Dikt i samling

av (forfatter).

Samlaget 1999 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.15 (13 terningkast.)

53 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Caroline Ekornes Johannessens eksemplar av Dikt i samling

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Poesi

Lesedato

2018

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Jonssons lyrikk er ei blanding av utovervend agitasjon og gruvlande, sterkt subjektiv oppleving av livslengt og dødsangst. I tillegg til ein del lause dikt, inneheld samlinga dikt frå dei fire diktsamlingane Mogning i mørkret, Berg ved blått vatn, Jarnnetter og Ei dagbok i mitt hjarte.

Omtale fra forlaget

Jonssons lyrikk er ei blanding av utovervend agitasjon og gruvlande, sterkt subjektiv oppleving av livslengt og dødsangst. I tillegg til ein del lause dikt, inneheld samlinga dikt frå dei fire diktsamlingane Mogning i mørkret, Berg ved blått vatn, Jarnnetter og Ei dagbok i mitt hjarte.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 1999

Format Innbundet

ISBN13 9788252154740

EAN 9788252154740

Språk Nynorsk

Sider 216

Utgave 3

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

4 8 0 1 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Å dikte er å vera
det vesle som ein vart
og sleppe kvite fuglar ut
i nattesvart.

Å leva er å vera
det store som ein er
og stå i einsleg undring
og høyre fuglar flyge inn
frå ukjend verd.

Godt sagt! (14) Varsle Svar

Dette: å stå aleine
midt i ei verd så grenselaust rik,
er som å leva livet
i lag med sitt eige lik.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Kven skal eg takke
for det eg fekk sjå
sola gå under
og berga bli blå?
Kven skal eg takke
for all denne æra
i dette å gå her
og vera og vera -

Kven skal eg takke
for det eg fekk li
så gleda fekk grunn
å røte seg i?
Skogen har gøymt meg
og jord har eg femnt,
men kven eg skal takke
har ingen nemnt.

Det bleka mot blånar
i nattsvarte brunn,
men takken låg blodlaus
som bøn i min munn.
Kven er du, gjevar?
Kvi teier du still?
Di ordløyse fører
ein vantru vill.

Du namnlause gjevar,
eg får ikkje fred
før eg kan takke
for alt som laut skje –
Men kjem du kje nær meg,
så takkar eg henne
du gav meg for det eg
skal brenne og brenne -

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Kva hjelp det å syngje
som elv i det aude?
Kva hjelp det å kyngje
med klokker for daude?

Kva hjelp det å skapa
all venleik i verda,
når ordet lyt tapa
for svolten og sverda?

Slik undrast og spør vi
i modlause stunder.
Men hugse det bør vi:
Eit ord er eit under.

Dei gløymest dei gjæve,
og alt det dei gjorde.
Men livet er æve,
Og evig er Ordet.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Nærast er du når du er borte.
Noko blir borte når du er nær.
Dette kallar eg kjærleik –
Eg veit ikkje kva det er.

Før var kveldane fylte
av susing frå vind og foss.
No ligg ein bortgøymd tone
og dirrar imellom oss.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Var eg ein Gud
ville eg skapa
ei stillare verd.
Der skulle alle elske.

Var eg ein Gud
ville eg skapa
kjærleik og død,
berre kjærleik og død.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Vi strir mot alle andre
og lengtar mot å koma nær
kvart menneske vi møter,
og lell få vera det vi er.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er grana, mørk og stur.
Du er bjørka. Du er brur
under fager himmel.
Båe er vi norsk natur.

Eg er molda, djup og svart.
Du er såkorn, blankt og bjart.
Du ber alle voner.
Båe er vi det vi vart.

Eg er berg og naken li.
Du er tjørn med himmel i.
Båe er vi landet.
Evig, evig er du mi.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

" Fjellfolket ikkje minst er no eingong slik at det vil stengje seg att med sitt inste, og går kje med hjarta utanpå."
Ettermæle - Kring diktaren og mennesket Tor Jonsson av Tore Ørjasæter

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Så stig da i meg, einsemd,
storm mitt jordlivs siste skanse
og øyd min tæringsdraum om lykke her.
Du avgrunnssvimre jord,
ver du ei onnor verd,
gjev all din løyndom
i denne gjennomlyste morgonstund,
i denne timen føre dødsens store dag
når einsemdrøyster ropar meg attende
til atterføding or ein annan grunn.

No stormar all mi einsemd mot si grense.
Mitt liv var draum forutan dagklar visse
og difor eig eg ikkje jorda meir. -
Men livet skal eg aldri, aldri misse - - -

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du vil kanskje også like

  • "Blant bygdedyr og vestkantkrokodiller - prosa i utval" av Tor Jonsson
  • "Essays" av Peter Wessel Zapffe
  • "Vårar seinare - dikt" av Anna Kleiva
  • "Det enkle og det einsame" av Asta Olivia Nordenhof
  • "Et lykkelig øyeblikk - dikt i utvalg" av Tone Hødnebø
  • "Om den norske skrivemåten - eksempler og moteksempler til belysning av nyere norsk retorikk 1975-1980" av Georg Johannesen
  • "En prests dagbog" av Sigbjørn Obstfelder
  • "Samtaler med onkel Nica og tante Viola" av Pedro Carmona-Alvarez
  • "Samlede dikt - bind I" av Arnulf Øverland
  • "Berre kjærleik og død - ein biografi om Tor Jonsson" av Ingar Sletten Kolloen
  • "Samlede dikt - 1911-1940" av Arnulf Øverland
  • "Dikt i samling" av Georg Johannesen
Alle bokanbefalinger for dette verket