Bjørg

Bjørgs bokhyller

Kakediagram over Bjørgs bøker.

Bjørg leser og har lest

"Utrenskning" usortert
"Påskeparaden" usortert
"Bavian" usortert
"The Blindfold" usortert
"Rust" usortert
"The sorrows of an American" usortert
"Hvis jeg blir" usortert
"Jeg forbanner tidens elv" usortert

Se alle leste bøker

Bjørgs favorittbøker

"Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg" usortert
"The Blindfold" usortert
"Kranes konditori" usortert
"Mnem" usortert
"Båten om kvelden" usortert
"Andvake" usortert
"Bildet av Dorian Gray" usortert
"Matilda" usortert

Se alle favorittbøker

Bjørg sa nylig

Eg er også veldig einig.

Eg brukte lang tid på å lese denne korte boka. Sjølv om tekstane er korte, er dei så fulle av liv og historie, at ein må fordøye dei. Du er ei bok eg kjem til å kjøpe. Det var litt vemodig å levere ho tilbake på biblioteket, då tida var ute.

  • godt sagt (2)
  • svar
  • varsle

Eg skjønte at du sette det på spissen, og eg ser absolutt poenget ditt, med at filmen som sådan mister litt av sin eigenart dersom han blir samanlikna med boka. Men det er vel forskjell på kva fokus ein har også - er det eit spørsmål om å vurdere adapsjonen som god eller dårleg, då er boka relevant. Men er det eit spørsmål om det filmtekniske som sådan, er ikkje forhaldet til boka relevant. Og i ei rekke spørsmål er boka irrelevant for filmen. Men likevel er spørsmålet om forhaldet mellom dei to media relevant, i det filmen seier at han er ein adapsjon av boka.

Det beste eksemplet på filmar som lever betre på eiga hand enn saman med boka er vel kanskje "A Clockwork Orange". Eg tenker Kubrick med ei gong. Og eg veit ikkje kva forfattaren av boka bak filmen heiter.

Eg trur ikkje alle bøker er eigna til filmatisering. Eg trur snarare tvert imot at filmbransjen er litt raske med å gjere litterære salssuksessar om til film. Og det er langt frå alltid like vellukka. Eg høyrde nokon (eg hugsar ikkje kven eg siterer) seie at tv-serien er romanen sitt adapsjonsformat, medan filmen er novella sitt format. Dei beste filmatiseringane eg har sett er filmatiseringar som kuttar veldig mykje av boka bort, og legg vekt på eit aspekt. Og kanskje er det slik, at romanen ofte krever eit større format enn filmen.

  • godt sagt (0)
  • svar
  • varsle

Eg har også skrive ei fyldigare omtale om ho her. Eg likte ho ikkje spesielt godt.

  • godt sagt (0)
  • svar
  • varsle

Det første eg tenkte då eg las svaret ditt her, var "Nei, du har misforstått det eg sa". Men så tenkte eg meg litt meir om, og kanskje du har eit poeng.

Det punktet eg tenker at du har misforstått meg på, er at boka har rett, men filmen må prestere. Eg prøvde å seie at eg ser på filmen som ei tolking av boka. Der eg har lese boka først, pregar det meg og måten eg ser filmen på. Viss eg ser filmar basert på bøker eg ikkje har lese, har eg inga forforståing. Men når eg ser filmar basert på bøker eg har lese, kan eg ikkje unngå å samanlikne. Og med det meiner eg ikkje at boka er meir eller mindre "rektig" enn filmen. Eg meiner at filmen er ei tolking av boka, som eg kan vere meir eller mindre einig i.

På den andre sida er det noko i det du seier eg kjenner igjen. For eg samanliknar. Men det gjorde eg også då eg las *Pride and Prejudice" for første gong, etter å ha sett filmen 10 gonger først. Og eg trur ikkje det er mogleg å ikkje la dei inntrykka ein allereide har prege filmsjåinga eller lesinga i slike tilfelle.

  • godt sagt (1)
  • svar
  • varsle

Eg leverte denne boka tilbake til biblioteket etter ca. 80 sider. Det blei for monotont med denne Magda som gjekk heime og sørga og tenkte tilbake på livet.

  • godt sagt (0)
  • svar
  • varsle

Se alle