Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

Tida tar til den dagen ein blir fødd, litt etter litt blir ein sterkare, veks seg høgare, klokare, raskare, meir artikulert, så kjem den langsame nedstiginga. Ein blir svakare, saktare, meir utsett, mindre lysten på å prøve ut ting. Dette veit han no. Det tar til langsamt, og det sluttar langsamt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Alle desse siste gongane. Slutten er aldri slik du tenker deg, og slutten er alt, er han ikkje?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Alle desse siste gongane. Slutten er aldri slik du tenker deg, og slutten er alt, er han ikkje? Det kjem ein siste gong du tar dotter di på skuldrene og ber ho gjennom skogen. Ein siste gong du går opp fjellsida og ser ut over det landskapet som er ditt eige. Ein siste gong du går på butikken for å kjøpe brød og mjølk og smør. Ein siste sommar. Eit siste bad. Han hadde flote på ryggen der borte i august, sett opp på ein blå himmel og nokre kvite skyer som var krita opp, han hadde sete på det varme svaberget, lukka auga og lytta til klukkinga frå fjorden.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ein gong var han mannen som kom med avisa til folk langs fjorden, han serverte dei krigar, brannar, drap, vêrmeldingar, valresultat, fotballresultat, tilbod på bilar og dressar og fjernsyn.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Tre generasjonar hadde passert gjennom desse romma, hadde flagra rundt som insekt, hadde fylt etasjane med lydar av lov og glede.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

DemeterVannflaskeMarianne AugustaTheaSigrid Blytt TøsdalPiippokattaTorill RevheimHanne Kvernmo RyeLailaEinoniesiljehusmorTone HTanteMamieEivind  VaksvikEvaTorJoannAnn ChristinIngunn SAstrid Terese Bjorland SkjeggerudKirsten LundLars MæhlumHeidiSynnøve H HoelLinda NyrudIngunn ØvrebøFindusAnniken RøilMads Leonard HolvikIreneleserLisbeth Kingsrud KvistenBeathe SolbergReidun SvensliNorahMorten BolstadBertyTonesen81Eileen BørresensveinAnne-Stine Ruud Husevåg