Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Tida tar til den dagen ein blir fødd, litt etter litt blir ein sterkare, veks seg høgare, klokare, raskare, meir artikulert, så kjem den langsame nedstiginga. Ein blir svakare, saktare, meir utsett, mindre lysten på å prøve ut ting. Dette veit han no. Det tar til langsamt, og det sluttar langsamt.
Alle desse siste gongane. Slutten er aldri slik du tenker deg, og slutten er alt, er han ikkje?
Alle desse siste gongane. Slutten er aldri slik du tenker deg, og slutten er alt, er han ikkje? Det kjem ein siste gong du tar dotter di på skuldrene og ber ho gjennom skogen. Ein siste gong du går opp fjellsida og ser ut over det landskapet som er ditt eige. Ein siste gong du går på butikken for å kjøpe brød og mjølk og smør. Ein siste sommar. Eit siste bad. Han hadde flote på ryggen der borte i august, sett opp på ein blå himmel og nokre kvite skyer som var krita opp, han hadde sete på det varme svaberget, lukka auga og lytta til klukkinga frå fjorden.
Ein gong var han mannen som kom med avisa til folk langs fjorden, han serverte dei krigar, brannar, drap, vêrmeldingar, valresultat, fotballresultat, tilbod på bilar og dressar og fjernsyn.
Tre generasjonar hadde passert gjennom desse romma, hadde flagra rundt som insekt, hadde fylt etasjane med lydar av lov og glede.