I dette fyrste innlegget mitt vil eg konsentrere meg om sidene før II.1 begynner (eg har, for å spare tid og plass, gått over til å nemne kapitla på same måten som Luis Andrés Murillo (heretter LAM), redaktøren av den spanske utgåva mi av Don Quijote, gjer: romartal for bindet og arabisk tal for kapitlet). Eg held meg her til denne spanske utgåva, for i den norske utgåva til Grønvold og Kjær (G&K) står berre «Tilegnelse» og «Fortale til læseren». LAM har teke med langt fleire tekster, men fyrst skal eg leggje fram dei mest relevante punkta i innleiinga til LAM:

Introducción Bind I var delt inn i tre hovuddelar. Cervantes har ikkje delt bind II inn på tilsvarande måte, men kritikarane bruker å seie at dei 74 kapitla kan delast inn i slik (i etappar eller fasar):

  • I: kap. 1-30: hendingane i Montesinos hole og om biletet til meister Pedro
  • II: kap. 30-58: det lange opphaldet til don Quijote og Sancho Panza på slottet til dei to hertugane
  • III: kap. 59 og ut boka: ei uventa hending og andres oppfatning av det som Cervantes har fortalt til no

Cervantes begynte å skrive bind II i 1609. Bind I hadde vorte enormt populært både i Spania og i koloniane rett etter utgivinga i 1605, forfattaren vart feira – og lova oppfølging. Han vart ferdig med bind II på nyåret i 1615; i mellomtida hadde det dukka opp eit falskt framhald, «el falso Quijote». Prologen skreiv han våren 1615, ved dei tider han vart 67 år. I april begynte helsa å skrante; anten var det levera eller diabetes som var årsaka til at han døydde fredag 22. april 1616 i Madrid, seier han faktisk, enda det var den 23., for 23. april er verdas bokdag fordi Cervantes døydde den dagen. Uansett: Gravstøtta har ingen funne.

Så var det tekstene før II.1:

Fyrst kjem ein TASA, ei slags prisfastsetjing, forfatta av Hernando de Vallejo, som var escribano (skrivar, dommarfullmektig eller notar) i kongens råd, og han seier kor mange maravedís (ei gammal spansk mynteining) boka var verd. Ingen rettleiiande prisar der i garden (eller hoffet), ingen bokskred og ingen rabatt ved kjøp direkte frå forlaget, altså.

Deretter møter vi FEE DE ERRATAS av El licenciado Francisco Murcia de la LLajan som meiner at boka er i orden, før vi får tre tekster som alle heiter «Aprobación», «Godkjenning», skrivne av reelle personar:

  • Doctor Gutierre de Cetina seier i sin Aprobación at boka ikkje inneheld noko som er i strid med verken trua eller god skikk og bruk («no contiene cosa contra la fe ni buenas costumbres») – og at ho er underhaldande på ein lovformeleg måte og inneheld mykje moralfilosofi. Poenget er at boka kan trykkjast. Cervantes slapp igjennom sensuren, altså.

  • El Maestro Joseph de Valdivielso har òg ein Aprobación; han seier det same – at boka ikkje bryt med den heilage katolske trua og god sed og skikk, Han krydrar godkjenninga med sitat frå klassiske forfattarar og seier at ho er til «honra y lustre de nusetra nación, admiración y invidia de las estrañas»: til heider og ære for nasjonen vår og til beundring og misunning for dei andre.

  • Den siste *Aprobación er lang og er forfatta av El licenciado Márquez Torres, som heller ikkje finn noko å utsetje på romanen, verken teologisk eller moralsk, tvert imot.

  • Ei anna tekst heiter Privilegio og har, så vidt eg skjønner, med trykking, sal og distribusjon å gjere. Under står «Yo el rey» («Eg, kongen») og at ein Pedron de Contreras har skrive teksten på ordre frå kongen.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 9 svar.

