Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
David har mista hukommelsen, og i ei avisannonse med foto blir venner og kjende oppfordra til å skrive brev til han for å hjelpe han med å finne tilbake identiteten sin. Forteljingane handlar om avgjerande val, feilslåtte ambisjonar og lengslar. Innsirkling 2 (2010) er ei fortsetting av historia om David.
Omtale fra forlaget
David kan ikkje minnast kven han er. Ein annonse i avisa oppmodar nære og kjende til å skrive brev til ham, slik at han kan byrje å hugse. Til saman dannar breva eit flettverk av tekstar der biografien til David, avsendarane, og andre menneske, blir omskrevne og sette på spill.Breva vert forfatta i 2006, men krinsar om fortida. Slik kjem falske von til synes - ungdomsdraumar, kunstnarambisjonar og planar for framtida. Det handlar om korleis det gjekk med ein generasjon nordmenn, om kjønnsroller og statusjakt, identitet og spørsmålet: Kva er eit liv, korleis skipast ei livssoge under påverknad av andre si historie?Dette er den tredje boka til Carl Frode Tiller og kan hende hans fremste. Som alltid er forfattaren ikkje minst god på små flater - det såre mellommenneskelege spelet, samtalen som blir til krangel, det dårlege samvitet som kjem når ein vil godt, men ikkje gjer det.
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2007
Format Innbundet
ISBN13 9788203192760
EAN 9788203192760
Omtalt sted Nord-Trøndelag
Språk Nynorsk
Sider 284
Utgave 1
Lesenivå Voksen
Tildelt litteraturpris Brageprisen Skjønnlitteratur 2007 Kritikerprisen. Voksen 2007
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
David har mistet hukommelsen og det er satt inn en annonse i avisen hvor venner og kjente er oppfordret til å skrive brev til ham slik at han skal klare å finne ut hvem han egentlig er.
Tre personer som en gang sto David nær, skriver brev til ham. Den ene er barndomsvennen Jon, den andre er stefaren Arvid og den tredje er ungdomskjæresten Silje. Gjennom deres brev, som først og fremst handler om skjellsettende og felles opplevelser som de har hatt i sin relasjon til David, sirkles Davids historie inn. Gradvis avdekkes den personen han en gang var. Skjønt var? For hvem sitter egentlig med fasiten om hvem et annet menneske egentlig er? I beste fall forteller deres historie mest om hvem de selv er og hva de selv tilla David og tolket ham ut av hans handlinger.
Vi får innblikk i en kompleks og meget sammensatt person, som hadde mye å stri med i sin oppvekst. Å være prestens stesønn var en ting. Å være totalt uvitende om sitt eget opphav et annet ... Som om det ikke var en påkjenning stor nok å komme helskinnet gjennom oppveksten og puberteten ...
Med dyp psykologisk innsikt skildrer Tiller Davids oppvekstmiljø i Namsos. Her møter vi bl.a. Davids bestefar, skildret av stefaren og presten Arvid, som på side 118 sier følgende:
Han hadde arbeidd som tømmerhoggar, fløytekar og vegarbeidar, så han var kroppsarbeider slik ein gjerne ser for seg kroppsarbeidarar, stor, sterk og med ein måte å snakke og vere på som vitna om at han bar på ei merkeleg blanding av stoltheit og mindreverdskjensle. Han var trygg og sjølsikker når det dreidde seg om alt praktisk. Når det var eit eller anna med huset eller på tomta eg lurte på eller trengte hjelp til, stilte han alltid opp, og etter som det ikkje var nokon tvil om at han var meg overlegen på desse områda, var han nesten meir audmjuk enn nedlatande når han gav meg råd og vink. Men når det gjaldt ting han ikkje hadde særleg greie på, var det akkurat motsatt. Da var det som om han prøvde å hovere og spele verdensmeister. Når han var i ferd med å gå tom for argument og tape ein diskusjon, for eksempel, ville han enten flire, riste oppgitt på hovudet og late som det eg sa var så tåpeleg at det ikkje var nokon vits i å fortsette diskusjonen, eller så ville han tillegge meg ein heil serie med latterlege, naive synspunkt som han så førte ein sint, glødande argumentasjon mot, naturlegvis i håp om å innbille både seg sjølv og alle andre om at han var på offensiven. Alle som var til stades gjennomskode han så klart, eg trur til og med du som var berre gutungen gjorde det. Men han var så flink til å lure seg sjøv, at han ikke let seg påverke av slikt, og når eg til slutt gjekk lei og ikkje orka diskutere meir, let han som han hadde sett meg grundig på plass. Nå nei, du, eg har kanskje ikkje gått på skolen like lenge som deg, men du må ikkje tru at eg er dum for det! kunne han seie.
De fleste historiene bestefaren fortalte, handlet som regel om at han selv var helten, den som ordnet opp, og historiene endte som regel med følgende konklusjon: "Da stilna stormen i formannskjeften, gitt!"
