Sju brør

av (forfatter).

De norske bokklubbene 1983 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (2 terningkast.)

8 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Øystein Ls eksemplar av Sju brør

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Lånte

Lesedato

2017

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Bokdetaljer

Forlag De norske bokklubbene

Utgivelsesår 1983

Format Innbundet

ISBN13 9788252511543

EAN 9788252511543

Genre Klassisk litteratur

Språk Bokmål

Sider 278

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 2 0 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Då kjende han svolten som ein sviande verk i magen, kleiv ned frå steinen, sette seg tett inn til glødande eldsvarmen og slo kloa i kjøtet og brødet. Han gav seg likevel tid til å ta av seg luva, knepte hendene og las for maten, han nikka og slengde med den lurvete luggen og gjekk laus på den smakelege kveldsmaten.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Men inne i skogsmørkret stod Simeoni og skalv, der han såg kor Eero vart tukta og høyrde kor han skreik. Endå lenger bort frå svea drog han seg, og skogen tok han djupt i sin frelsande famn.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ein gard utan ei matmor som trippar på loftsstigen, er som ein skytung dag, ...
Men ei god matmor er sola som varmar og lyser over garden. Om morgonen er ho den fyrste som stig or senga, knar ein deig, set frukost på bordet åt mannen sin, gjev han niste på vegen når han legg til skogs, og så skundar ho seg med mjølkebytta i handa til kven og mjølkar den brokute bølingen. Så bakar ho, ...Så , medan brødet svell, får ho endeleg frukosten sin, med barnet ved barmen, et ein brødbit, eller ei stekt sild, og tek seg ein slurk surmjølk or kruset. Men ho gløymer ikkje hunden, den trugne gardsvaktaren på trappa, og heller ikkje katten, som plirer svevnug borte ved omnen. - Og no styrer og steller ho att, vender seg og svingar seg, knar ein deig som ho set til gjæring i trauet, bakar han til brød, og i stride straumar renn sveiten frå panna hennar. Men sjå: når sola sig, har ho brøda ferdige, ... Og når mennene kjem frå skogen, venter det dei eit dampande kveldsmål på det kvitskura bordet. Men kvar er matmor sjølv? Der ute på tunet mjølkar ho atter sine krokhornute kyr, og i bytta skvalpar den sakte susande skumande mjølka. - Slik styrer og stellar ho, slik vender og snur ho seg; og fyrst når dei andre snorkar alt dei orkar i djupaste svevn, bed ho kveldsbøna si ved sengkanten. Og endå er det ikkje slutt på arbeidet og strevet hennar. Utan å misse tolmodet står ho opp om natta, rett som det er, nesten kvar time, og roar det vesle barnet som småsutrar i vogga. - Dette, gode brør, er den gode matmor.

( Beklager at dett ble et litt langt sitat, men jeg klarte ikke å korte det mere ned uten at innholdet ble meningsløst. Videre må jeg føye til at det ikke helt er mitt syn på ei god matmor. Ø.)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Best det var, kom det opp ein krangel mellom Timo og Juhani, og til sist vart eldstebroren mektig vreid. For Timo ville slett ikkje bøye av, men bjeffa imot med ordtak og bibelord og ille haltende likningar. Gallet tok til å koke i Juhani, augo hans gneistra, han tverrtagna, og brått rusa han opp som ein tirra bjørn mot den stae bror sin. Timo til å fly: ut på svea i berre skjorta, og Juhani etter han i same bunaden. Berre nokre steg utanfor dørstokken stogga han, men Timo trudde enno han hadde den rasande bror sin i hælene på seg, og sprang i kross og krok over den stubbute moen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Men no skal karane til å lesa, no skal abc- boka i handa og ordet i skallen, om det så skal gjerast med økshamaren.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Då tok lensmannen atter til ords: " Ja, no sit de fint i nota, de utkropne fantar, fint i nota, ja, og her slepp de ikkje unna før vi har fått tina dykk eit grann til påminning, til eit lite minne om fotblemmene de har skaffa oss, fantepakk de er!
Hit no, mor, med bjørkekvisten, og gjev dei med retteleg varm hand!"

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har nokon ein ring i lomma?
Ikkje eg, og ikkje andre heller, trur eg. Der ser vi, ein ungkar burde alltid gå med ein glimande ring i lomma.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Abc- boka skal eg lære meg.
Det skal eg og, om det så smakar som å tygge småstein og rå poteter.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Faderleg og mildt tok prosten imot dei, og til si store glede merka han snart at det var ingenting å utsetja på lesinga deira, ja at ein og annan beint fram fortente ros, ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket