Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka omtalar 95 års innsats av driftige sanitetskvinner i Herøy. Med sanitetskvinnene i spissen bygde folket i Herøy i 1929 ein sjukeheim med 18 sengeplassar, som fungerte som eit lite lokalsjukehus. Boka handlar også om tuberkulosen som herja bygdene heilt fram til 1950-åra og utviklinga i helsevesenet, med vekt på undersøking og vaksinasjon av born. Har kilder og personregister.
Omtale fra forlaget
I 2003 markerte vi 400-års jubileet for det offentlege helsevesenet i Noreg. Mange kvinner har deltatt i sanitetsforeiningar som har arbeidd for helse og nærmiljø. Men sjeldan ser vi statistikkar og omtale av verdiskapinga og offerviljen som ligg bak verksemda i desse foreiningane.Boka Kvinner selv stod opp og strede omtalar 95 års innsats av sanitetskvinnene i Herøy på Sunnmøre. Men boka er også ei kvinnesoge og ei lita kultursoge - som burde ha interesse også utanfor Herøy. Stikkord i denne samanheng: Tuberkulosen sine herjingar, kommunal desinfektør, situasjonen til jordmora og dei fødande, tenestetausene sine arbeidsvilkår, undersøking og vaksinasjon av skuleborn og spedborn, kommunikasjonar og utviklinga innan helsevesenet.Gjennom 216 sider og kring 140 bilde/illustrasjonar får ein eit gløtt inn i noko av røyndomen til kvardagsslitarane og deira innsats for å bygge landet.I Sunnmørsposten sin omtale av boka heiter det m.a.: Dette er imponerande arbeid. Det er ei bok på 216 sider, godt og medrivande skrive.( ). Berre bildene er verd prisen på denne boka.
Forlag Askeladden
Utgivelsesår 2003
Format Innbundet
ISBN13 9788292055144
EAN 9788292055144
Omtalt sted Møre og Romsdal
Språk Nynorsk
Sider 216
Utgave 1
Lesenivå Voksen
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
I Frøystad krins vart sjukekorga plassert i uthuset ved Frøystad skule. Men i uthuset heldt hønene til lærar Rasmus Fossmark til, og korga vart tilsulka av hønseskit. Hønseskit ville ikkje sanitetskvinnene ha på ei sjukekorg. Dei samla difor inn pengar til ei ny korg.
Når ei jordmor skulle ut i teneste, hadde ho alltid med seg ei veske eller ein koffert med naudsynte instrument. Mange born trudde det var jordmora som kom med babyane i jordmorkofferten sin.