Og dermed oppsummerer Tiller på en meget presis måte motsetningene mellom ulike mennesker i den lille byen Namsos, hvilket ikke er annerledes i en hvilken som helst småby i Norge.
Vi møter også moren til Silje, Oddrun, som gjennom hva bygda opplever som utagerende festing, stigmatiseres og baksnakkes. Annerledesheten måtte det slås hardt ned på, for hva kunne ikke hende om en slik adferd tok til å spre seg? Sånn sett ikke underlig at det som skjer mellom Jon og David for en hver pris må skjules og ties ihjel ...
Sist gang jeg leste denne boka, var dette i form av lydbok for nesten tre år siden. Jeg husker forunderlig lite av boka. Det var derfor nesten en helt ny opplevelse å lese den på nytt. Og denne gangen opplevde jeg at handlingen i boka krøp mye mer under huden på meg. Dessuten opplevde jeg at bokas sterke litterære kvaliteter ble enda tydeligere når jeg leste den selv. Sist ga jeg terningkast fem. Denne gangen blir det terningkast seks!
Avslutningsvis nevner jeg at forfatteren mottok Brageprisen for denne boka i 2007.
Jeg gleder meg til å lese fortsettelsen av denne boka i "Innsirkling II"!
Ser vi er mange som liker denne. Har skrevet en bloggpost om den her. Nå leses Innsirkling 2, og den er foreløpig om mulig enda bedre.
Når det ikkje lenger finst nokon som kan dokumentere livet vårt, når det ikkje lenger finst nokon som kan fortelje dei muntre historiene om kor sta eller morgongretne vi er, når vi ikkje lenger har nokon til å le når vi er morosame eller blir sinte når vi er sure, når vi ikkje lenger har nokon til å minne oss på kven vi er, og når vi ikkje lenger har nokon til å oppmuntre oss til å vere den vi kan vere, da går vi i oppløysing og blir borte.
Der mor mi og mor di kom ifrå hadde ei husmor krav på anerkjenning når ho heldt det fint i huset, og mykje av sjølvrespekten stod og fall på at ektefelle og naboar og andre viste ei slik anerkjenning. Når mamma hadde vaska, for eksempel, sette ho aldri nalen og bøtta og vaskefilla tilbake i skapet der det skulle stå, ho stilte alltid nalen opp mot vegge i entreen, plasserte bøtta ved sia av og hengte den fuktige vaskefilla over kanten, og der vart det ståande til neste dag, slik at alle som kom innom skulle hugse på å kommentere den friske lukta av grønsåpe eller seie andre ting som anerkjente mamma som eit pliktoppfyllande og hardtarbeidane kvinnfolk.
Det å opne seg for og ta imot ny kunnskap var det same som å innrømme eit nederlag for henne, virka det som. Alt det ho ikkje visste eller kunne, såg ho på som ein trussel og som ei påminning om at ho ikkje var god nok, og ikkje som kjelde til eit rikare liv.
(...) men eg hugsar eg sa at eg var glad i deg. Eg hadde aldri sagt det før, og eg hugsar enno følelsen av å stå der og nettopp ha sleppt dei orda ut av munnen. Eg har aldri hatt barn, og eg kjem sikkert aldri til å få det heller, men om eg skal forsøke meg på å vere poetisk, kan eg seie at å sleppe akkurat dei orda ut av munnen, var omtrent det same som når ei mor slepper barnet sitt ut i verda og ho står der og håpar at folk tar del i mot det og behandlar det godt. Og det gjorde du. "eg er glad i deg, eg òg" sa du, og fordi du mislikte store ord og følelsar, og fordi eg var så glad og rørt akkurat da at eg var redd for å øydelegge alt saman ved å seie noko som du ville oppfatta som pompøst eller patetisk, sa eg ikkje meir på ei lang stund.
Det var eit liv uten jubel og magi, eg overlevde meir enn levde på den tida.
Få meg eit kyss sa mamma lågt, og då eg bøygde meg ned og kyssa henna, hørte vi et langt æææsj frå deg oppe på trappa. Eg hører det for meg, David, eg hører og ser det for meg, og det får meg til å tenke på at kjærteikn forplantar seg gjennom generasjonane. Når du ein gong kyssar kona di og er god mot henna, så liker eg å sjå det som eit ekko frå da eg kyssa mamma og var god mot henne, og når du ein gong brer dyna over det som er barna dine og kyssar de forsiktig på kinnet, så liker eg å sjå det som ekko frå dei kjærteikna eg og mamma gav deg den gongen du var liten og skulle legge deg. Det er slik eg håper å leve vidare på denne jorda, gjennom kjærteikna eg gav deg og andre, alt anna som måtte vere igjen av meg, bryr eg meg ikkje om.
Mamma kjente dei fleste som pla vanke der i huset, og ifølge henne var det en patetisk gjeng med middelaldrende menn som ein gong hadde drømt om å bli musikarar, malarar og forfattarar, men som var enda opp som drikkfeldige ungdomsarbeidarar eller vikarlærarar i norsk og musikk, og som sikkert følte seg både yngre og litt mindre mislykka når dei kunne belære tenåringar som deg og Jon og Silje.