Så var det dei tekstene i omsetjingane til norsk som står før det fyrste kapitlet av handlinga:

I den spanske utgåva kjem «Fortale til lesaren» før tileigninga. Altså: Prólogo al lector. Her nemner forfattaren «otro Quijote», altså den utgåva som ein annan person – kalla «Alonso Fernández de Avellanada, natural de la villa de Tordesillas» - hadde skrive. Cervantes vil heve seg over dette og går ikkje inn i polemikk – bortsett frå at han sjølvsagt lyt forklare kva som har ramma han i krigen. Han er einarma, noko som skriv seg frå «la más alta ocasión», nemleg slaget ved Lepanto . Cervantes var soldat, og han er stolt av det. Rivalen har tydelegvis ikkje noko å stille opp med her. Vil Cervantes byggje opp under eige ry? Ja, sikkert, men han har nok grunn til å ta til motmæle: LAM seier at heile fortalen til Avellaneda er eit einaste stort og frekt åtak på Cervantes og forfattarskapen hans.

Cervantes seier at den andre forfattaren «no osa parecer a campo abierto y al ciel claro, encubriendo su nombre, fingienda su patria», dvs. at han ikkje vil stå fram i dagslys med opplysningar om namn og fedreland, og LAM meiner at denne måten å uttrykkje seg på viser at Cervantes kjenner identiteten. Skulle vi møte på denne skurken, skal vi fortelje historia om «un loco» i Sevilla og «otro loco» i Córdoba …

Til slutt ønskjer Cervantes at «el gran conde de Lemos» (sjå nedanfor) og «don Bernardo de Sandoval y Rojas» (erkebiskop av Toledo; Cervantes stod under hans vern), og han fortel oss lesarar at «la pobreza puede anublar a la nobleza, pero no escurecerla del todo» - fattigdommen kan kaste skugge over adelskapen («sjelens adel» skriv G&K; det er nok rett), men ikkje formørke han heilt.

Så trøystar han oss med at Persiles og andre delen av Galatea òg er ferdige.

Då var det Dedicatoria al conde de Lemos: Greven av Lemos, som blir nemnd i fortalen, var don Pedro Fernández Ruiz de Castro (1576-1622), den sjuande greven av Lemos og visekonge av Napoli (1610-1616), som jo var spansk, og han hadde Cervantes tileigna andre verk til tidlegare. Det er litt artig at han seier at don Quijote spente på seg sporane for å dra til greven. Også her skriv han om «otro don Quijote», den andre don Quijote, som nokon annan altså hadde gitt ut bok om.

Og vi kan trygt gå i gang med kap. I.

«Casi un mes sin verle,» står det om barberen og soknepresten; nesten ein månad har det gått utan at dei har sett han, dvs. don Quijote. Det har altså gått berre ein månad sidan han kom heim att etter andre turen, og våren er kommen (jf. II.11 om Corpus Christi-festen, som er i mai). Del I gjekk føre seg om sommaren, men det vart aldri sagt noko om vinteren.

Vår mann kjem seg, meiner folk, og barberen og soknepresten besøker han. Dei finn ut at han kan prate fornuftig om styre og stell. Men så snart dei kjem inn på den tyrkiske flåten (som faktiske var ein reell fare på denne tida og emne for fleire riddarromanar, seier LAM), får don Quijote vind på mølla og meiner at det er dei vandrande riddarane som best kan forsvare fedrelandet. Og sjølv vil han døy som vandrande riddar: «Caballero andante he de morir.»

Barberen fortel historie frå Sevilla om ein galen mann. LAM har ingen kommentar til dette innskotet. Men det har don Quijote, som nok viser at draumen om å opprette det vandrande riddarskapet på ny, er intakt. Han nemner helten Amadís og andre – som Lisuarte de Grecia, som er son av Esplandián og barnebarn av Amadís. Verre er vel trua hans på kjemper, som han meiner å ha inngåande kunnskap om, og den klippefaste oppfatninga av at Amadís har eksistert. Stort verre enn dette har han vel aldri vore? Verket Cosmografía av ein Turpín lyt vere ein tittel som Cervantes finn på, men er nok, seier LAM, ein ironisk allusjon til historiene om Karl den stores ekspedisjonar til Spania, som er omtala hos Ariosto.

