Rasmus Rebellen

roman

av (forfatter).

Samlaget 2013 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.33 (12 terningkast.)

25 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Ellen E. Martols eksemplar av Rasmus Rebellen - roman

Lesetilstand

Skal lese denne

Hylle

Ingen hylle

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra forlaget

Det er 1650. Folket i Noreg vert meir og meir tynt av aukande skattar, hardhendt lovpraksis og korrupte futar. På Sunnmøre og i Romsdal manar bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust (1588?1666) folket til kamp mot overmakta.

Rebellen er ei mektig og særprega historie om Engelbrektsson Bust, som er ein forfader av forfattaren sjølv. Forteljinga er lagd i munnen på fostersonen Aslak, som fortel med eit rikt språk og med stor innleving. Vi får oppleve 1600-talet og kampen småkårsfolket måtte kjempe mot naturen og den politiske overmakta, på nært hald. Denne storslåtte romanen vil ikkje berre appellere til dei som vil lese eit litterært portrett av ein spennande historisk skikkelse, men også til alle som er interesserte i historie.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2013

Format Innbundet

ISBN13 9788252183382

EAN 9788252183382

Genre Historisk litteratur

Omtalt tid 1600-tallet

Omtalt sted Møre og Romsdal

Språk Nynorsk

Sider 300

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 5 6 1 0 0

Bokomtaler

"Rasmus rebellen", Øystein Orten

I går fekk eg ein pakke og eitt brev i postkassa. Brevet var frå futen; purring på restskatten. Pakken var frå Ark; boka "Rasmus rebellen", Øystein Orten. Dette hører litt i hop. Rasmus rebellen var min 8. tippoldefar, og det er han denne boka handlar om. Han kjempa fiskarbøndenes sin kamp mot futane sine aggressive og korrupte skatteinnkrevjing på mørekysten

Boka famnar mykje om tidsepoken på. Eg les den som ein historisk roman om Sunnmøre på 1600-talet. Forteljarstemma, Aslak frå Myklebust, fortel ho Ragnhild, barnebarnet til Rasmus, om Rasmus sine bravadar og tek for seg ei tidsepoke kor Noreg var vanstyrt frå Danmark, og Rasmus dreg i klageferd til kongen i København, men det er berre det at det er berre sorenskrivaren som har rett til å forfatte bøndene sine bønneskriv til kongen. Og det er berre på tinget det er lov samle inn pengar til klagereiser. Ei klagereise for å tale fiskarbøndene si sak.
Ei knasande god bok om bondeopprøraren Rasmus, som hadde ein særs sterk sans for rettferd, og gode talegåver. Då han kombinerte disse ferdigheitene, med eige og andres mismod mot øvrigheita, fekk han dei sistnemnde mot seg – og han gav seg ikkje.
Alle dokke som bur der kartet viser, har familie derifrå, eller på anna vis er så heldige å kjenne ein sunnmøring, eller berre har høyrt om dei, bør ta seg tid til å lese denne boka. Då vil dokke skjøne korfor sunnmøringane ofte ser på innlandet og Austlandet som ein fordyrande og byråkratisk pengesluk og ein omveg til dei store marknadane ute i verda.
Forfattaren er historikar, og teiknar eit godt bilde over korleis det var på dei danske utpostane på denne viktige historiske tida i Norden. Eg som er fødd i Volda, levde mine fyrste leveår på Leikong, før eg vaks opp på Skodje, kosa meg gløgg gjennom heile boka. Han har med så mange stadnamn at det er ein fryd same kor på Sunnmøre du har vore. Eg nemnar i fleng: Hareid, Vartdal, Leikong, Sjøholt, Giske, Myklebust – og må nesten stoppe der, men der er fleire. Han dreg oss også med utanlands, bla. til Romsdalen, Bergen, Oslo, Amsterdam.
Ei veldig god bok kor vi blir kjende med horer, svartkjeftar, desertørar, fiskarar og bønder, futar, fogdar, fantar, korrupte embetsmenn og den hyperaktive Kristian Kvart og Fredrik III. Her er bødlar og avrettingar. Eit skikkeleg godt fortald tidsbilde frå denne tida.

Eg må vel for ordensskyld legge til at eg har betalt min skatt, og at eg gjer det stort sett med glede, men eg vart diverre eit par dagar for seint ute denne gongen. At boka og purringa kom på same dag, synest eg var utruleg morosamt.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket


Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Her er bøkene jeg har lest som medlem av Lesesirkel 2014Bokelskere.no -
Lesesirkelen av 2021

Bli med da vel!


Godt sagt! (3) Varsle Svar

For de som ønsker å lese nynorsk


Godt sagt! (2) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Fluktens nødvendige blindveier - roman" av Øystein Lønn
  • "Når du minst venter det - fragmentroman" av Tor Åge Bringsværd
  • "Nabots sten" av Sara Lidman
  • "Englestien - roman" av Sigrun Slapgard
  • "Et gap i tiden - Vintereventyret gjenfortalt" av Jeanette Winterson
  • "Veneziansk spaserstokk med elefanthode - 4. råk" av Tor Åge Bringsværd
  • "Aldri redd for mørkets makt - historia (s)om eit brotsverk" av Jørgen Norheim
  • "Trengsel" av Kathrine Nedrejord
  • "Eddikjenta - Troll kan temmes gjenfortalt" av Anne Tyler
  • "Brevet til Rosalin" av Øystein Orten
  • "Den tomme plassen i vitrineskapet - roman" av Ingar Sletten Kolloen
  • "501 store forfattere" av Julian Patrick
Alle bokanbefalinger for dette verket