Eg løftar det eine augebrynet litt opp på panna, eg prøver å sjå konsentrert ut, stirar ned i boka og er liksom opptatt med å lese, men Eilert tar ikkje signalet denne gongen heller, eg hører korleis han kremtar og renskar halsen, korleis han førebur seg på å seie noko igjen, han er av den typen som rett og slett ikkje kan fatte at nokon kan velje å lese framfor å snakke, og han trur nok at han gjer meg ei teneste kvar bidige gong han forstyrrar meg, han trur eg les fordi eg kjeder meg og ikkje har noko anna å gjere, og så skal han liksom redde meg ved å vere sosial [...]
Eg kjenner at eg er oppglødd, eg kan nesten ikkje hugse siste gongen eg var så oppglødd, og eg kjenner kor godt det er å ha noko som er så viktig å gjere som det dette trass alt er, kor godt det er å kunne vere til og bety noko for nokon, det å få lov å gi av seg sjølv til andre menneske, det er banalt å seie det, men ein veit ikkje kor sant det er før ein har vorte råka av einsemda, mumlar eg for meg sjølv, ein veit ikkje kor avhengig ein faktisk er av andre før ein har kjent på å vere einsam, mumlar eg, og så ler eg litt, ler av kor banalt det er seier er.
...og det var stunder der eg sa til meg sjølv at venninnene hennar hadde rett i at ho dyrka si eiga liding, at ho tilbad sjukdommen sin og nytta offerposisjonen han stilte henne i til å bestemme over både meg og andre som stod henne nær.
Bøker jeg har satt stor pris på av ulike grunner: ble sugd inn i historier, drømte meg bort, reiste langt, kjente verden på kroppen, ble opplyst, gråt, lo, ble skremt, ble rørt, ble et litt bedre menneske og angrer ikke på en eneste side.
Liker å lage lister og spesielt fra A til Å. Noen bokstaver er enkle å velge, andre så alt for mange gode alternativer, men ingen forfattere fikk være med to ganger. Ser jeg mangler noen bokstaver på slutten (Øya kommer ikke med av den grunn), men det betyr bare at jeg har noe å jobbe med...
Har etterhvert blitt stadig mer glad i å lese bøker skrevet på nynorsk. Noen ganger fordi nynorsk kan føles nærmere min dialekt (trøndersk) enn bokmål, men aller oftest på grunn av at jeg rett og slett synes nynorsk er et nydelig og rikt skriftspråk. Her er mine favoritter (i tilfeldig rekkefølge)så langt:
Høsten 2010 fikk jeg en liten folder fra bokhandelen libris; "Våre 101 favoritter, stemt frem av bokelskere for bokelskere" Listen inneholder noe for enhver smak og er oppført alfabetisk med romaner fra 1-80, deretter krim.
Fordi en liste ikke kan inneholde mer enn 100 bøker, så kom ikke Skumringstimen med Johan Theorin som nr 101 med
Jeg ble inspirert til å lage denne lista da jeg leste Kerstin Ekmans Hendelser ved vann - lite visste jeg at hovedpersonen på et tidspunkt skulle ta veien til min hjemby! Dette fikk meg på tanker om andre bøker som har Namsos som "bi-person".. Lista er temmelig mager ennå, men jeg håper flere kan trå til og hjelpe meg ;)
Noen forfattere har den fantastiske evnen at de får sagt mye bra med få ord. Her er et forsøk på å samle noen av de beste kort-romanene (her definert til under 300 sider) som jeg har lest. Enkelte av dem kan nok karakteriseres som noveller snarere enn romaner, men de får likevel være med.
På tide å legge opp en leseplan for 2012.
Obs, denne listen er mest for min egen del...
Oppdaget at det å lage liste her var en fin måte å holde oversikten over hvilke bøker jeg har lest. Lister er i grunnen sabla greit... Suksessen fra 2010 fortsetter, her kommer listen for 2011-bøkene
Sjølv om eg er nynorskbrukar, så har eg dessverre berre ein svært liten % nynorske bøker i bokhyllene mine...
Bøker kultursirkelen har lest.
Vi velger bøker etter anmeldelser og anbefalinger. Og leser noen klassikere inn i mellom. Listen er i kronologisk rekkefølge.
født 4. januar 1970 i Namsos
Wikipedia
Priser
Tarjei Vesaas' debutantpris 2001, for Skråninga
Aschehougs debutantstipend 2001, for Skråninga
P2-lytternes romanpris 2001, for Skråninga
Sunnmørsprisen 2001, for Skråninga
Bjørnsonstipendet 2004, for Bipersonar
Mads Wiel Nygaards legat 2007
Brageprisen 2007, for Innsirkling
Kritikerprisen 2008, for Innsirkling
Sult-prisen 2008, for Innsirkling
EUs litteraturpris 2009, for Innsirkling
Liv Ullmann-prisen 2011, for «sitt forfatterskap»
Nord-Trøndelag fylkes kulturpris, 2011[2]