordsomtale: Fin historie fortalt på rim

For den som ynskjer å lese litt fleire ord:

Garborg fortel her historia om ungjenta Gislaug, alias Veslemøy, alias Haugtussa, ei fattig gjetarjente på Jæren. Som gjetarjenter flest så er ho ute saman med buskapen store delar av sommarhalvåret, og det var vel heller ikkje uvanleg at gjeterjenter fekk vitjing av kjekke gutar som dei forelska seg i. Det var heller ikkje uvanleg at kjærleiken tek slutt, og at minst den eine av partene blir djupt vonbroten over det. Det ein må tru var litt meir uvanleg var at Gislaug er synsk, og ser både avlidne, haugfolk, troll og stort sett alt ein kan tenke seg av overnaturlege skapningar. Ikkje berre ser ho dei, men ho er tidvis saman med dei.

Forteljinga er på rim, i form av 71 dikt, som ber fram historia kronologisk. Mange av dikta er nydelege naturskildringar, andre tek for seg Gislaug sine indre kampar, og atter andre er nærmast burleske framstillingar av dei overjordiske sitt liv. Språket opplevast som noko gamalmodig, ikkje uventa sidan teksta er nær 120 år gamal, og inneheld mange ord og vendingar som kan opplevast som krevjande. Men dette kompenserast i fullt monn av ein framifrå flyt i verselinjene, der først og fremst bokstavrima er med på å løfte dikta.

Mitt eksemplar av boka er illsutrert med maleri av Håkon Bleken. Det å beundre desse maleria og korleis Bleken gjennom dei tolkar teksta gjorde lesinga til ei høgtidsstund.

Eg las denne som ein del av kjell k sin lesesirkel i mai/juni 2014, og vil takke dei andre deltakarane for mange gode kommentarar undervegs.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Eg kjenner deg, – eg kjenner deg
som ikkje vann! –
Eg saag din Strid, eg veit din Veg
i Skugge-Land.

Eg røynde sjølv den striden stygg
i mange Aar
med ville Mot, med bøygde Rygg
med svære Saar.

Du um meg sviv, du hjå meg sit
du arme Aand!
I meg du enno riv og slit
i dine Baand.

Eg veit det væl; dei sterke Troll
den Vilje rik.
Ein Baat i Foss, eit Kvad i Moll
sløkkt i eit Skrik.

Arne Garborg

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Det kveldar um haust yver låge land.
Eit havbrak vaknar ved nordan-strand.

Blåkalde skyer kviler i vest.
Dagens auga sloknar og brest.

Myrane søv under tåke-feld.
Å-sus varslar i stille kveld.

Trolldom lurer i jordslags eim; -
Veslemøy hastar med smalen heim.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

«Å heller vil eg
med augo sjå,
enn dauv og blind
gjenom verdi gå
og ikkje det sanne skilja!»

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Som Fuglen, saara under varme Veng so Blodet tippar lik den heite Taara, ho dreg seg sjuk og skjelvande i Seng og vrid seg Natti lang i Graaten saare. Det slit i Hjarta og det brenn paa Kinn. No maa ho døy; ho miste Guten sin.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Den galne guten min hug hev dåra;
eg fanga sit som ein fugl i snòra;
den galne guten, han gjeng so baus;
han veit at fuglen vil aldri laus.

Å gjev du batt meg med bast og bende;
å gjev du batt meg so bandi brende!
Å gjev du drog meg so fast til deg,
at heile verda kom burt for meg!

Ja kunde rett eg mi runelekse,
eg vilde inn i den guten vekse;
eg vilde vekse meg i deg inn,
og vera berre hjå guten min.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg kjenner deg,- eg kjenner deg / som ikkje vann!- / Eg såg din strid, eg veit din veg / i skuggeland.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

VESLEMØY VED ROKKEN

Det er haust. Det ruskar ute
med regn og kalde vind.
Småfuglen flyg mot rute
og ville gjerne inn.
Men under omnen god
der ligg på sekkepute
han gamle Mons i ro.

Der ligg han trygt og drøymer
og blinkar stilt og smått
og alt i verda gløymer
og har det varmt og godt.
Og seier ingen ting
men liksom inn seg gøymer
med rova sveipt ikring.

