Dogmet om evolusjonen

av (forfatter).

Luther 1975 hf/nb.no

2 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

[ Slettet bruker ]s eksemplar av Dogmet om evolusjonen

Lesetilstand

Ingen lesetilstand

Hylle

om De tør spørre

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Bokdetaljer

Forlag Luther

Utgivelsesår 1975

Format hf/nb.no

ISBN13 9788253140940

Språk Norsk

Sider 222

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

..er verdt å tenkja over at evolusjonslæra vart - og framleis er -
sjølve fundamentet for den politiske filosofien i kommunistlanda.

Makta er retten, og der er ingen Gud.

/

..men det må vera heilt klårt at evolusjonslæra har verka til å
bryta ned trua på ein Gud som krev mennesket til ansvar
og som vil hemna uretten,

og "når Gud er død, er alt tillate",
som Dostojevski uttrykte det.

Og ikkje berre det:
Evolusjonslæra gav vitskapelig sanksjon til utryddinga
av dei veike.

Så langt frå å ottast Guds vreide, kunne ein tyrann no tvert imot
orsaka seg med at han berre sette i verk naturen si eiga lov.

Tyranniet var rettferdiggjort av vitskapen,
slik Sedgwick hadde vore redd for.

/

Nietzsche kritiserte Darwin for at han ikkje var fullt konsekvent
når han kvidde seg for å føra tankane sine over på samfunnslivet.
Er det ikkje i grunnen Spencer og Nietzsche som har forstått
evolusjonen rett?

Dersom mennesket, med kropp og sjel, heile sin kultur og alt sitt
åndsliv, har vorte det det er i dag
gjennom ein lang og nådelaus krig på liv og død, der dei veikaste
alltid måtte bukka under --
kvifor skulle det då vera nokon grunn til å stogga evolusjonen no?

Dersom "den såkalte ondskap" er berre den nedarva dyriske
aggressiviteten som har ført oss dit vi står idag,
kvifor skal vi no med eitt prøva å halda han i sjakk?

Nietzsche forakta kristendomen fordi den - med si lære om
offerviljug nestekjærleik -
er det motsette av utvalsprinsippet.

Det skal vera vanskeleg å finna nokon brest i den logikken.

_

(tekstsider hos nb.no)

(temaet noe videreført)

(vitneutsagn)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

1000000000 forsteina sild i stim.

I Kirkdale-hola fann prof. Buckland restar av elefant, reinsdyr, nashorn,
flodhest, hest, tiger, bjørn, ulv, hyene, rev, kanin, hare, ramn, due,
lerke, snipe og and.
Korleis kan reinsdyr og flodhest ha levd side om side?
Kvifor låg beina av alle desse dyra i ei berghole?

Buckland hevda at årsaka må ha vore ein verdsvid flaum, som førde
desse dyra saman. Då dyra i Kirkdale-hola låg under eit golv
dekt med stalagmittar, rekna han ut kor lang tid det kunne ha teke
å avlagra desse, og kom til at det ikkje kunne ha gått meir enn
fem-seks tusen år sidan katastrofen. Andre vitskapsmenn kom til
same resultatet. /

I Austpreussen og Geiselthal finst store mengder rav (...)
Ravklumpane, som kan vega 5 kg, inneheld ofte fullkome "hermetiserte"
insekt og plantedeler av moderne type, det syner seg at dei kjem frå
alle strok på jorda. I brunkollaga i Geiselthal finn ein og insekt
og plantar frå alle klimasonene, i lag med restar av krokodillar,
halvapar og kjempeslangar.
I somme blad kan ein skilja alfa- og beta-typane av klorofyll, noko
som tyder at blada må ha vorte nedgravne temmeleg fort, klorofyll
går elles til grunne på dagar eller timar.
Same vitnemålet finn ein i London-leira, som inneheld plantedeler
frå India og Malaysia.
Ein verdsvid flaum må ha ført desse plante- og dyrerestane saman
på desse stadene -- ein teori som ikkje kan sameinas med aktualismen.

/

Under dei naturtilhøva som rår i dag, blir praktisk tala ingen fossil
av landdyr til, samanlikna med dei mengdene som finst frå tidlegare
tider.. døde dyr rotnar eller blir oppetne med ein gong, før dei vinn
å bli dekte med lag av vernande masse. Utgravingane syner at
dei fleste fossila blir funne i reine massegraver, der dei må ha vorte
nedgravne snøgt og effektivt. Kor fort det må ha gått, vitnar fiske-
fossila om, dei blir ofte funne i forvridde stillingar som syner
korleis dyra har stridd mot sedimentmassane som tetna til omkring dei.

I California ein sildestim på meir enn ein milliard individ forsteina
over 10 km2, om lag 1 sild pr dm2.
I La Brea, Los Angeles finn ein gjsn. 25 skallar av sabeltann-tiger
og ulv i 1 m3 asfalt;
like mykje kalkfjell i Agate Springs, Nebraska inneheld opp til 1000
bein av nashorn, kamel, kjempevillsvin og andre dyr.
I San Pedro grev ein fram mastodontar som står beint opp i grus,
oske og sand. I Sørstatene driv ein somme stader steinbrot - eller
rettare sagt beinbrot -- i fossilmassane for å vinne ut fosfat
av beina.

Ved Chou Kou Tien fanns eit sammensurium av bein frå dyr som normalt
lever i kvar sine strok, her var dyr frå tundraen, frå steppa og
prærien og frå jungelen -- mammut, bøffel, struts og arktiske dyr.

/

Kildetekst faksimile her (nb.no)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I boka (Darwins 'Origin') fann Adam Sedgwick synsmåtar som ..ville
brutalisere menneskja og "søkkja menneskerasen ned i ei djupare
fornedring enn nokon gong.. sidan sogeskrivinga tok til".

..at evolusjonslæra førde med seg ei nedvurdering av menneskeverdet.

Vi ser tendensen alt hjå Spencer, som m.a. ville tilpassa evolusjons-
læra til sosiologien. Han var imot statsskular, forsorgslover og
regulering av bustadstilhøva,
han ville ikkje eingong verna uvitande menneske mot kvakksalvarar.

Inspeksjon av sanitæranlegg og tilsyn med dei var mot naturen si lov -
ein skulle ikkje halda oppe dei individa
som ikkje var i stand til å ta vare på seg sjølve, med slike middel.
Lova "the survival of the fittest" skulle få gå sin gang
utan innblanding.

I forretningslivet var den vitskaplege sanksjonen av tevlingsmetodane
velkomen. I USA stridde James Hill for å få kontrollen over jernbanane,
han sa rett ut at "lagnaden til jernbaneselskapa blir avgjord av lova
om "the survival of the fittest".
Stålkongen Andrew Carnegie var først uroleg over metodane i "big business"
men etter å ha studert Spencer, vart han overtydd om at tevlingslova
"er her, ho er ikkje til å koma forbi. Medan lova somme tider er hard
for individet, er ho best for rasen"

Oljekongen, John D. Rockefeller, som ikkje gikk av vegen for å knekkja
konkurrentane sine ved metodar som var alt anna enn fine, skal ha sagt:
"Den fagre amerikanske rosa kan ikkje drivast fram til den strålande
venleiken og angen som frygdar tilskodaren, utan at ein ofrar dei unge
knoppane som veks opp kring henne."

Like kjærkomen var hypotesen om den sterkaste sin rett for omsynslause
militaristar (...)

(bokmerke)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

eller

Reparatørenes Inntogsmarsj!


Godt sagt! (4) Varsle Svar