Gjennomsnittlig terningkast: 4.92 av 6, basert på 293 terningkast.
Likte du denne? Vi har bokanbefalinger!
David har mista hukommelsen, og i ei avisannonse med foto blir venner og kjende oppfordra til å skrive brev til han for å hjelpe han med å finne tilbake identiteten sin. Forteljingane handlar om avgjerande val, feilslåtte ambisjonar og lengslar. Innsirkling 2 (2010) er ei fortsetting av historia om David.
David kan ikkje minnast kven han er. Ein annonse i avisa oppmodar nære og kjende til å skrive brev til ham, slik at han kan byrje å hugse. Til saman dannar breva eit flettverk av tekstar der biografien til David, avsendarane, og andre menneske, blir omskrevne og sette på spill.Breva vert forfatta i 2006, men krinsar om fortida. Slik kjem falske von til synes - ungdomsdraumar, kunstnarambisjonar og planar for framtida. Det handlar om korleis det gjekk med ein generasjon nordmenn, om kjønnsroller og statusjakt, identitet og spørsmålet: Kva er eit liv, korleis skipast ei livssoge under påverknad av andre si historie?Dette er den tredje boka til Carl Frode Tiller og kan hende hans fremste. Som alltid er forfattaren ikkje minst god på små flater - det såre mellommenneskelege spelet, samtalen som blir til krangel, det dårlege samvitet som kjem når ein vil godt, men ikkje gjer det.

Einarane trur det er berre deira forteneste at dei har lykkast, og taparane trur det er berre deira feil at dei har mislyktes, seier eg, bryt han berre av, gir meg ikkje, veit at eg dummar meg ut endå meir, men eg gjer det likevel, greier ikkje la vere.

Han er av den typen som rett og slett ikkje kan fatte at nokon kan velje å lese framfor å snakke, og han trur nok at han gjer meg ei teneste kvar bidige gong han forstyrrar meg, han trur eg les fordi eg kjeder meg og ikkje har noko anna å gjere, og så skal han liksom redde meg ved å vere sosial

men eg hugsar at eg sa at eg var glad i deg.Eg hadde aldri sagt det før, og eg hugsar fortsatt kjensla av å stå der og nettopp ha sleppt dei orda ut av munnen. Eg har aldri hatt barn, og eg kjem sikkert aldri til å få barn heller, men om eg skal forsøke meg på å vere poetisk, kan eg seie at å sleppe akkurat dei orda ut av munnen, var omtrent det same som når ei mor slepp barnet sitt ut i verda, og ho står der og håpar at folk tar vel i mot det og behandlar det godt.

Det var eit liv uten jubel og magi, eg overlevde meir enn levde på den tida.

(...) men eg hugsar eg sa at eg var glad i deg. Eg hadde aldri sagt det før, og eg hugsar enno følelsen av å stå der og nettopp ha sleppt dei orda ut av munnen. Eg har aldri hatt barn, og eg kjem sikkert aldri til å få det heller, men om eg skal forsøke meg på å vere poetisk, kan eg seie at å sleppe akkurat dei orda ut av munnen, var omtrent det same som når ei mor slepper barnet sitt ut i verda og ho står der og håpar at folk tar del i mot det og behandlar det godt. Og det gjorde du. "eg er glad i deg, eg òg" sa du, og fordi du mislikte store ord og følelsar, og fordi eg var så glad og rørt akkurat da at eg var redd for å øydelegge alt saman ved å seie noko som du ville oppfatta som pompøst eller patetisk, sa eg ikkje meir på ei lang stund.

Ho tar ut to vinglas eg ikkje har sett før, raudoransje, slanke glas, dameglas, slike som kostar tre hundre kroner stykket og er lagd av eit middelaldrane kvinnfolk med ein øredobb.

Eg løftar det eine augebrynet litt opp på panna, eg prøver å sjå konsentrert ut, stirar ned i boka og er liksom opptatt med å lese, men Eilert tar ikkje signalet denne gongen heller, eg hører korleis han kremtar og renskar halsen, korleis han førebur seg på å seie noko igjen, han er av den typen som rett og slett ikkje kan fatte at nokon kan velje å lese framfor å snakke, og han trur nok at han gjer meg ei teneste kvar bidige gong han forstyrrar meg, han trur eg les fordi eg kjeder meg og ikkje har noko anna å gjere, og så skal han liksom redde meg ved å vere sosial [...]

...og det var stunder der eg sa til meg sjølv at venninnene hennar hadde rett i at ho dyrka si eiga liding, at ho tilbad sjukdommen sin og nytta offerposisjonen han stilte henne i til å bestemme over både meg og andre som stod henne nær.

Eg kjenner at eg er oppglødd, eg kan nesten ikkje hugse siste gongen eg var så oppglødd, og eg kjenner kor godt det er å ha noko som er så viktig å gjere som det dette trass alt er, kor godt det er å kunne vere til og bety noko for nokon, det å få lov å gi av seg sjølv til andre menneske, det er banalt å seie det, men ein veit ikkje kor sant det er før ein har vorte råka av einsemda, mumlar eg for meg sjølv, ein veit ikkje kor avhengig ein faktisk er av andre før ein har kjent på å vere einsam, mumlar eg, og så ler eg litt, ler av kor banalt det er seier er.