Som silkenyste fine
han ligg i mjuke skinn
med svevn i kvar den mine
og alle klørne inn.
Og glyrer likesæl
med kloke augo sine
og murrar smått og meel.

Skal vita kvar du vankar
i blide draumar no?
Kan hende dine tankar
seg svæver lindt til ro
i gamal minne-kring
som stilt i hop seg sankar
frå den tid du var prins ?

Venaste prins i verdi
du gjekk i skogen grøn
med gullhår over herdi
og ung og keik og kjøn
og tenkte på den møy
som gjekk og henta bæri
så vide under øy.

Då kom den trollheks blide
med sving og sveiv og svins
frå trolleheimen vide
og såg den vene prins.
Men skræmd han frå ho skvatt.
Då las ho trollbøn stride
og gjorde han til katt.

Sidan så vidt han flakkar
igjennom skog og skard,
langt over berg og bakkar
og kjem til okkons gard.
Her kan i ro han døy.
Her vil han kvile, stakkar,
og tenkje på den møy.

Å hu! det ruskar ute
med regnvind sur og grå
småfuglen flyg mot rute
og liksom bankar på.
Men under omnen god
du Mons på sekkepute
skal drøyme lognt i ro.

Arne Garborg

Godt sagt! (3) Varsle Svar

KOR HEV DET SEG

Kor hev det vorti Veslemøy no
Eg kjenner meg ikkje. Eg var ikkje so.
Eg gjekk her trygg og tulla og sprang
og visste kje av at Dagen var lang.

Det er som ein Draum, naar eg tenkjer paa
den Tid eg kan ikkje meir forstaa.
Den same gjeng eg, I same Ferd,
men d er som eg var i ei onnor Verd.

Alt ser eg og hugsar som daa eg saag;
men stur er eg no der fyrr eg var fjaag.
Alt er det gamle, i Hus og Gard,
men annarleis, annarleis enn det var.

Heimen ligg paa den same Flekk;
ho Mor gjeng tuslar som fyrr ho gjekk
Men tom stend Heimen forutan Ord;
og framand vart mest mi eigi Mor.

Framand er Heid og framand er Myr;
framand tykkjest meg Katt og Kyr.
Framandt glor det sin eigin Veg
vil kje meg noko. Kjenner kje meg.

Stogo gleiner so kald og graa.
audt og stuslegt der er i Kraa.
Som vali gjeng eg paa Hand og Fot.
alt fell meg tungt. Alt er meg imot.

I Glaskarmen heng eg og stirer stur;
lengtar, lengtar som Fugl i Bur.
Men ingin aa sjaa paa Veg eller Vang.
Jau no hev eg lært at Dagen er lang.

Aa denne Heimen so god og kyrr,
aa her som eg treivst so hjarteleg fyrr!
- Nei, Mor, eg kan ikkje vera glad.
Hugen min er på ein annan stad.

Arne Garborg
Godt sagt! (3) Varsle Svar

På Skare-kula under eit sva,
der styggedans gjeng i joli,
der sit trollkjeringar tolv på rad
og galdrar med gjèling i hóle,
skal freiste å sløkkje soli.

(....)

Men soli smiler ovanum sky;
ho meiner ho kann det herde.
Dei når ikkje upp med sitt gnål og gny
og galdresongane svære, -
um aldri dei dette kann lære.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

DEN SOM FEKK GLØYME

Den minste Minning eg um deg møter
so tungt det tek meg, so saart det grøter.
det minste Orde eg høyre maa -
med Hjartegraat g jeng eg derifraa.

Eg skulde aldri den Suti gøyme
når so det var at eg maatte gløyme,
eg skulde aldri gå sjuk i Kring
naar eg fekk gløyme den eine Ting.

Arne Garborg

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Etter å ha lest Kaoshjerte av Lise Grimnes og Hulder av Tonje Tornes er jeg på vei inn i en tilstand av besettelse av huldrer generelt, og lager derfor en liste med skjønnlitteratur hvor dette mytiske vesenet i større eller mindre grad spiller en rolle.

Hjelp meg gjerne med å fylle på flere titler! Har skuffende få hittil.


Godt sagt! (3) Varsle Svar