Dei to verselinjene mot slutten av kapitlet er Cervantes si omsetjing av dei to linjene hos Ariosto som avslutta del I. Meir uklart er passasjen om Sacripante og Roldán, seier LAM, og det kan vi jo halde med han i.

Kap. II, som handlar om kranglinga som Sancho Panza hadde med systerdotter og hushalderska («Ama de Stanás») til don Quijote, startar med «Cuenta la historia», historia fortel, noko som LAM seier er ein formel med lang tradisjon i riddarlitteraturen. Dei to damene gir Sancho Panza skylda for å ha ført don Quijote på galne vegar. Men don Quijote lyt vel her gi uttrykk for eit visst innsyn i forholda, ettersom han er redd for at væpnaren «tocase en puntos que no le estarían a su crédito», altså at han (væpnaren) skulle nemne ting som ikkje ville vere til hans (framleis Sancho Panzas) fordel? Barberen har i alle høve sett at don Quijotes galskap (locura) står mot Sancho Panzas einfald (simplicidad).

Sancho Panza fortel don Quijote kva folk seier om den vandrande riddaren, og dette er ikkje smigrande: grandísimo loco - ein stor tulling - er i deira auge don Quijote, mens Sancho Panza går for å vere no menos mentecato, ikkje mindre tåpeleg. Når det gjeld spørsmålet om å setje don føre namnet, var det slik, seier LAM, at los hidalgos, lågadelsmennene, som stod under riddarane (los caballeros) i rikdom, som klasse hadde ikkje rett til å kalle seg don.

Don Quijote ser omdømmet sitt som uttrykk for bakvasking – og samanliknar seg i staden med Julius Cæsar og andre såkalla store menn, som òg vart offer for slikt.

Heilt på slutten seier Sancho Panza at sonen til Bartolomé Carrasco – Sansón, som vi skal sjå at han heiter – har fortalt at historiene om don Quijote hadde vorte gitt ut i boka El ingenioso Hidalgo don Quijote de la Mancha av ein Cide Hamete Berenjena. LAM opplyser at Sancho Panza her blandar dette namnet saman med Benengeli fordi han tenkjer på at arabarane er glade i berenjenas, auberginar (G&K løyser dette elegant ved å kalle forfattaren for Bengel og la don Quijote seie at han har høyrt at dei fleste arabarar er nokre digre benglar). Og så får vi i neste bolk lese kva Sansón, som har eksamen frå vidaregåande opplæring (bachiller) har å fortelje om denne boka.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Morsom oversettelse fra K & Gs side med Berengeti/Bengel! Worren oversetter ikke, han bruker "berenjena" og forklarer ordet i fotnote. Ettersom "berenjenas fritas" er en av mine yndlingsretter fra Granada, har jeg liksom et forhold til akkurat det spanske ordet, og derfor slo det meg at selve ordet "berenjena" jo faktisk er innlånt i det spanske språket fra arabisk! Ekstra passende at Sancho ikke klarer å holde styr på de "arabiske glosene", altså... Her er spansk wikipedias etymologiske utlegning:

nombre que según la creencia proviene del vocablo persa بادنجان bādinyān, que luego pasó al árabe con una muy ligera variación, باذنجان bādhinyān, y de ahí al español

Altså: ordet berenjena er avledet fra et arabisk ord, men arabisk hadde det igjen fra et persisk (nesten likelydende) ord. Kan det være at Cervantes har vært seg dette bevisst når han la ordet i munnen på Sancho? Altså at det var litt ekstra filologisk humor på gang her? (Mulig tema for doktoravhandling: "Cervantes - en språknerd?")

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Å som jeg liker nerding! Er også glad i stekte auberginer :) Må innrømme at jeg slet meg både gjennom fortalen og det første kapitlet her. Kommentarene deres hjelper mye, de er oppklarende, og det er fint å vite at vi er flere som leser det samme. I kapittel 2 dukket heldigvis SP opp igjen, begge er omtrent like forkvaklede, og jeg gleder meg til de forlater hjemmet igjen :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Om jeg ikke hadde sagt det før, så hadde det vel nerde-faktoren blitt åpenbar nå: jeg har nå sjekket min Medieval Cuisine of the Islamic World og lest om arabernes forhold til auberginen, kjempeinteressant! Som for eksempel (etter en forklaring om hvordan araberne avskydde auberginen helt til de i det niende århundre oppdaget hvordan de kunne fjerne bitterheten ved å salte den før tilberedningen (da kan man kryste ut bitter væske før man steker den):

Now the Arabs could learn to appreciate its flavor, though doctors continued to disapprove: "The doctor makes ignorant fun of me for loving eggplant," wrote the poet Kushãjim, in probably the only racy poem ever written about eggplant, "but I will not give it up. Its flavor is like the saliva generously exchanged by lovers in kissing."