Når det ikkje lenger finst nokon som kan dokumentere livet vårt, når det ikkje lenger finst nokon som kan fortelje dei muntre historiene om kor sta eller morgongretne vi er, når vi ikkje lenger har nokon til å le når vi er morosame eller blir sinte når vi er sure, når vi ikkje lenger har nokon til å minne oss på kven vi er, og når vi ikkje lenger har nokon til å oppmuntre oss til å vere den vi kan vere, da går vi i oppløysing og blir borte.

Det å opne seg for og ta imot ny kunnskap var det same som å innrømme eit nederlag for henne, virka det som. Alt det ho ikkje visste eller kunne, såg ho på som ein trussel og som ei påminning om at ho ikkje var god nok, og ikkje som kjelde til eit rikare liv.

Mamma kjente dei fleste som pla vanke der i huset, og ifølge henne var det en patetisk gjeng med middelaldrende menn som ein gong hadde drømt om å bli musikarar, malarar og forfattarar, men som var enda opp som drikkfeldige ungdomsarbeidarar eller vikarlærarar i norsk og musikk, og som sikkert følte seg både yngre og litt mindre mislykka når dei kunne belære tenåringar som deg og Jon og Silje.

Få meg eit kyss sa mamma lågt, og då eg bøygde meg ned og kyssa henna, hørte vi et langt æææsj frå deg oppe på trappa. Eg hører det for meg, David, eg hører og ser det for meg, og det får meg til å tenke på at kjærteikn forplantar seg gjennom generasjonane. Når du ein gong kyssar kona di og er god mot henna, så liker eg å sjå det som eit ekko frå da eg kyssa mamma og var god mot henne, og når du ein gong brer dyna over det som er barna dine og kyssar de forsiktig på kinnet, så liker eg å sjå det som ekko frå dei kjærteikna eg og mamma gav deg den gongen du var liten og skulle legge deg. Det er slik eg håper å leve vidare på denne jorda, gjennom kjærteikna eg gav deg og andre, alt anna som måtte vere igjen av meg, bryr eg meg ikkje om.

Der mor mi og mor di kom ifrå hadde ei husmor krav på anerkjenning når ho heldt det fint i huset, og mykje av sjølvrespekten stod og fall på at ektefelle og naboar og andre viste ei slik anerkjenning. Når mamma hadde vaska, for eksempel, sette ho aldri nalen og bøtta og vaskefilla tilbake i skapet der det skulle stå, ho stilte alltid nalen opp mot vegge i entreen, plasserte bøtta ved sia av og hengte den fuktige vaskefilla over kanten, og der vart det ståande til neste dag, slik at alle som kom innom skulle hugse på å kommentere den friske lukta av grønsåpe eller seie andre ting som anerkjente mamma som eit pliktoppfyllande og hardtarbeidane kvinnfolk.
Vil du være med å påvirke disse tallene? Oppgi fødselsår og kjønn på innstillinger, trill terningkast og markér en tilstand på bøkene dine.
Sjølv om eg er nynorskbrukar, så har eg dessverre berre ein svært liten % nynorske bøker i bokhyllene mine...
Jeg ble inspirert til å lage denne lista da jeg leste Kerstin Ekmans Hendelser ved vann - lite visste jeg at hovedpersonen på et tidspunkt skulle ta veien til min hjemby! Dette fikk meg på tanker om andre bøker som har Namsos som "bi-person".. Lista er temmelig mager ennå, men jeg håper flere kan trå til og hjelpe meg ;)
På tide å legge opp en leseplan for 2012.
Obs, denne listen er mest for min egen del...
Høsten 2010 fikk jeg en liten folder fra bokhandelen libris; "Våre 101 favoritter, stemt frem av bokelskere for bokelskere" Listen inneholder noe for enhver smak og er oppført alfabetisk med romaner fra 1-80, deretter krim. Fordi en liste ikke kan inneholde mer enn 100 bøker, så kom ikke Skumringstimen med Johan Theorin som nr 101 med.
Her er ein oversikt over kva bøker eg har planar om å lesa i løpet av sommaren 2011.
Oppdaget at det å lage liste her var en fin måte å holde oversikten over hvilke bøker jeg har lest. Lister er i grunnen sabla greit... Suksessen fra 2010 fortsetter, her kommer listen for 2011-bøkene
Har etterhvert blitt stadig mer glad i å lese bøker skrevet på nynorsk. Noen ganger fordi nynorsk kan føles nærmere min dialekt (trøndersk) enn bokmål, men aller oftest på grunn av at jeg rett og slett synes nynorsk er et nydelig og rikt skriftspråk. Her er mine favoritter (i tilfeldig rekkefølge)så langt:
Bøker jeg har satt stor pris på av ulike grunner: ble sugd inn i historier, drømte meg bort, reiste langt, kjente verden på kroppen, ble opplyst, gråt, lo, ble skremt, ble rørt, ble et litt bedre menneske og angrer ikke på en eneste side.
Liker å lage lister og spesielt fra A til Å. Noen bokstaver er enkle å velge, andre så alt for mange gode alternativer, men ingen forfattere fikk være med to ganger. Ser jeg mangler noen bokstaver på slutten (Øya kommer ikke med av den grunn), men det betyr bare at jeg har noe å jobbe med...
Skjønnlitteraturen for 2009 - Hamsun-året