Ja, eg lyt dele opp innlegget, for reiser og reiser og arbeid og arbeid set meg stadig tilbake i framdriftsplanen vår, men for å halde tråden varm, kjem det her litt om starten på denne nest siste bolken:

I II.67 vil dQ «hacerse pastor», bli gjetar, og «seguir la vida del campo», leve ute på landet, og kalle seg gjetaren Quijotiz (SP skal vere gjetaren Pancino). Han trur framleis på trollmenn – og SP er flittig med ordspråk. dQ snakkar om instrumentet albogue, som han forklarer som chapas, og som W set om med «bekken», men kommentator LAM meiner at det ikkje finst noko bekkeninstrument som hadde det arabiske namnet albogue. Vi får ei lang rekkje med arabiske ord som kastiljansk har teke opp i seg. Interessant!

Uttrykket «det svinaktige eventyret», som W bruker i tittelen på det kapitlet (II.68) som fortel om møtet med m.a. griseflokken, har fullt ut dekning hos Cervantes: «la cerdosa aventura»; cerdo er nemleg «gris, galte». I Irland for kort tid sidan lærte eg forresten at det irske ordet for dette dyret er muc, som òg blir brukt om «møkk, søle». Tru om vårt møkk er i slekt med irsk muc? Det spanske cerdo kan vere både substantiv («gris») og adjektiv («møkkete, grisete»), kjen av det latinske cirra, som har med lokk og tjafs å gjere; dette viser vel til huda på dyret – utan at eg har lagt merke til andre lokkar eller krøllar (Hjalmar Ekdahl i Vildanden vil heller ha lokkar enn krøllar) på grisen enn halen. Nåvel: «svinaktig» var svinaktig godt valt (G&K har «hårreisende», som vel har lite med krøllar å gjere)!

Forresten, når dQ snakkar til SP om natta dei er inne i, blir han reint poetisk, i alle fall på originalspråket … Sitatet «post tenebras spero lucem» går greitt når ein kan latin: LAM sporer det tilbake til Job 17,12, og der finn vi kva det betyr, ja.

SP snakkar om svevnen som døden, også han er i det poetiske hjørnet. Når W skriv «Si meg hvem du omgås, så skal jeg si deg hvem du er», finn han ein fin norsk ekvivalent til «No con quien naces, sino con quien paces»: «Ikkje med dei som du blir fødd saman med, men med dei som du beitar saman med.»

Nå kjem seks hundre griser kjem og riv dei over ende og spreier sakene deira utover. Diktet som på spansk begynner med «- Amor, cuando yo penso», og som vart sagt fram med sukk og tårer, er forresten ei omsetjing av Pitro Bembos «Quando iopenso al martire» fortel LAM. Vel, fleire menn kjem mot dei, og i samtalens løp vrimlar det av ordspel og typiske SP-feil apm det vil føre for langt å gå inn på her, men eg er glad eg har min Homer i bakhovudet når eg les om «troglodytter», «antropofager», «skytere» og Polyfemos. Så kjem dei til borga åt hertugen att, og vi får sjå kva som skjer.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Og II.69 handlar, og det held eg nesten med Cervantes i, «[d]el más raro», den aller merkelegaste hendinga av alle i forteljinga vår. Hendinga har med Altisidora å gjere, og da kan ein sjølv tenkje seg at her kan alt skje.

I borga er ein katafalk og digre lys, og ei vakker jomfru ligg på katafalken. Det er Altisidora. Våre venner dQ og SP kjem inn som fangar. Presten, står det, tek av SP «la caperuza», som her nok er ei spisslue, men som òg kan vere ei vanleg hette av det slaget Raudhette hadde, og den flittige kommentatoren vår seier at dette er fyrste gongen at denne lua blir nemnd. Ikkje akkurat eit gjennombrot for forskinga, men interessant.

Ein mann vestido a lo romano, «kledd på romersk vis», syng ein song. Her nemner han el cantor de Tracia, altså Orfeus, og Rhadamanthys og Minos, som LAM seier var jueces mitológicos de los infernos, mytolgiske dommarar i helveta. Eg visste ikkje at det var fleire helvete, men det var – eller tenk: er! – det nok, for Lite (i staden for den rette forma Dite (hos W: Pluton) var konge i helveta, eller skal vi héller seie underverdene, kanskje. I alle høve kan desse linjene sikte til “Écloga III” av Garcilaso, som LAM seier vil bli nemnd i neste kapittel. Mannen krev at SP skal bli straffa.

Vi høyrer, hos W, om den hovmodige Nimrod, som hos Cervantes heiter Nembrot. LAM viser til 1 Mos 10, 8–9, der Nimrod ganske riktig er nemnd.

SP blir sint når det kjem oldfruer, det får da vere grenser. Han får ein ørefik av alle. Så skjer det at Altisidora flyttar på seg, og folk ser at ho er i live. SP får skjorter av henne, og så er dei merkelege hendingane over. Nå har vi att eitt kapittel i den nest siste bolken.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Da var det siste kapitlet – II.70 – i nest siste bolken: Det behandlar saker som ein ikkje kan oversjå for å skjønne handlinga i romanen. Sentralt, med andre ord. For her får vi vite kva som låg bak dei merkelege hendingane i II.69: Vi kunne vel ha tenkt at Samson Carrasco var med på dette, ja – like mykje som eg skulle ha likt å vere vitne til at Altisidora kjem inn på rommet til dQ.

Eg får vel nemne at LAM fortel at verselinja

¡Oh más duro que mármol a mis quejas
Å, du som er hardare enn marmor overfor klagene mine

er henta frå Garcilasos fyrste Egloga (linje 57).

Eg lurte sist på om det finst fleire helvete fordi fleirtalsforma infiernos var brukt, men her står det «¿Qué hay en el infierno?», altså eintal. Godt. Altisidora fortel at djevlane brukte bøker – «libros, al parecer, llenos de viento y de borra» - tilsynelatande fulle av vind og tomme ord – i staden for ballar og hadde brennande balltre, «palas de fuego», i hendene.

Vi kjem att til den falske utgåva av historia om dQ som vi har vore ute for før; utgåva er forfatta av Aragonar som seier at han er frå Tordesillas

Når hertugen seier «For den som kommer med fornærmelser / er rask til å tilgi» («Porque aquel que dice injurias, / cerca está de perdonar»), er dette visstnok henta frå ei ordtakssamling.

Så står siste bolk for tur.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

ritaolineAvaHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethIngvild SAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeStig TIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsPiippokattaElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAud Merete Rambøl