Eg har ikkje mykje om kap. LXIII, men eg lagar ein kommentar likevel for å vere i gang med bolken til 8. januar:

SP besøker i II.63 galeiane (vi har diskutert ordet tidlegare), og vi hører om «el vuelo sin alas de Sancho», den vingelause flukta hans. Så kjem det nye eventyret med «la hermosa morisca» (som W ikkje uproblrmatisk set om med «den vakre mauriske kvinna»; som sagt var maurarane alt jaga ut). Dama ser fyrst ut som ein kar; på spørsmålet om kven han er, svarer den unge mannen «Mujer cristiana», altså ei kristen kvinne, som hadde vorte ført til «la Berbería», og som hadde fått den rette trua inn med morsmjølka: «mamé la fe católica en la leche». Her ser vi vel kor mykje religionen hadde å seie i eit Spania som i over hundre år hadde vore ei stormakt. Ho er Ana Félix, og forsyne meg blir vi ikkje vitne til at far hennes, Ricote, kjenner henne att; dette er vel ein parodi på alle slike innslag i litteraturen før og samtidig med Cervantes – for ikkje å seie etter (jf. Charles Dickens).

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 2 svar.

I dag, 22.1.2012, skulle vi etter planen til annelingua ha vore ferdige, men slik er det ikkje for mitt vedkommande. Eg får ta kapittel for kapittel, på spansk og på norsk. Stussar eg over val som W har gjort, går eg til G&K, elles ikkje. Her får vi møte meir om Ana Félix, som kjem i huset til Antonio Moreno. dQ er framleis i riddarverda når han planlegg å frigjere don Gregorio. Vi lyt likevel gi han rett nr han seier «Para todo hay remedio, si no es ara la muerte » - det finst eit middel mot alt unntatt døden» …

dQ ser ein riddar, som seier at han er «caballero de la Blanca Luna», riddaren av den kvite måne – han seier at dama hans er vakrare enn Dulcinea. Så blir det ordstrid mellom dei to, før denne riddaren slår dQ i duell. Vår helt lyt dra tilbake til landsbyen, og dei er i dårleg forfatning, både riddar, væpnar og ridedyr.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vi får i II.65 vite at «la Blanca Luna», riddaren av den kvite månen, var vår gamle venn artianaren, el bachiller - «baccalaureus», seier W, Samson Carrasco.

Ricote seier «en España, ya limpia» («i det Spania som nå er reint») – altså utan «vantrue» av noko slag. Den Bernandino de Velasco som han nemner, hadde fått i oppdrag å stå i spissen for fullføringa av utdrivinga av moriscos frå Castilla, La Mancha og Extremadura, mellom 1609 og 1613; i 1614 var han sjef for utdrivinga frå Ricote-dalen.

I II.66 dreg dQ og SP frå Barcelona; ikkje dårleg å samanlikne nederlaget med kampane om Troja: «¡Aquí fue Troya!» (dette er ein allusjon til Aeneiden). Vår helt har gått frå tapper vandrande riddar til vandrande væpnar til fots, og det passar med eit sitat frå Rolandskvadet. LAM har ein del fotnotar her, om fleire sitat og allusjonar, men eg trur ikkje at dei har så stor relevans for det nivået vi - om eg kan bruke det ordet - er på akkurat nå.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

SolBookiacVibekeSigrid NygaardTone Maria JonassenLailamgeDolly DuckKetilDemeterEvaJulie StensethTove Obrestad WøienedgeofawordKirsten LundAnn ChristinmarithcBerit RHilde H HelsethTone HTor Arne DahlHarald KRune U. FurbergalpakkaHanne Kvernmo RyeTatiana WesserlingTine SundalPer LundTonjeTore HalsaTorill RevheimGunillaLena Risvik PaulsenJan-Olav SelforsTone SundlandEli HagelundGrete AastorpAnniken RøilIreneleserInger-Lise