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Og så er det da alltid oppkvikkende med all den gode maten og vinen vi hører om innimellom.SP er veldig opptatt av maten, mens D.Q er veldig opptatt av drømmen om kvinnen og drømmen om forelskelsen....(han har jo fått mange tilbud, men når det kommer til stykket er han vel egentlig ikke så veldig interessert...det er vel helst drømmen og "imagen" som er viktig..og så dette med at veien er målet)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Da var vi klare for den andre delen av Don Quijote :-)

Denne delen startet med fortale til leseren og en dedikasjon til greven av Lemos. Jeg må innrømme at jeg valgte å skumlese disse sidene for jeg syntes ikke de var veldig interessante.

Vi får vite at barberen og presten valgte å holde seg borte fra DQ i nesten en måned for å ikke rippe opp i DQ sine hendelser som ridder, mens de påla husholdersken og niesen til DQ å behandle han godt og gi han beroligende mat for hjertet og hjernen siden de mente at derfra kom alle hans ulykker.

Etter hvert begynte presten og barberen og besøke DQ og snakke med han, men de unnlot å snakke om alt som hadde med ridderskap å gjøre. De oppfattet DQ som normal og med god dømmekraft, men presten kunne tilslutt ikke motstå å teste om DQ var kurert for sin oppfatning om riddere. Presten valgte å føre samtalen inn på krigen ute i verden og etter som denne samtalen skred frem begynte DQ og snakke om riddere og deres virke og beviste dermed at han ikke var kurert fra sin riddergalskap.

Niesen ble fortvilet og sier, Måtte jeg bare miste livet, om det ikke er slik at min onkel ønsker å bli vandrende ridder igjen! Til dette svare DQ, Jeg skal dø som vandrende ridder...

DQ gir presten og barberen et foredrag om ridderskapet. Han blir spurt om kjemper og forteller at kjempen Goliat var syv og en halv alen lang, dvs et sted mellom 4 og 5 meter høy.

Vi skjønner nå at Don Quijote fremdeles ser på seg selv som vandrende ridder og heldigvis for oss. Han kommer nok snart til å reise ut på eventyr igjen :) Tror ikke det skjer i løpet av neste leseøkt, men kanskje om et par uker :)

Ha en fin leseuke.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

I like måte - en fin leseuke til alle sammen! Det var bra med en pause fra DQ, men bra å være i gang igjen også. Merker at jeg er litt spent på hva slags eventyr vi skal ut på nå...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Meget bra Kjell, og nyttig utdyping av starten på bok II.
Ser fram til lesingen i følge med disse to underlige figurene.
Det er ganske utrolige historier de har vært ute for og det blir kanskje litt av hvert framover også.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nå er jeg ferdig med begge bøkene...det har vært en "hard strid".....vel "ferdig" blir man vel aldri med Don Quijote. Det overrasket meg en del all den (aktuelle) visdommen som ligger i verket...og Sancho Panza har virkelig charmert meg...de to hovedpersonen er da ganske symbiotiske.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Jarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieKirsten LundBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethIngunn SOleMorten MüllerTanteMamieHanne Kvernmo RyeLilleviAvaTine SundalHilde AaDaffy EnglundTom-Erik FallaÅsmund ÅdnøyBeathe SolbergPiippokattaElisabeth SveeIreneleserAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNinaHarald KLinda NyrudStein KippersundBjørg Marit TinholtMonica CarlsenTheaEllen E. MartolBård StøreRolf IngemundsenFindusSolveigBertyHilde Merete Gjessing